EIT VITALT UTTRYKK (19.02.15 )
Sakprosa-teineseriar er framleis eit høgaktuelt tema. På Litteraturhuset tirsdag kunne ein mellom anna lære om Minuskel forlag sine erfaringar og framtidige planar for sjangeren.

Tirsdag kveld inviterte Litteraturhuset i Bergen (også staden der Raptus Teikneseriefestival blir arrangert) til ein samtale med tittelen “Oversatt, men ikke oversett” om faglitteratur i teikneseriens form. Til stades var Alexander Leborg og Øyvind Vågnes. Alexander Leborg er omsetjar og forleggjar, og gir ut omsette teikneserieromanar og forteljingar på sitt eige forlag, Minuskel. Øyvind Vågnes er forfattar og gav i 2014 ut boka “Den dokumentariske teikneserien”.

f.v. Øyvind Vågnes og Aexander Leborg
Vågnes la i sitt innlegg vekt på at sakprosa-teikneseriar har eit «veldig vitalt, veldig pågåande uttrykk». Han illustrerte dette med mellom anna ruter frå Joe Saccos “Fotnoter i Gaza”, der ein rutesekvens som koplar fortid med nåtid også er nytta som omslag på Vågnes si bok. Han trakk vidare fram “Kjære Rikard” av Lene Ask, der fonten har ein spesiell posisjon. Ask brukte nemlig faksimiler av originalbreva. Ettersom Centrala har fått rettane til å omsetje boka til engelsk, er det eit relevant spørsmål om korleis ein skal omsetje handskrifta som er gjengitt i teksten. Vågnes meiner ein heller burde bruke font enn å prøve å etterlikne originalskrifta.

Leborg var heilt med på at font er viktig i sakprosa-teikneseriar. Generisk font blir assosiert med action og humor, meinte han. I ein av Minuskel sine tidlege teikneserieutgjevnader, “Glassbyen” (norsk utg. 2007) stilte forfattaren som krav at omsetjinga skulle bruke sju ulike fontar. Leborg haldt fram med å trekk fram kontrasten mellom den visuelt strenge svart/kvitt-inndelinga i “Che: En Tegnet Biografi” og gråtonane i Tardis “Skyttergravskrigen”. Tardi byr elles på store tekstelege, utfordringar: Snakkeboblene er slik sett opp at ein ikkje utan vidare kan utvide dei for å få plass til den norske teksten. Sjølve teksten er for øvrig full av slangbegrep som er så tid-og stadavhengige at sjølv ikkje den mest fyldige fransk-norske ordboka har dei med. Leborg måtte ty til svært avanserte, reine franske ordbøker for å finne dei. Utfordringa held fram i oppfølgaren til Skyttergravskrigen, “Stalag II B”, som er lagt til andre verdskrigen. Etter fjorårets forseinking skal den norske utgåva vere klar i mai.

Ei anna etterlengta teikneseriebok som er planlagt å kome i norsk utgåve, er Scott McClounds Understanding Comics. Også den på Minuskel, og omsett av Alexander Leborg, så naturlegvis nytta han høve til å fortelje litt om prosessen med å omsetje denne klassikaren innan pedagogisk teikneserielitteratur. Eit tilbakevendande omsetjingsproblem i denne boka, rett nok av det meir banale slaget enn i Tardi sine bøker, er at ordet «comic(s)» (som sjølvsagt går igjen) tek mindre plass enn den norske omsetjinga «tegneserie( r )». I ei lita snakkeboble kan dei få ekstra bokstavane by på praktiske problem.
Men Understanding Comics kjem altså på norsk, som ein del av bokhausten 2015 frå Minuskel.

FRISK BRIS FRÅ ITALIA <- Eldre | Nyere -> I EGNE OG ANDRES ØYNE




