OVERSETT: KINGS WATCH (14.10.14 )
Gamle heltar vert som nye! Fantomet, Mandrake, Lothar, Lyn Gordon og Professor Zarkov i kamp mot Keisar Ming. Universets framtid er truga!

Kings Watch er ei samling av 5 hefte frå Dynamite Entertainment i USA (som ikkje fekk kalla seg Dynamite Comics, som kunne ha blitt forkorta til «DC»). DE har spesialisert seg på teikneseriehefte og –bøker basert på kjende figurar som gjerne er utan «heim», altså forlag – ofte pulpheltar, avisserier og eldre seriefigurar som no får «nytt liv».
Ein smuglysnad på ein samtale mellom Thomas «Prins Valiant» Yeates, Rodney Ramos (som har ei meining om ALT innan serier, og Mike Collins, som kjenner ALLE innan seriemiljøet) på Raptus i haust avslørte at dei alle tre har sterke meiningar om eigaren av forlaget, som – pent sagt – har eit noko frynsa rykte, spesielt mht. betalingar, avtalar og kontraktar.
Eg fekk f.eks. forklaringa på korleis «John Carter»-serien deira vart kalla «A Princess from Mars», Tarzan vert kalla «Lord of the Jungle» og «Shanna the She-Devil» vert kalla «Jungle Girl». Alt heng saman med kva ein er viljug til å betala for. Men, dette er nerdestoff, me skal sjå nærare på boka!
Kings Watch er soga om korleis tre klassiske actionheltar slær seg saman for å bekjempe ein stor trussel. All tre; Mandrake (og Lothar), Lyn Gordon (og Professor Zarkov) og Fantomet – er eigd av lisensfirmaet King Features, som sel lisensar til land og aviser/forlag som kan trykke seriar eller bruke bilete til marknadsføring. Derfor har norske aviser avtale med Kings norske agent (i Oslo) når dei skal trykke Fantomet-stripa som er laga for USA-marknaden, og Egmont ein annan slags avtale som tillet dei å produsere «skandinaviske» historier mynta på blad og album. (Tarzan er eigd av ERB Inc., på same måte som Conan er eigd av Conan Properties. Det er ganske innfløkt, men altså forklaringa på kvifor nett desse 3 karakterane opptrer i same bok).
Korleis er sjølve boka, då? Faktisk ganske fabelaktig, kort og godt. Eg vart obs på serien ved å lese amerikanske nettsider om serier (Newsrama er ei slik side) og bestilte boka på Amazon istaden for å tinge lause hefte, som eg meir eller mindre er ferdig med. Det tok si tid før boka kom, ettersom alle hefta skulle trykkast og seljast først, men då serien hadde gått runden sin i butikkane i USA (til gode referansar!) kom endeleg boka.

Den er skriven av Jeff Parker, ein velrenommert forfattar med fartstid frå mange serier, bl.a. DC, Marvel og Image. Illustratøren er Marc Laming, som fortel meir om oppdraget her
Laming er kjend som ein dyktig og malerisk illustratør, noko som passa som hand i hanske med dette oppdraget.
Kva får vi så servert? Ein intens historie om store trugsmål mot jorda vår, der desse heltane tek opp kampen mot det som til slutt viser seg å vere ein invasjonsplan frå sjølvaste Ondskapens Fyrste; Keisar Ming av Planeten Mongo.
Så var det hovudpersonane. Fyrst, den som set det heile i gang; Lyn Gordon, eller «Flash» som han heiter heime i USA. Han er jo mest kjend som ein robust friskus, ikkje redd for noko, pilot, idrottsmann og klassisk «All-American Good Guy» av den gamle skulen. Ikkje enkelt å gjere noko med ein slik klisjé i dag, men Parker/Laming får det faktisk til. Her fungerer faktisk Flash som ein slags Captain America, utan kostyme. Og ikkje utan grunn er det den tidlegare serien om Flash Gordon på Dynamite sin store suksess som dermed førte til KW no.
Me møter Flash og hans venn, Dr. Zarkov, der dei utforskar det nære rom i Zarkovs nye romfly. Samstundes er himmelen full av nifse lys og lynglimt, noko som gjer karane sin flytur ekstra interessant. Spesielt for media, der den dyktige journalisten Dale («Gerd» på norsk) Arden er interessert observatør ved Zarkovs observatorium. Stort pluss: Dale er ikkje automatisk «love attraction» slik ho var tidlegare, her står ho godt på eigne bein, og det ser heller ikkje ut til at ho skal automatisk verte «jenta på armen» til Flash. Bra! At Zarkov ser ut til å ha eit meir enn nært tilhøve til spritflaska vert ikkje lagt skjul på, her er vel det brukt som karakterbygging…

