Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

JULEHEFTER 2013: NYTT GAMALT NORSK ( 3.12.13 )

Klassisk barnelitteratur i teikneserieform.

Av Knut Robert Knutsen

Med tanke på synergieffekten er det blitt stadig vanlegare å prøve ut nye julehefter basert på kjente og kjære figurar frå andre media. Nokre gonger er desse inspirert av nye versjonar frå film eller tv, andre gonger satsar ein bare på generell gjenkjenningseffekt, og atter andre gonger er figurane bare tilfeldigvis aktuelle på film også. Årets utval av julehefter har eksempel på alle desse.

Flåklypa

Teiknaren Svein Samuelsen hadde mange fans for sin røffe strek som hadde noko særmerkt «Aukrustsk» over seg. Heftet er no teke over av Olav Asland som òg assisterte ved tidlegare album; han tusja i alle høve det siste albumet som Samuelsen berre rakk å lage blyantteikningar til.

Eg vil seie at historieforteljinga og figurane er like velgjort som med Samuelsen, sjølv om den siste finishen ikkje heilt har den spontane energiske «Schwungen» som Samuelsen synast å ha. Både på Haakon Isachsens manus og Olav Aslands teikning er dette heftet vel på høgde med dei tidlegare julehefta.

Der er ei intrige her som har med det å gjere at bøndene i bygda må selje juletre for å betale ned gjeld til både banken og ein landhandel som held på å gå under, medan «Vonde Krefter» har sine eigne planar for bygda.

Reodor Felgen trår til att med sine intrikate oppfinningar som ikkje står attende for Rube Goldberg sine fiks-fakserier, medan Solan og heile resten av persongalleriet i Flåklypa får sitt å bryne seg på.

Samanlikna med det myldrande livet på seriesidene her så verkar unekteleg den nyaste Flåklypa-filmen litt blodfattig, og ein kan vel vere takknemleg for at teikneseriesida har eit «budsjett» som berre er avgrensa av fantasien.

Flåklypa held seg godt.

(les ei utvida anmelding her)

Flåklypa
Av Haakon W. Isachsen og Olav Asland
32 Sider
Kroner 52,90
Egmont Kids Media

Stompa

Eg må innrømme at eg var stor fan av Stompa i min ungdom, og det er vel grunnen til at eg er litt misnøgd med dette heftet. Historia er vel litt tynn, men vel-konstruert. Og eg kan ikkje hevde at eg var van med at Stompa var så veldig litterært og komplisert. Problemet mitt er at når eg ser teikningane så trur eg ikkje på at dette er 1960-talet. Eg trur heller ikkje på at det er 2013. Eg trur ikkje på at det er ein pensjonatskule.

Eg trur ikkje på at dette er Bodø og Bergen og Nøtterø. Eg trur ikkje på karakteren Stompa. Og eg trur i alle fall ikkje på Lektor Tørrdal.

Det kan vere vanskeleg å fange dei individuelle karakteranes trekk og måte å vere på, det kan vere vanskeleg å få miljø og stemning til å fungere heilt. Det er forståeleg. Og teiknaren bør kunne gi sin eigen versjon utan å vere låst til fortida.

Dessverre, sjølv om teikningane er kompetent utført, så er serien for meg veldig preglaus.

Ein kan jo håpe at for lesarar som ikkje er kjend med Stompa frå før, så vil dette ikkje vere eit problem.

(les ei utvida anmelding her)

Stompa lager Jul!
Av Tonje Tornes og Elise Syvertsen
Basert på eit høyrespel av Nils Reinhardt Christensen etter ei historie av Anthony Buckeridge
Forord av Knut Eide
32 Sider
Kroner 59,90
Egmont Kids Media

Mormor og de Åtte Ungene

Når ein skal lage adapsjonar, anten det er på film eller i teikneseriar, av «Mormor og de åtte ungene» så er det vanskeleg å overgå Anne-Cath Vestlys spel i rolla som sin eigen karakter «Mormor». Det vil alltid vere ein gyllen målestokk.

Mormor har dukka opp som teikneserie i eit par år no, og Håkon Aasnes gjorde ein god jobb i fjor.

Illustratøren Hans Jørgen Sandnes har , saman med veteranforfattaren Terje Nordberg, overgått dette og klart å fange noko særeige «Vestlysk» i sin forteljar-måte og teiknestil. For gamle «Mormor» fans vil historia om då fars lastebil vart stolen (og leitinga etter den) vere kjend, og den er teikna her i ein engasjerande og vakker stil.

Dette er verkeleg historier om ei meir uskuldig tid, utan at det framstår som naivt, truskuldig eller dumt. Teikningane er dynamiske som serieruter, og ein har gjort seg like mykje flid med illustrasjonar, fargar og miljø som ein ser i normalt langt meir tidkrevjande barnebøker.

Dette er eit vakkert julehefte som passar veldig godt for dei minste, men som vi som vaks opp med Anne Cath. Vestly òg kan ha glede av.

Anne-Cath Vestlys Jul: Mormor og de Åtte Ungene
Av Terje Nordberg og Hans Jørgen Sandnes, etter ei historie av Anne-Cath. Vestly
32 Sider
Kroner 52,90
Egmont Kids Media

Knerten

Eit ganske julete Knerten-hefte i år frå Dag Kolstad og Henrik Rehr. Tre gode historier og ein del aktivitetar. Rehr teiknar som vanleg særs godt, og Dag Kolstad er i klassisk form i dette heftet, med nokre særs gode plot-vendingar og gags.

Særleg julehistoriane om den hovudlause snømannen og «pakke-tullball» som handlar om dei siste førebuingane til julafta, er verdt å få med seg.

Knerten
Av Dag E. Kolstad og Henrik Rehr
32 Sider
Kroner 52,90
Egmont Kids Media

divider
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)