Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

FANTASY ÜBER MIDDELS (16.09.15 )

ÜberFantasy har mange gode historiar, men utnytter ikkje genrens fulle potensial.

Av Knut Robert Knutsen

Det Bergens-baserte teikneserieforlaget Überpress har i ein del år no gitt ut ein eller to genreantologiar for året, for det meste pent teikna men med varierande kvalitet på historiane og ikkje alltid så veldig djupt inne i genren. Det er samstundes ein av dei få stadane ein kan sjå relativt nye og talentfulle serieskaparar som jobbar med noko anna enn stripehumor. Dei har òg vist at dei kan forbetre seg frå bind til bind.

Slik sett er desse antologiane alltid spanande og dei har ganske mange dedikerte fans. Inkludert meg. Dette bindet skuffar ikkje på teikningane og har ein del historiar som er verd å få med seg, men samla sett så var Western-og Sci-Fi-binda som kom før meir givande.

Fantasy som genre er kanskje den mest omfattande av dei som Überpress har prøvd seg på, då den på sitt vis kan ta opp i seg alle andre genrer, frå skrekk til sci-fi. Det er difor litt skuffande at bidragsytarane held seg ganske tett opptil sokalla «High Fantasy» istadenfor å utforske Urban Fantasy, Dark Fantasy, Science Fantasy eller andre valørar av denne genren. High Fantasy er den versjonen av genren som ein finner i Ringenes Herre, Game of Thrones, Warhammer og diverse andre fantasy-franchiser, med eit standardgalleri av riddarar, prinsesser, troll, alvar, orkar, drakar og slikt.

Elles er historiane stort sett etter standardformatet med nokre «sluttvriar», nokre «karakterstudier» og «scener» som passar seg for kortformatet. Det er bra utført men ingenting verkeleg uventa.

Cordelia av Johanne Eikå Bergill
Eit vakkert teikna skogseventyr som minna meg litt om Emily Carroll. Ein god konfliktdialog mellom dei to hovudpersonane berer oss igjennom denne smarte og morosame historia, skjønt der var noko informasjon i siste ruta som eg framleis er usikker på om vart halden attende med vilje.


Arv av Katarina Strømsvåg
Eit nydeleg teikna drakeeventyr i klassisk britisk fantasy-illustrasjonsstil, med ein ganske så mørk undertone. Dette er den historia i antologien som etter mi meining har djupast klangbotn og viser best forståing av denne undergenren.


(Uten Tittel) av Erlend Peder Kvam
Har du nokonsinne lurt på kva ein diktator i eit fantasy-univers leser ut av Knausgårds «Min Kamp» bind 3? Kanskje den mest prosaiske og lite fantastiske fantasy-historia eg har lese, men den leverer på premissen på ein OK måte.

Ut på Sur, Aldri Tur av Johann Grimstvedt
Ein småmorosam sketsj i kjend Geir Onimo-stil (sjølv om den figuren ikkje er med), men eigentleg med veldig lite preg av Fantasy som sådan.


Uglekronen av Lars Nygård, Pål Roska og Are Edvardsen
Dette er det næraste vi kjem ein urban fantasy, med ein historie om ein tjuv som flyktar inn i vår verd frå si eiga fantasyverd med ei forheksa uglekrone som han har stole. Underhaldande, med potensiale for kanskje litt meir kulturbryting mellom dei to verdane enn vi ser her, i staden leverer historia på eit stramt plot.

(Tre Hjerter) av Kristoffer Lindseth
Denne veldig, veldig pene historia (Kristoffer Lindseth er klart i sitt ess med denne illustrasjonsstilen og det er vel ikkje lenge før vi mistar han til barnebøkenes verd) er klart inspirert av dataspel, den er morosam, tragisk og full av gode gags. Lindseth er openbart inne på ein stil og eit uttrykk som han bør halde fast ved.

Dei djupe skogane av Ingar K. Birkeland (kreditert på serien som Ingar Krabbestig)
Ei enkeltscene, plotdriven, om mange motstridande fordommar og motivasjonar når forskjellige «raser» møter kvarandre. Dette er ein mørk, malt serie med ei tung intrige. Kanskje ikkje den mest interessante historia, men appellerande nok for Conan-fansen, kanskje. Litt tung på eksposisjon (forklarande dialog).

Biff Tartar av Tor C. Engdahl
Dette er ei pent teikna historie, men for meg gir den berre delvis meining. Eg trur eg får poenget med meg på slutten, men det synast veldig uklart presentert i midten av historia. Kunne trengt å få tydelegare fram kva som eigentleg var «problemet».

Mungo av Marius Hunskår og Bendik Holm.
Dette er ein enkelt gag over to sider. Ikkje eigentleg så mykje å seie der, ein grei gag og ei pen teikning som punchline.

Samla sett så er dei ymse serieskaparane ganske gode, feilskjæra er få, men ambisjonane (og med dei fallhøgda) har òg vore høgare i enkelte tidlegare antologiar. Mest så meiner eg at det ser ut som om ikkje alle bidragsytarane var så entusiastiske i forhold til den utvalde genren, og at dei fleste kanskje var litt for tru mot ein mainstream tolking av genrekonvensjonane.

Dette er som sagt ein genre med mykje meir potensiale enn det denne antologien reflekterer.

Så, middels bra, ikkje avskrekkande for ÜberAntologianes faste lesarar, men veldig lite nytt for Fantasy-entusiastar. Hakket under dei siste to antologiane totalt sett.

ÜberFantasy
Av Are Edvardsen med fleire
84 Sider
Kr 150
Überpress

divider
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)