Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

FRISK BRIS FRÅ ITALIA (18.02.15 )

Tex Presenterer: Magisk vind, gotisk spaghetti-western med dessert.

Av Knut Robert Knutsen

Eg vaks opp i ei tid då Western ikkje berre var kult, det var tøft. Gutta diskuterte Morgan Kane som unge guttar i dag diskuterer Grand Theft Auto, Assasins Creed og … ja eg skal ikkje late som om eg veit kva alle dei spela heiter.

Og tru det eller ei, den gongen var Tex Willer og Pioner rekna blant dei tøffe spenningsseriane. Så forsvann Tex litt ut i periferien før han byrja å kome attende på nostalgibølgja for nokre år sidan.

Er han like tøff som vi hugsar? Ikkje alltid, men nokon gonger, spesielt under teiknarar som Jose Ortiz. Og så er det slik at Bonelli, som lagar Tex, dei utgir jo så mange andre western-seriar, nokon av dei meir moderne og tøffare enn det Tex er i dag. Vi har jo gått og luska litt i hjørna, ein del av oss western-fansen, og kremta om at kanskje det ikkje var nok med berre Tex.

Så no har dei endeleg kome med skrekk-western(gotisk spaghetti-western?)-serien «Magico Vento». Magisk Vind.

Offisielt heiter dette bladet, eller boka, som vil kome ut 2-3 gonger i året (neste nr. er 8. Juni) «Tex presenterer», men Magisk Vind er hovudserien.

Boka startar med ein aperitiff i form av ei 13-siders Tex Willer novelle – en varm formiddag. Ei morosam karakterstudie som viser at Tex-serien framleis har litt humor.

Deretter kjem den 94-siders hovudhistorien «Fort Ghost» med karakteren Magisk Vind. Magisk Vind er ein kavalerist, etterlatt som daud etter eit togran, funne av ein indiansk medisinmann og opplært i magi. Kledd i indianerklede reiser han rundt med ein sidekick kalt Poe (fordi han liknar på forfattaren Edgar Allan Poe) og kjempar mot skrømt og onde menn. Ein salig blanding der av opphavshistoria til den Einsame Rytter, litt «kvit indianer»/Fantomet-type-historie og litt av konseptet til Dylan Dog, med ein sidekick som ser ut som ein kjend person. Heldigvis er dette element som fungerar saman og gir høve til å fortelje ein spanande historie om korrupsjon og svik i dei nordlege delane av «ville vesten» på slutten av 1800-talet.


(Illustrasjonane er tatt frå dei italienske originalutgåvene)

Gianfranco Manfredi er ein erfaren forfattar med lang fartstid i spelefilm, romanar og teikneserier, gjerne med eit hint av skrekk, og han leverer ei spanande, atmosfærisk opphavshistorie som plasserer serien solid og truverdig i ein noko dyster historisk samanheng samstundes som den vedkjenner seg sine pulp-røtter. Jose Ortiz, som var rekna som ein meister i skrekk-genren sidan sitt arbeid for Warren på 1970-talet, skuffar heller ikkje med sine stemningsfulle og detaljtru teikningar.

Ja, Magisk Vind er ein serie midt i blinken for Tex-fans men det er òg ein veldig god serie som fortener ein kikk frå dei som kanskje ikkje er så begeistra for Tex. Den står definitivt på sine eigne bein som skrekk/spenningsserie.

Den siste serien, som er oppdelt og fortsatt i neste nummer, tek opp dei siste 150 sidene i boka.

Dette er ein serie med Natty Bumpo, alias Falkøye frå «Den Siste Mohikaner» og finn stad ca 20 år etter hendingane i den boka.

James Fenimore Cooper skreiv totalt 5 bøker i det ein kallar «Lærstrømpe» serien. Dei tre første foregikk på 1750-talet, dei 2 siste på 1790-talet og etter århundreskiftet, med Natty som ein gamal mann.

