JULEHEFTER 2014: MODERNE NORSK ( 2.12.14 )
Dei norske stripeseriane er populære juleheftetitlar! Serienett går gjennom desse, og plusser på med eit svensk gjestespel.
Jingle Hell’s Bells

Pondus trør til med nokre nye striper som er gitt ei side kvar og ein tosidar om julegaveutdeling, elles nokre gamle travarar og fotballnøtter av Arne Scheie. Som vi er vane med.
Rosina i pølsa er eit tosiders tablå med Krüger og Krogh som observerer julestemning i Oslo 1964, og ei tosiders julebordforteljing med Radio Gaga.
Pst: Egmont, gi Flis (Øyvind Sagåsen) eit Radio Gaga julehefte til neste år. Ver litt gem, då .
Dette kjøper vi, men saknar som alltid lengre (og ikkje minst nye) spesialhistorier.
Pondus – Julen 2014
Av Frode Øverli, Bjarte Agdestein og Flis
36 sider
Kr. 55,90
Egmont Publishing
Frode og venner ønsker god jul

Julas twist-pose med gode, korte innslag frå heile gjengen. Mange einrutarar av Øverli, elles Tor Ærlig, Karstein Volle, Kanten, Kampen Park med fleire. Vi veit kva vi får og alle kjem til å like noko i posen.
Rutetid – Julen 2014
Av Frode Øverli og diverse
Kr. 55,90
Egmont Comics Nordic
Ei mørk kjærleik

Mykje Andre Bjerke i årets hefte(ein firesider og ei enkeltside), nokre sider med illustrerte sitat, og nokon striper om å vere trist om vinteren og i jula. Dette er ganerensaren for Nemi-fans når ein merker at alle andre har det veldig gøy og ein trenger ei stadfesting på at det er okay å vere deppa sjølv om det er jul. Ikkje for det, Nemi sjølv elskar som vanleg jula.
Lesast best med «Let it go» frå Frozen på mp3-spelqren.
Nemi – Julen 204
Av Lise Myhre med utvalde tekstar av André Bjerke
36 sider
Kr. 55,90
Egmont Kids Media
Reint julebord

Åtte siders spesialhistorie om den siste desperate gåvejakta, tre siders artikkel om typar av menneske ein treffer på julebord. Elles Lunch på sitt sedvanleg geniale. Spesialhistoria er vel sånn middels for Børge Lund, men god nok til å sparas på for gjentekne lesingar. Denne går i kosebunken.
Lunch julealbum
Av Børge Lund
36 sider
Kr. 55,90
Egmont Publishing
Ein ekte julespesial

Torbjørn Lien leverer ei 32 siders spesialhistorie om Balder som redder jula. Balder vert nådelaust konfrontert med den kontroversielle påstanden om at nissen ikkje eksisterer, og opplever ei eksistensiell krise. Ei ulukke, ei fantastisk hending eller ein draum; uansett så hamnar Balder hos nisse-alvane og det er opp til han å redde jula. Dei andre i kollektivet er med i rammesekvensen ,elles er dette ei rein Balders soge, og ei flott julehistorie.
Eit spanande og vellukka eksperiment av Torbjørn Lien, og ukarakteristisk nok passande for yngre lesarar som elles ikkje er kollektivet si målgruppe.
Alltid kjekt med moralen «det er viktig å drøyme».
Torbjørn Lien’s Kollektivet Julen 2014: Balder Redder Julen
Av Torbjørn Lien
36 sider
Kr. 59,90
Schibsted
Stille natt?

Rocky stikker av frå julehysteriet med å gå på ski i fjellet med ein kompis og overnatte på turisthytte. Interessant og reflektert alternativ jul frå Martin Kellerman. Elles nokre andre sekvensar og ein tekst der Kellerman lister opp årets favorittar.
Anbefalast.
Rocky julealbum
Av Martin Kellerman
36 sider
Kr. 59,90
Bestselgerforlaget i samarbeid med Strand Comics

JULEKVELD I SKOGEN <- Eldre | Nyere -> JULEHEFTER 2014: BARN OG FAMILIE





Noen andre som fikk med seg at samme vitsen var 2 ganger i Rutetid heftet? Og at 2 av de andre vitsene og er i det vanlige rutetid heftet som er i salg… små glipp av Ostad som ellers gjør en god jobb med innhold:-)
— Frode Haaland 3. December 2014, 13:51 #