Den som bind det heile saman er tryllekunstnaren og showmannen Mandrake, som så absolutt har ei djupare personlegdom enn det me har sett i gamle avisstriper. Her spelar Mandrake så absolutt på fleire «magiske» kort enn det me kjenner frå før, og siste ordet er nok ikkje sagt om desse (skjulte) kreftene hans. Her ser me at han nok har vore ein tydeleg rollemodell for Marvels Dr.Strange. Og mannen kan kle seg; det er ikkje mange som kler flosshatt og kjole/kvitt så bra som den karen…
Mandrake skjønar her at lysglimta og lynelden er teikn på utomjordiske krefter, og knyttar Gordon/Zarkov saman med «sin mann på savannene»; ingen ringare enn Fantomet. Kvifor? Ute på Afrikas savanner finn me det eldgamle stammetotemet King’s Watch, som i uminnelege tider har vore sett på som ein slags nøkkel til andre dimensjonar og stader i universet. Der møter Fantomet og Mandrakes assistent Lothar kvarandre, og tek hand om truslane som oppstår. Fell KW i fiendens hender er alt tapt, sjølsagt…

Fantomet brasar gjennom underskogen på ein kvit hest (som han ikkje kallar Hero) og skyt med skarpt mot monstre frå andre stader i universet. Ubarbert, rå, handlekraftig og kløktig – denne utgåva av Fantomet er eit svært friskt pust! Kven er han? Fantomets løyndom er ei av dei store avsløringane i boka, likesom avslutninga av boka, den sat som eit skot.
Kvar er Mandrakes Narda, og kvar er Fantomets Sala? Begge desse spørsmåla stiller lesaren seg, og får overraskande (og gripande) svar på gjennom denne actionfylte historia. Boka er flott fortalt og fantastisk teikna, og anbefalast på det aller sterkaste.
Sluttmelding: det vert «just nu» fortalt frå USA at Dynamite skal fortsetje denne «samleverda» med gamle, gode heltar. Fantomet får eigen serie, Mandrake likeså, Flash er klar for nye samanstøytar med Ming – og sist, men ikkje minst – ingen ringare enn Prins Valiant blandar seg også inn! Kven skulle trudd det. 4 nye titlar frå #1, der sjølvsagt ein «crossover» seinare ligg i korta.
Kings Watch TPB
160 sider
ISBN-13: 978-1-60690-486-2
Dynamite Entertainment, USA
RED. ANM: Under vignetten OVERSETT anmelder Serienett sine medarbeidarar teikneseriar som ikkje har blitt omsette til norsk, men som vi meiner kan vere av interesse for norske lesarar.

A/S SUPERHELT & CO. <- Eldre | Nyere -> EN LITEN TANKEVEKKER





Du store tid! Kan dette komme på norsk?
— HG 14. October 2014, 21:51 #
Lite sannsynleg, dessverre. Forlaga har nok mer enn nok med å finne ut kva plastfigurar dei skal putte i posane sine.
— arild* 14. October 2014, 22:07 #
Lag plastfigur av Fantomet!
— Thomas Askjellerud 14. October 2014, 22:29 #
Denne blir jeg visst nødt til å ha.
Trodde Mandrake pensjonerte seg i fjor høst men er glad for at dette ikke er tilfellet.
Defenders of the Earth 2 ser ut til å være mer interessant enn originalen.
— Herbert 15. October 2014, 00:12 #
Prøv Bookdepository – det ser ut som om de har rimeligere service. Om da ikke Outland, mot formodning – har tatt denne inn; da skal man støtte sin lokale seriesjappe!
Og Mandrake er virkelig en overraskelse i denne boka (sammen med de andre) – han er ikke bitter eller nedfor, men usedvanlig alvorlig, og med god grunn, viser det seg. Jeff Parker har virkelig fått til denne historien.
— *arild* 15. October 2014, 11:56 #
Kings Watch koster 121 kr fra Book Depository, som vel er det best tilbudet. Fordelen med BD er at shipping er inkludert, så prisen du ser er alt du betaler.
— Trond Sätre 15. October 2014, 13:34 #
Hei, det kom i Fantomet, Arild! Hva sier du nå??
— Thomas Askjellerud 24. November 2015, 16:41 #
Trond, når det gjelder Book Depository og alle andre, det er sluttsummen som gjelder. De jeg har sammenlignet (bøker) kommer like godt ut på Amazon. Det er vel ikke noen som tror BD gir bort portoen? Selvsagt kan det variere, men i det lange løp …
— IpComics 24. November 2015, 19:32 #
Eg ser på kvar enkelt bestilling. Og Kings Watch koster $ 19 på Amazon, ikkje inkludert porto, så den er i alle fall eit eksempel på lågare pris hos BD.
— Trond Sätre 25. November 2015, 09:48 #
Da har jeg bestilt boka. Så da har jeg fire originalblader, svensk og norsk utgave. Og jeg som var skeptisk til å begynne med…
— Thomas Askjellerud 25. November 2015, 19:14 #