KULTURKALENDEREN (oppdatert 2.11) ( 8.09.15 )
Det skjer i serie-Norge denne hausten.
Oppdatering: Eg har tilføyd nokre nye arrangement fortløpande og fjerna informasjon om arrangement som er ferdig gjennomførte.
Teikneseriemuseet på Brandbu har denne sesongen open både laurdagar og søndagar.
**

Superhelt-podcasten Tights på Studentradioen i Bergen har sending kvar måndag og fredag.
**

Det er Tegnekveld på Serieteket kvar måndag kl . 19-21
**

Tegneseriekveld “Comic Night Stavanger” på Sølvberget kulturhus i Stavanger held fram i haust, med treff kvar torsdag klokka 19.00
**
Geir Moen har utstilling på Serieteket med opning og presentasjon 12. september klokka 14.00. Utstillinga står til 14. november.
**
Kristian Krohg-Sørensen, Xueting Yang og Anja Dahle Øverbye har utstilling i Tegnerforbundet, Oslo. Den opner 17. september klokka 18.00.
**

Nasjonalmuseet i Oslo opner ei utstilling om arkitektar si bruk av teikneseriemediet den 9. oktober. Den kjem til vere open heile vinteren.
Informasjon frå Nasjonalmuseet
**

Oulu Comics Festival 5-6. november har også norske gjester, nemlig Dass-teamet Vegard A. Skogmo og John S. Jamtli. Festivalen ligg så langt nord i Finland at ein nordlandsk svarteboksprest nok kan føle seg heime der.
**

Manga/anime-festivalen Animanga, som var ny i fjor, vert arrangert også i år. Programmet er ikkje heilt spikra ennå, men noko med teikneseriar blir det nok plass til. Alt skjer på Arendal bibliotek den 14. november.
**

Seriefest, teikneseriefestivalen for barn, finn stad på Serieteket 20-22. november (den 20. er seminardag for lærarar og bibliotekarar). Hovudgjest er InkaLill, mens Tore Strand Olsen, Inga Sætre og Sigbjørn Lilleeng skal ha kurs.
**

Seriefest blir innleia 19. november klokka 19.00, med ein fest for teikneserie-interesserte, i regi av Cappelen Damm. Den heiter ganske enkelt Tegneseriefest, og skal feire Øyvind Holen og Tore Strand Olsens bok “Tegneserienes historie”. Fyldig program er under utvikling.
**

Überpress er blant utstillarane på Bergen Art Book Fair 19-22. november.
**

Det kjem ikkje så mange teikneseriefilmar på kino denne sesongen, truleg fordi alle vil vente med å sende ut superheltfilmar til Star Wars-hypen har gitt seg. Men den første Knøttene-filmen laga med moderne animasjon er klar i rimeleg tid før jul. Snoopy & Charlie Brown: Knøttene-filmen har norsk premiere 4. desember.
Filmen har også førpremiere på Kinoens Dag 7. november. Sjekk med din lokale kino om filmen vert vist der.
**

Årets varg Veum julehefte har fått tittelen Ung Pike Forsvunnet, og i samband med dette har teamet bak juleheftet (Gunnar Staalesen, Mike Collins og Arild Wærness) lansering saman med 80-tallsbandet Ung Pike Forsvunnet – Både i Bergen og Oslo! UPF har konsert og lanserer i same slengen ny single. Møt opp onsdag 2. desember på Garage viss du er i Bergen, eller 5. desember på John Dee viss du er i Oslo.
**
Serienett tek som vanleg imot tips om arrangement. Denne lista vert oppdatert ved behov.

MER ENN EN SKATTEINNKREVER <- Eldre | Nyere -> FORSIKTIG, MEN OPTIMISTISK START




