KULTURKALENDEREN ( 7.04.14 )
Det skjer i serie-Norge denne våren. Revidert og oppdatert.
Denne saken blir lagt ut på ny grunna eit stort antal nye hendingar som er blitt offentleggjort den siste veka.

Tysdag opner utstillinga «Grupper» og Andre Tegneserier av Anna Fiske, i samband med lanseringa av Fiske si nye teikneseriebok. Utstillinga finner stad på Galleri VIS og Serieteket.
Grupper og Andre Tegneserier

Det blir nytt Serietreff førstkommande torsdag, på Loddefjord Bibliotek i Bergen. Her blir det nyheiter og oppdateringar frå Raptusfestivalen, ved festivalsjef Øyvind Naterstad, og årets nominerte til Sproingprisen vert kunngjorde av Frode Haaland. Serieskapar Fredrik Rysjedal kjem for å delta i debatt saman med Naterstad, Haaland og Kristian Hellesund.
Serietreff 26

Skulle du vere i det indre av Sveits så stikk gjerne innom byen Luzern. Ikkje bare er det teikneseriefestival der heile denne veka (t.o.m 13. april), men kunstnargruppa i Dongery har si eiga utstilling på festivalen.
Dongery at Fumetto
Bomuldsfabriken Kunsthall i Arendal har utstilling av originalteikningar frå Steffen Kvernelands Munch. Den varer fram til 20. april
ARTendal
Fram til 30. april har Grafill utstilling av samtlege vinnarbøker i konkurransen “Årets vakreste Bøker 2014”. Av teikneserierelaterte vinnarar finn me Anna Fiske som vinnar av Bokkunstprisen 2014, Ulvehjerte som vinnar av Årets Best Tilrettelagte Bok, og Bendik Kaltenborn som gullvinnar i kategorien Tegneserier:
Årets vakreste bøker i utstilling
Utstillinga finner stad på Grafill R21 og Nasjonalbiblioteket, Oslo.
Serieteket/Tegnekveld

Som nemnt tidlegare denne veka har Serieteket to større prosjekter på gong denne våren:
Kom på Tegnekveld og bidra til ei ny fanzine.
Nytt serieskaparkurs med Sigbjørn Lilleeng startar 28. april.
Same kveld kjem Dongerys Kristoffer Kjølberg for å snakke om fanziner.
Fanzinekveld med Kristoffer Kjølberg

5. og 12. mai arrangerer Tegnekveld henholdsvis splittpennkurs og penselkurs med Tore Strand Olsen. Kursa handlar ganske enkelt om kordan du bruker desse karakteristiske teiknereiskapene. Kursa er gratis og opne for alle.
Splittpennkurs
Penselkurs

2-3. mai inviterer Tegneloftet i Bergen til 24 timars teikneseriedag. Utfordringa er ganske enkelt: Lag ein teikneserie på enten 24 ruter eller 24 sider, på 24 timar. Med moglegheiter for servering.
24 Timers Tegneseriedag
Teikneseriehovudstaden held fram som vanleg, med ny podkast stort sett kvar veke:
Teikneseriehovudstaden
Nokre norske premieredatoar for nye teikneseriefilmar på kino:
Går nå: Captain America: The Winter Soldier
25. april: The Amazing Spider-Man 2
9. mai: Bamse og Tyvenes By
23. mai: X-Men: Days of Future Past

ARGENTINSK FRA LATVIA <- Eldre | Nyere -> VILLE KONTORLANDSKAP I SVEITS




