SOLVEIG MUREN SANDEN ER DØD (27.11.13 )
Teikneserie-Norge har mista ein av sine verkelege veteranar.

Solveig Muren Sanden døydde den 22. november, i den respektable alderen av 95 år. Sjølv om ho trappa ned på 80-talet, haldt ho fram med å levere materiale til ho hadde nådd ein svært høg alder; den siste nye serien ho hadde på trykk var i Tuss og Troll, var i 2008.

Og det er for julehefta me husker henne. Ho teikna Tuss og Troll kvart år frå 1957 til 1986 og Smørbukk frå 1960 til 1981. Også årets utgåver av Smørbukk og Tuss og Troll inneheld nyopptrykk av teikneseriane hennar.
Muren Sanden vart fødd i bygda Vrådal i Øvre Telemark, der ho budde mesteparten av livet. Mentoren hennar var målaren Louis Moe, som hadde sommarhus i nærleiken av staden der ho vaks opp. Ho studerte ved Statens Kunstakademi og jobba etterpå mest med illustrasjonar. Norsk Barneblad følgde henne heile livet; i ein alder av 14 år fekk ho trykt si første teikning i bladet. Seinare illustrerte ho mange historier for Norsk Barneblad og bøker frå Norsk Barneblad forlag.
Både Smørbukk og Tuss og Troll vart påverka av landskapet i Telemarksbygdene. Og også lokal folketru påverka arbeidet hennar. Mellom anna var Muren Sanden kjent for sine godslege troll: «Troll er snille» erklærte ho. Passande nok vann ho Trollprisen i 2004 under Eventyrfestivalen i Heidal, for si unike framstilling av norske eventyr.

Underteiknande møtte Solveig Muren Sanden to gonger: Først under Raptusfestivalen 2001, der ho verka skrøpeleg, lågmælt og distansert. Då eg møtte henne igjen under Vossastreken 2006 framsto ho derimot som eit heilt nytt menneske: Livsglad, aktiv, utadvendt, og slett ikkje prega av alderen på same måten som i 2001. Derfor overraska det meg ikkje at ho levde i sju år til.
Serienett lyser fred over hennar minne.

JULEHEFTER 2013: KLASSISK AMERIKANA <- Eldre | Nyere -> JULEHEFTER 2013: VARG VEUM





Klemmane eg fekk av denne engelen dei to gongene eg møtte ho er noko av det gildaste eg fekk oppleve som festivalleiar. Eg byrja faktisk å grine då ho steig av bussen då ho kom til Bergen fyrste gong, i 2001, då eg åleine sto på bussperrongen og tok imot ho. Måtte styre meg for ikkje å lyfte henne opp og bere henne i armane…
I sanning: ei fabel-aktig kvinne. Og det stemmer som redaktøren seier – ho verka meir sprudlande på Voss enn i Bergen fleire år tidlegare.
— arild 29. November 2013, 17:04 #
Solveig hadde noe å slekte på, hennes mor nådde den respektable alder av 105 år…
Et flott intervju med Solveig Muren Sanden er å finne i Vårt Land for 6. august i fjor, over to hele sider, i anledning at Smørbukk den 14. juli kom hjem til Vrådal (Solveigs hjembygd), i bronseutgave.
Muligens var dette av de siste intervjuene hun gjorde…?
— Jostein Hansen 11. December 2013, 15:50 #