Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

KVA ER DUCKROCK? ( 7.02.16 )

I mars lanserer Oslo-gruppa StarratS of UfotofU ei konseptplate om figurar frå Donald-hefta. Serienett har snakka med hjernen bak prosjektet.

Av: Trond Sätre

Albumet har fått det fulle namnet «#DuckRock – a Tribute to Duck Artists anywhere…». Den digitale undergrunns-serieskaparen og tekstforfattaren Les Inkwell står bak konsept og tekstar, og har sjølvsagt levert teikningar til både CD og promotionmateriale.

Inkwell vaks opp i ein heim med rikhaldige bokhyller der alt frå klassikarar via science fiction og fantasy til teikneseriar vart lese i filler. Seriesamlinga han fekk tilgang til, besto av både norske og importerte teikneseriar. – Dette kan vere ein av grunnane til at eg har teikna heilt sidan eg kunne halde ein blyant, meiner Les.

Ein periode seint på 90- talet teikna han for Larson-bladet. – Eg prøvde meg som frilansillustratør og stripeserie- teiknar, men feila episk i forsøket på å livnære meg av dette og tråkka nok ein del innflytelsesrike bransjefolk på tærne med mi «fan om nokon skal fortelje meg kva eg skal teikne»- haldning.


“Krig” av Les, frå nettserier.no

Så i staden skaffa han seg utdanning, og etter kvart ein heilt vanleg dagjobb, men teikna vidare på hobbybasis – noko han har halde fram med, og ikkje angra eit sekund på. Å få full kreativ fridom, men meir langsamt produksjonstempo, kunne han leve godt med. I 2007 oppdaga han nettserier.no, og fann der ein plattform for å dele seriane sine med andre. Mens han var aktivt der, vart det lasta opp rundt 350-400 serier.


“Paradis.no – Attvitja”. Les lagde denne serien til ein nynorsk antologi.

Les spelar instrument, men er likevel ikkje oppført som musikar på albumet. Kanskje det har med val av instrumenter å gjere:

- Dei siste åra har eg vorte veldig glad i å spele toradar, fortel han. – Det er eit fantastisk artig instrument, som ein ikkje kan halde seg nøytral til… enten så vert ein glad av det, eller så vert ein irritert… nesten helt binært!

Også kanskje også litt overraskande: Han er ikkje heilfrelst Donald-lesar. I CD-bookleten hevder han i alle at han ikkje er «ikkje ein sann fan». Det vil seie, han vaks opp med Donaldseriar, som dei fleste av oss:

- Blant seriane i barndommens bokhylle var sjølvsagt praktverk som «Jeg, Donald Duck» med fleire, og eg hadde nok nokre år då eg fylte opp gule samlepermar med Donald Duck & Co- blader, minnest han. – Men, for å bruke eit bilde, var det nok litt som med barnetru. Eg, som så mange andre, vaks opp med Donald, men etter en stund vaks eg også frå Donald. Eg trur dette kan ha å gjere med den generelle tilgangen eg hadde til seriar – det fantes berre så mykje anna som, etter min smak , var både teikna og fortalt betre.

Når så mykje er sagt, understreker Les at han har utruleg mykje respekt for historieforteljinga til enkeltpersonar som t.d. Barks og Rosa. Han føler berre at det for hans del er få Andebyforteljingar som har overlevd tidas tann. For ytterlegare å understreke poenget nytter han ein annan kjent barndomsreferanse for mange:

- Noko av det skumlaste eg kan hugse å ha sett på TV som liten var ein Brødrene Dal-episode der augo til et maleri bevega seg. Då eg såg dette om att som vaksen var det ikkje særskilt skummelt lenger. På same måten blir det for meg med det meste av historiene frå Andeby.

Så respekten for Barks og Rosa er der, men likevel: viss han ikkje reiknar seg som ein fan, kvifor vart han involvert i prosjektet? Attpåtil var det han som introduserte ideen for musikarane.