Denne historia, derimot hoppar inn i det uutforska mellomrommet mellom desse, til 1770-talet med den amerikanske revolusjonskrigen i bakgrunnen. Eit interessant val, men dette valet er vel det siste interessante som skjer her. Natty vert hyra inn til å frakte ein religiøs, pasifistisk familie frå villmarka til West Point i New York. Alt er her, den strenge faren, den lett vårkåte dottera og evige konfliktar der dei ikkjevaldelege mennonittane protesterer mot at Falkøye nyttar vald for å beskytte dei. Og så kjem konflikten mellom Raudjakker og amerikanske revolusjonære i tillegg.

Vi har sett plottet i mange spaghetti-westerns før, men mest plassert etter borgarkrigen. Der er meir interessant materiale å finne i Coopers eigne Lærstrømpe-historier og det er kanskje ikkje den mest spanande bruken av karakterane og settingen. Dei tematiske understrømmingane om brytninga mellom sivilisasjon og natur synast heller ikkje å ha blitt særleg godt tatt vare på.

Historia er underhaldande og velteikna, men nyttar nok ikkje ein såpass velkjend og velbrukt figur på ein særleg spanande eller ny måte.

Totalt sett er denne boka verdt å kjøpe for Magisk Vind; Tex-historia er småmorosam, men den siste historia reknar eg berre som grei tidtrøyte.

Tex Presenterer (første bind)
Tex Willer: G. Nolitta og G. Ticci
Magisk Wind: Gianfranco Manfredi og Josè Ortiz
Mohican: Paolo Morales og Roberto Diso
260 Sider
Kr 149,90
Egmont Western

divider
  1. Rent bortsett fra en merkelig bruk av begreper når en serie skal bedømmes er jeg meget enig med Knut her.

    Men erlig talt! Tidtrøyte?? Dersom du kan vise meg en serie/film/TV/Bok osv, som ikke blir brukt for å slå ihjel tiden, så skal jeg ikke si et ord. Fag ikke medregnet.


    IpComics    19. February 2015, 16:13    #
  2. Er det noen som vet salgstiden for denne utgaven? Får de stå lenger i hyllene enn tradisjonelle månedsalbum? I så fall: en god ting!


    *arild*    24. March 2015, 12:39    #
  3. Utgivelsen hadde retur til Bladcentralen i uke 12.


    Kristian Hellesund    24. March 2015, 12:44    #
  4. Litt lenger, Arild, disse bøkene står i 6 uker. Det er dessverre langt fra nok når det gjelder en såpass smal utgivelse. Ikke det at Tex i seg selv ikke er kjent nok, men disse “spesialene” blir lite annonsert. Kanskje får vi se dem på univers.no? Fant nettop Davy og Miki nr. 2 der!


    IpComics    24. March 2015, 21:41    #
  5. Historien om MOHICAN ble avsluttet i bok nummer 2, fikk du med deg den Knut Robert? Kanskje mest riktig å anmelde en episode når den er helt avsluttet, eller følge opp med en ny som omfavner hele verket. Ble f.eks. slutten annerledes enn forespeilet?

    Nå er forresten PIONER nummer 23 ute, med to episoder av Gino D’Antonio og Sergio Tarquinio. Serien er kommet til slutten av 1860-tallet og når på flere måter sitt høydepunkt i episodene 40 til 50.


    Jostein Hansen    26. September 2015, 20:37    #
  6. Jostein, eg har ikkje fått anmeldt så mykje den siste tida, av personlege grunnar. Elles så er eg tildels einig i at det er uheldig å anmelde kun eine delen av ei historie i fleire delar, men så er det slik at viss ein berre har høve til å anmelde ein del så bør det kanskje vere den første, då det kan få folk til å plukke opp eit hefte dei elles ikkje leser.

    Viss ein kun anmelder andre delen, så får folk uansett ikkje tak i første delen (ikkje like lett) så då vert det lett at dei ikkje bryr seg.


    Knut Robert Knutsen    28. September 2015, 19:03    #
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)