Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

MEDAN HAN VAR FROSE ( 6.02.16 )

Egmont satsar både på gamle og nye Star Wars-teikneseriar. Dei gamle er representert i bokserien Den Originale Serien

Av: Trond Sätre

Coveret på denne boka er ein tanke villeiande, fordi den gir 70-tallskjensle. Det hadde for så vidt passa dersom bøkene trykka opp dei første albuma. Desse gjekk frå 1978 til 1983, og i tillegg til teikneserieversjonane av dei tre filmane trykka desse albuma historier frå dei tidlegaste årgangane av Marvels Star Wars månadshefte.

I staden inneheld desse bøkene kronologiske opptrykk av det norske Star Wars-heftet som gjekk frå (seint) 1983 til 1987, og som moglegvis fleire lesarar har eit nostalgisk forhold til, inkludert eg.

Då Semic begynte å publisere eit fast utkommande Star Wars hefte (annen kvar månad, for ikkje å gå tomme for historier for fort), begynte dei på historiene som fann stad mellom «Imperiet Slår Tilbake» (1980) og «Jediridderen Vender Tilbake» (1983). Kvifor akkurat då? Truleg, igjen, for ikkje å gå tom for materiale for fort. Truleg også delvis fordi Marvels Star Wars-seriar var kome inn i meir ordna formar på den tida. Dei tidlege åra var prega av litt utydeleg kommunikasjon mellom Marvel og Lucasfilm, og idear som best kan omtalast som eksperimentering og i verste fall som vill gjetting. Dette førte m.a. til Jabba Hutt dukka opp i ei tidleg historie, og han var menneske! Etter «Imperiet » hadde Marvel fått betre oversikt over framdrifta i filmserien.


Nei, Darth Vader forsto aldri. Å vere flåteoffiser i imperiet var i sanning ein risikabel posisjon

Ei ulempe med dette, både i den amerikanske versjonen og den norske, var sjølvsagt at «Imperiet» hadde slutta med ein cliffhanger. Han Solo var tatt til fange, og dei kunne ikkje frigjere han før i neste film. Teikneserieforfattarane var dermed tvunge til å gi Luke & Co anna å gjere i mellomtida. Star Wars-gjengen framstår dermed som tafatte knehøner når dei prioriterer alt anna enn å redde sin gode venn og viktige forbundsfelle. Men det var nå eingong nødvendig for kontinuiteten, og det skal innrømmast at dei ein par gonger reiste rundt og leita etter Han. Sjølv om dette nødvendigvis måtte vere avleiingar, sjølvsagt. Faktisk leiter Chewbacca og Lando etter spor av Han i byrjinga av den første historia i denne boka (skjønt, kven treng spor, eigentleg? Han er hos Jabba Hutt, det visste vel alle, og alle visste kvar Jabba haldt til!)

Den første boka trykker opp Star Wars nr. 1 frå 1983 og nr. 2-4 frå 1984 (bladet hadde kronologisk nummerering dei første to åra). Litt bibliografisk informasjon: Historiene i hefta er henta frå amerikanske Star Wars nr. 51, 52, 55, 49, 56, 57, 58 og 59 (i den rekkefølga), opphavleg utgjeve i 1981 til tidleg 1982.

Forfattar/teiknarteamet er ganske konsistent: Historiene er for det meste skrive av David Michelinie og alltid teikna av Walt Simonson. Michelinie, som også fekk fleire Avengers-og Spider-Manhistorier omsett til norsk, var alltid ein kompetent, men aldri særmerkt forfattar for Marvel. Det viktigaste han gjorde med Star Wars var å introdusere hoojibane, dei telepatiske romkaninane som var vertskap for opprøraralliansen i tida før «Jediridderen» (dei var betre enn ewokane, i alle fall). Han legg elles mykje vekt på humoren, noko som vart vidareført av avløysaren hans, Jo Duffy.


Hoojibane kunne vere nedlatande, men ganske hyggelege når ein vart kjent med dei

Simonson har ein langt reinare og meir realistisk stil strek her enn den stilismen han seinare vart kjent for som teiknar/forfattar av Thor. Den faste tusjaren Tom Palmer kan ha hatt innverknad på dette.

Samla inneheld dei fire opptrykka hefta to historier som går over eit heilt hefte, og fire enkeltståande forteljingar: «Dødsmisjon Tarkin» (nr. 1) er i ettertid først og fremst eit eksempel på at Star Wars-forfattarar resirkulerte «Dødsstjerne-plottet» allereie før «Jerdiridderen», men på den tida må det ha vore ei veldig grei innføring i SW-universet, med ein enkel intrige og mange av dei same elementa som i den første filmen. «Uhyret Fra Arbra» (nr. 2) er verdt å minnast fordi den er litt viktig for kontinuiteten i Star Wars-teikneseriane på den tida, mens dei andre «korthistoriane» er meir forgløymelege. Den mest interessante serien i dette volumet er todelaren «Kampen om Skyenes By» (nr. 3), særleg for svorne Star Wars-fans. Her prøver nemleg Michelinie og Simonson å finne ut kva som skjedde med Lando Calrissians skyby etter «Imperiet», og historia gir utvida roller til Lobot (Landos cyborgtenar, skjønt det er stadig like vanskeleg å ta han alvorleg med eit sånt namn) og ugnautane (ein rase av dvergar som gjorde grovarbeidet i skybyen).


Hevna? Ved å djupfryse nokre tilfeldige soldatar? Det var eit ganske patetisk forsøk på å lette ditt dårlege samvit, Lando…

Den nye boka er elles lekker, og trykket er prikkfritt. Det einaste eg saknar er ein meir detaljert, bibliografisk oversikt. Michelinie, Simonson og Palmer er nemnt i etterordet, men dei kunne kome litt meir inn på kven som gjorde kva på den enkelte historia. Særleg ettersom slik informasjon, på denne tida, mangla i originalblada.

Star Wars: den Originale Serien vol. 1
Skrive av David Michelinie + Mike W. Barr, Louise Jones og Walt Simonson. Teikna av Walt Simonson, tusja av Tom Palmer
Etterord av John Berge
224 sider
Kr. 349

Les også
Episode 4 1/2

divider
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)