JULEHEFTER 2013: NORSK NOSTALGI (22.11.13 )
Det er norske klassikarar og det er Håkon Aasnes, trenger de vite meir?
Smørbukk

Smørbukk køyrer i år to historier med liknande tematikk. Både i Aasnes si nye historie og i Farestveit og Sanden si gamle så er Smørbukk og kompisen Trond ute for å selje julehefte for så å rote seg opp i noko heilt anna.
Aasnes gjer det beste ut av det lausare formatet med snakkebobler i ei historie om ein skummel mann og ei mystisk lommebok, medan ein i den eldre historia har ein mykje meir kompakt presentasjon av det eine morosame tablået etter det andre, hjulpe godt fram då av teksten under.
Lett oppsummert så var det vel meir kjøt på beinet i dei eldre historiene men ein trengte sterkare tenner for å slite det laus med.
Ei interessant samanstilling som for min del kjem i Farestveit og Sanden sin favør, utan at eg mistar respekten for Aasnes av den grunn.
Smørbukk
Håkon Aasnes (nytt) Johannes Farestveit og Solveig Muren Sanden (gamalt)
32 Sider
Kroner 49,90
Egmont Kids Media i samarbeid med Norsk Barneblad
Tuss og Troll

Eit armband som fell frå Oskoreia skapar trøbbel i ei lita bygd i historia av Espevold og Aasnes, medan ein i Sanden sin strek får historia om pannekaka som stakk av, guten og presten, guten som ville fri til dotter åt mor i kroken og Kvitebjørn Kong Valemon.
Det slår meg når eg les dei eventyra Solveig Muren Sanden illustrerar at det er eit av dei største feilgrepa i teikneseriehistoria at ein ikkje har samla alle hennar eventyrserier for Tuss og Troll i tjukke bind og sluppe dei ut til den oppveksande slekta. Greit nok at der ikkje er snakkebobler, men det livet og det spelet som er i hennar teikningar…
Hjartesukk!
Tuss og Troll
Gard Espevold og Håkon Aasnes (nytt) , Arthur Mo, Johannes Farestveit og Solveig Muren Sanden (gamalt)
32 Sider
Kroner 49,90
Egmont Kids Media i samarbeid med Norsk Barneblad
91 Stomperud

Stomperud fortset i si oppdaterte form, her er dugelege kvinnelege rekruttar, obersten vert send ut på tur med barnebarnet og diverse anna nytt.
Karakterane er framleis dei same gamle, men ein del friskt blod har kome til og Aasnes har makta ein mjuk overgang slik at Stomperud ikkje lenger opplevast som ut-datert og irrelevant. Gamle karakterar har i tillegg fått ein del nye strengar å spele på, no som dei ikkje er låst i gamle rammer. Mellom anna så er der fleire befal som må finne seg i å verte prygelknabe for «treg-heit» i militærsystemet.
Eg opplever sjølv at Stomperud no litt betre reflekterer det militæret eg avtente førstegongstenesta i for 20 år sidan, heller enn 1950-talets militærteneste. Så for meg er Stomperud blitt eit hefte eg må lese kvart år.
91 Stomperud
Av Håkon Aasnes
Forord av Knut Eide
32 Sider
Kroner 49,90
Egmont Kids Media

JULEHEFTER 2013: DISNEY <- Eldre | Nyere -> FLU I FRI FLYT





Hjartans eing med meldar vedr. Tuss og Troll og opptrykket frå Solveig. I år kan me lesa den fantastisk illustrert klassikaren Kvitebjørn Kong Valemon. Eg seier ikkje meir!
— arild 23. November 2013, 15:32 #