Tidlegare hadde han samarbeida med trommeslagar og bassist, og skrive tekstar for deira førre band. Dei likte godt å jobbe saman, så då dei skulle starte eit nytt prosjekt, med ei konseptplate, ville dei ha Les med vidare. Han hadde førebudd ei rekke med konsept som han presenterte for dei. Ei av desse var “Duck Rock» som opphavleg berre var ein ide til ein einruter (jamfør Larson). Han tok den med fordi han visste at gitaristen, Dan Are Rui Christiansen, var Donaldfan-og samlar. Til Les’ overrasking likte alle ideen så godt at vi dei valte den framfor alle dei andre.

- Under arbeidet med plata så har nok Christiansens entusiasme smitta over på meg, fortel han vidare, – og dess meir eg arbeida med prosjektet, dess meir dedikert vart eg til å gjere det ordentleg. Det er ein fascinerande subkultur, med uendeleg mange forum, samfunn, wiki-ar, lister, arkiv og oversikter. Og sjølv om eg ikkje har begge beina i den, så kan eg verkeleg skjøne den genuine entusiasmen. Dessutan var det ein særs interessant utfordring både tekstleg og visuelt, og slik konseptet er utforma så var det rom nok for meg til å leike på fleire abstraksjonsnivå, om det gir nokon slags meining.

Blant dei elleve figurane som Les har skrive eigen song til, er det fleire av dei mest kjente, men også nokon som er litt meir obskure, t.d. Ørnulf Ørn, Moby Duck og Skaftetrynet. Utvalet er gjort i samarbeid med Christiansen, og dei hadde mange diskusjonar om utvalet – T.d. om dei skulle halde seg til berre Andeuniverset, eller om dei skulle inkludere Museuniverset også. Attpåtil vart det diskutert om ein skulle rekne DuckTales som «kanon» og ha med Rotor McKvakk. Figurar som Fant og Mikro-Midas vart også vurderte. Ettersom musikken ofte vart til først, var også følelsen til songen med på å avgjere kva figur som passa best. Eit døme på dette er låta om Skaftetrynet, som har eit sterkt islett av sørstatsblues. Skaftetrynet er kanskje mest kjent frå Mikke Mus (som Svarte-Petters assistent) , men Les hadde klåre bileter i hovudet av han på en sumpbåt. Såleis avgjorde han ut at figuren passa til låta – og difor fekk den plass på plata.

Sjølv seier han at dette er det dyraste prosjektet han har vore med på, og eit av dei mest tidkrevjande. Dei brukte vel rundt 8 månader på å skrive låtar. Dei ville gjere seg flid, få alt til å passe inn, og dei måtte være meir eller mindre ferdige med låtane før dei gjekk i studio, spesielt sidan det er veldig kostbart å leige studiotid og lydteknikar for å spele inn plate. Sjølve innspelinga var gjort unna på ei god veke, men så skulle musikken miksas. Mastring tok igjen tid, og kosta endå meir pengar. Så kom ein haug med små utgifter i samband med digital distribusjon, og ganske heftige utgifter i samband med trykk av CD og vinyl.

Bookleten var ein historie for seg sjølv:

- Då eg skulle lage den, viste det seg at filformatet eg var van med å lagre i, ikkje eigna seg for trykk, begynner Les. – Ting måtte vektoriserast, ha særskilte fargekoder, bleeds og den slags. For å sleppe å betale ein designar på trykkeriet til å pusse opp alt til trykkbar stand, måtte eg lære meg meir avansert Photoshop enn eg var van med, finne ut av korleis Illustrator verkar – så det vart mange timar med tutorials på YouTube. Det er ein enkel prosess å spele inn skranglete musikk på eigen data, laste den opp på NRK Urørt, og legge ved ein illustrasjon. Det er ein helt annan prosess når ting skal gjerast så proft som mogeleg. Begge deler har heilt klårt si sjarm, sine fordelar og ulemper!

Les meir om prosjektet her:
HashtagDuckRock

“#DuckRock – a Tribute to Duck Artists anywhere” er i sal frå den 1. mars.

Det er sleppfest for plata den 11. mars på Magneten, Torshov

Les også:
Serie til musikk: DuckRock

divider
  1. Bildene er en fest, og de låtene som ligger ute på hashtaggen lar seg absolutt høre. Skulle gjerne slått kloa i vinylutgaven, om den kommer i netthandel.


    Bodil Revhaug    11. February 2016, 04:20    #
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)