Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

ETTER ÅRSMØTET (16.02.14 )

Sproingprisen blir som før, og festivalar skal støttast aktivt. Dette var nokre av resultatene frå NTF sitt årsmøte.

Av: Trond Sätre

Møtet fann stad ved teikneseriemuseet i Brandbu den 15. februar klokka eitt, og vart leia av Jan Petter Krogh, som også blei attvald som president med 19 mot ei blank stemme (ganske mange av sakene blei vedteke mot ei blank stemme).

Vi skal ikkje gå gjennom møtet punkt for punkt, for eit komplett referat er allereie lagt ut på teikneseriemuseet sine eigne sider. Men her er nokre av dei viktigaste vedtaka som blei gjort når det gjaldt innkomne forslag:

Neste årsmøte skal finne stad i Bergen (på forslag frå Frode Haaland og Øyvind Naterstad), den 12. mars 2015.

Kristian Hellsund fekk ikkje gjennomslag for sine forslag angåande Sproingprisen. Beste norske og beste utanlandske forblir dei to eksisterande kategoriane også i år. Det vert ingen «open klasse»-kategori, og ikkje noko vedtak om at prisen delast ut i samband med OCX. Eit forslag til endring av systemet kring offentleggjeringa av Sproing-nominasjonane, vart også nedstemt.

Medlemsfordelane i NTF vedvarer: Tre årlege utgåver «Bobla» i år, tilbod om gåvebøker og 10 % rabatt på Outland og Tronsmo.

NTF skal delta på både OCX og Raptus, og det skal vidare vere eit mål å delta på alle andre norske teikneseriefestivalar. Seriefest er her nemnt i eit eige punkt.

NTF ønsker også å gjenopprette teikneseriens dag.

divider
  1. Ein korreksjon:

    Det vart ikkje felt ned i vedtektene at prisen SKAL delast ut i samband med OCX kvart einaste år.

    Det vil derimot ikkje seie at prisen ikkje KAN delast ut i samband med OCX, men at det vert avtalt mellom NTF og OCX. Både OCX og NTF må sjå det som formålstenleg at utdelinga finner stad der, det er ikkje noko NTF bør avgjere åleine.

    Såvidt eg skjøner så er det allereie diskusjonar på gang om dette med OCX for i år.

    Det er heller ikkje slik at der ikkje er rom for endringar kring offentleggjeringa av nominasjonen, at forslaget vart nedstemt betyr berre at ein ikkje får nedfelt i vedtektene at det SKAL gjerast på den måten Kristian skisserte ned til den minste detalj.

    Vi har jobba mykje i Sproing-komiteen med å finne gode løysingar for dette, og som ny leiar av Sproing-juryen så kan eg love at vi skal halde fram med å prøve å profilere dei nominerte og prisvinnarane betre.


    Knut Robert Knutsen    16. February 2014, 14:35    #
  2. Eg synes ikkje eg har vore for kategorisk; eg har ikkje meint å antyde at noko vedtak er uforanderleg, eller må oppretthaldast for lenger enn 2014. Men viss det du prøver å seie er at det likevel er ope for moglegheiten at prisen blir delt ut på OCX i år, skal eg endre på ordbruken tilsvarande.


    Trond Sätre    16. February 2014, 14:56    #
  3. Når det gjaldt val av styremedlemer, var dei blanke røystene mine, og basert på ordlyden i dette innlegget føler eg for å presisere at dette har absolutt ingenting å gjera med misnøye med det sitjande styret. Grunnen til at eg røysta blankt her var at dette var e-postrøyster, noko som vil seie at på det tidspunktet eg avgav mine røyster visste eg ikkje om det kom til å vera motkandidatar og kven desse kom til å vera – og eg kunne jo ikkje røyste på noko der eg ikkje kjente alle alternativene.

    Så ei blank røyst på Jan P. Krogh betyr ikkje at ein av røystarane ikkje ville ha Jan P. Krogh som leiar, det har meir å gjera med at dersom Scott McCloud eller Morten Harper eller noko sånt plutseleg skulle dukke opp i Brandbu og ha lyst til å stille som leiar, ville eg ikkje at dei skulle ha mi røyst mot seg.


    Olaf Moriarty Solstrand    20. March 2014, 09:17    #
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)