JULEHEFTER 2013: KLASSISK AMERIKANA (26.11.13 )
Gjensyn med gamle favorittar. Nokre av dei aller, aller eldste, faktisk.
Av Knut Robert Knutsen og Trond Sätre
Noko av det mest fascinerande med den norske Julehefte-handelen er at den harde kjerna er ei gruppe hefte med amerikanske sundagsstriper frå seriar som ein ikkje ser noko til elles. Ja visst, dette er veldig flotte seriar, men av ein eller annan grunn så er dei berre «for jul». Omlag som ein før brukte å seie om pinnekjøtet, det åt ein i julebordtida, på julaftan og til nyttår, men elles ikkje.
Påfallande ved desse julehefta er elles at nokre av dei ofte inneheld årgangar som er uhyre vanskeleg å finne gjenopptrykk av, sjølv i USA. Me snakkar jo om seriar som har veldig mange tiår (eller eit heilt hundreår, i eit par av tilfella) med materiale å ta av.
Fiinbeck og Fia

Fiinbeck er i god form i striper frå etterkrigstida, 1946-48. Familien trappar etterkvart ned frå herskapshus til eit mursteinshus i rekke. Denne typen «brownstones» er no ute av rekkevidde for alt anna enn øvre middelklasse, men likevel ei justering av Fiinbeck til dei framstormande middelklasseverdiane i denne perioden.
Utfordringane er dei same, Fiinbeck vil henge med kompisane, Fia er ein sosial strebar og elles er verda full av typar som berre vil ha ting av Fiinbeck. Den sosiale kommentaren og typegalleriet er knivskarpt som vanleg og Georg McManus held oppe den høge standarden på strek og design.
Beste delen her i dette heftet er den sosiale nedjusteringa til Fiinbeck, sjølv om inntrykket vert litt forkludra av at stripene er stokka om litt kronologisk.
Fiinbeck og Fia
Av George McManus
Forord av Jostein Hansen
32 Sider
Kr. 49,90
Egmont Kids Media
Knoll og Tott

Av dei to «Katzenjammer»-stripene, er dette den autentiske, den som starta heilt attende i 1897. Årets hefte inneheld seriar av Harold Knerr frå 1940-43, med ganske mange peik og ablegøyer der alle er like infame og splintete. Som Tuppen poengterer så mange gonger i dette albumet: «De har seg selv å takke».
Mange av gagsa i dette albumet handlar om gjestestjerna «Professor Rusk» ein slags zoolog på jakt etter sjeldne dyr på øya der dei bur.
Masse gøy her, og masse inspirasjon for familiens rampunge.
Knoll og Tott
Av Harold Knerr
Forord av John Berge
32 Sider
Kr. 49,90
Egmont Kids Media
Kapteinens Jul

Nok ein gong har Henrik Rehr teikna om gamle sundagsstriper, basert på Rudolph Dirks-originalar som diverre var for falma til å trykke opp att. Eg har aldri vore så begeistra for Henrik Rehrs strek i dei restaurerte «The Kaptain and the Kids»-stripene, og det irriterer litt at dei ikkje oppgir årstala for originalstripene.
Når det er sagt så er gagsa framleis ganske gode, skjønt utvalet her er tammare, og Kapteinens Jul kan gjerne nyttast som eit supplement viss ein ikkje får nok Knoll og Tott i det andre heftet.
Kapteinens Jul
Av Rudolph Dirks og Henrik Rehr
32 Sider
Kr. 49,90
Schibsted Forlag AS
Blondie

I Blondie har ein no hoppa fram frå 1940-talet til 2005, med nokre veldig bra striper av Dean Young og Denis LeBrun. Framleis veldig bra, sjølv om der er mindre plass (færre ruter) å boltre seg på. Karakterane er oppdaterte og tidsriktige, framleis i eit streit og trygt forstadsmiljø, med koseleg, harmlaus samlivshumor.
Det som vart litt irriterande for meg var at dei no gav ein smakebit (ca halvparten) av sundags-sidene til Blondies vidgjetne 75-årsfeiring der ein fekk mange gjestar frå andre striper i vekene frå 10.juli til 4. September. Juleheftet avsluttar 7. august, utan desse gjestane. (Eg lurar på om ikkje ein god del av dei var i dags-stripene).
Det verkar sannsynleg at ein då har tenkt å kome med resten av 75-årsfeiringa til neste år, eg berre synast det var litt merkeleg at det vart oppdelt på den måten. Det er frustrerande når ein berre får smakebitar av ei god historie og må vente på resten.
Blondie
Av Dean Young og Denis LeBrun
Forord av Anne Fløtaker
32 Sider
Kr. 49,90
Egmont Kids Media
Snøfte Smith

Dette er Snøfte frå 1969. Framleis er denne fjellbygda sterkt forankra i 1930-talet, men enkelte moderne innslag som TV-overvaking av heimebrentapparatet og ein lokal golfklubb, det kan ein koste på seg. Jamnt over gode vitsar om stereotype hønse-stelande og heimebrennande fjellbønder.
Snøfte Smith
Av Fred Lasswell
Forord av Fredrik Wandrup
32 Sider
Kroner 49,90
Egmont Kids Media
Skipper’n

Mens me serieentusiastar venter på at Egmont skal grave fram nokre av E.C. Segars Skipper’n-seriar frå 30-talet, har utgjevarane gått attende til Bud Sagendorf, mannen med dei tusen utropsteikn-og spørsmålsteiknbobler, og den lengst aktive Skipper’n-teiknaren. I kvardagsstripene heldt Sagendorf fram med å teikne Skipper’n som ein humoristisk eventyrserie der hovudpersonen sjølv ofte drog ut på lange reiser. Sundagsstripene hans er derimot ein ganske harmlaus familieserie frå eit forstadsmiljø, og med eit avgrensa persongalleri.
Seriane i årets hefte er frå 1980. Ikkje Sagendorfs beste årgang, men han har ein eigen stil. Mykje rørsle, mimikk og dynamikk i striper som for øvrig bygger seg opp mot ganske keisame poeng. Mykje skrik og lite ull, altså. Men med enkelte lyspunkt.
Skipper’n
Av Bud Sagendorf
Forord av John Berge
32 Sider
Kr. 52,90
Egmont Kids Media

FLU I FRI FLYT <- Eldre | Nyere -> SOLVEIG MUREN SANDEN ER DØD




