KULTURKALENDEREN (Oppdatert 24. januar) ( 9.01.14 )
Det skjer i serie-Norge i januar.

Børge Lund opner Lunch-utstillinga ”Sykt Travelt” på Stavangers kulturhus Sølvberget den 11. januar, og held foredrag klokka 15.00. Dette samanfaller med den storstilte opninga av Stavangers nye hovudbibliotek. Utstillinga kjem til å stå ut månaden.
http://www.stavanger-kulturhus.no/SOELVBERGET/Velkommen-til-aapningsfesthttp
Anna Fiske opptrer på hovudbiblioteket i Bergen den 12. januar frå 13.00 til 14.00, og det skal handle om teikneseriefiguren Palle Puddel. Arrangementet er retta mot barn i alderen 3-6 år.
http://bergenbibliotek.no/kalender/palle-puddel
Teiknekveldane til Serieteket på Deichmanske bibliotek er i gong, og dei har to teikneseriekurs i januar: Lær om digital fargelegging av teikneseriar den 20. januar, frå klokka 18.00 til 21.00 (påmelding her). Veka etter, den 27. januar (same klokkeslett) kan du lære å bruke InDesign til å lage dine eigne serieblad eller fanziner (påmelding her). Begge kurs er gratis, men du må ha med eigen laptop.
Ellers startar eit av dei viktigaste internasjonale arrangementa, festivalen i Angouleme, den 30. januar (varer til 2. februar). Viss du har tenkt deg dit og treng landsmenn å diskutere seriar med, har Jippi og No Comprendo eigne stands. Kristian Hellesund vil vere til stades, og Steffen Kverneland ser du også, om du er heldig.
OPPDATERING 24/01/14: Jippi og No Comprendo tilbyr forfriskingar og akevitt ved bordet sitt , kombinert med sjansen til å møte Steffen Kverneland, Sindre Goksøyr, Flu Hartberg, Bendik Kaltenborn, Kristoffer Kjølberg og Lars Fiske klokka 19.00 den 31. januar. Det er ved punkt N54 i Le Nouveau Monde-teltet, for å vere heilt nøyaktig.
https://www.facebook.com/events/214347298768314/?ref_newsfeed_story_type=regular
Serienett tek alltid imot tips.

SPØKELSESDETEKTIVEN <- Eldre | Nyere -> EKSTRASERVICE MED «RUTETID»




