Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

IKKJE SNIPP, SNAPP, SNUTE ENNÅ? (20.06.16 )

Når ÜberPress lager ein antologi med temaet «eventyr» er det strengt tatt på overtid. Temaet begynner å bli tynt for idear.

Trond Sätre

Det er berre å sjå på mengda med populærkulturelle produksjonar som for lengst enten har dekonstruert eventyr eller gitt dei ei postmoderne behandling. Filmen har “Shrek” og Harald Zwarts “Hansel & Gretel”, teateret har “Into The Woods», TV har “Grimm” og “Once Upon a Time”, leiketøysbransjen har «Ever After High», teikneseriane har «Fabler» og vår eigen «Futen». «Dass» føyer seg på mange måtar også inn i denne tradisjonen.

Det er veldig vanskeleg å finne nokon nye vinklingar, og det kan verke som om nokre av bidragsytarane til ÜberEventyr har skjønt dette problemet. I alle fall er det typisk at dei griper problemet på ein av to måtar. Enten ved å gjere historia så enkel som mogeleg, eller tvert imot ved å fylle den med poesi, ordkløveri, surrealisme eller absurd humor.

Blant representantane for den første kategorien finn vi Ellen Bergheim og Hell(p)-teamet Jey Levang og C. Vinter. Bergheim har det reint humoristisk mest vellukka innslaget i heile antologien. Dei sistnemnte har valt ein litt mørkare vri på eventyret om Oskeladden som kappåt med trollet.

Faktisk går Oskeladden som kappåt med trollet igjen i tre av historiene. snevre treng ikkje referanserammene i norske folkeeventyr å vere! Kanskje var antologien også litt uheldig med timinga her, ettersom den nyleg utkomne Dass-boka Dass inneheld ein liknande historie (ikkje noko høgdepunkt i samlinga, den heller). Uansett, Johann Grimstvedt bruker den same historia i «Tripp Trapp Tresko», som rett nok er meir ein pastisj over Espen Oskeladd-klisjear. Diverre er den også ei ubegripeleg og grotesk smørje utan samanheng og meinig, og med svake poeng. Nett-troll som bur under ei bru? Den er for billig.


Tripp, Trapp Tresko

Mens eg er i gong kan eg like gjerne ta for meg det tredje eksemplet, «Eirin Askeline og de tre umulige oppgavene». Denne er forfatta og skrive av redaktør Are Edvardsen, og er ein serie eg har eit litt meir ambivalent inntrykk av. På den eine sida er historia eit kaos av innfall og idear som ofte ikkje heng saman, og dei satiriske poenga er veldig vanskelege å følgje med på (kor vil han med alt dette pratet om «pylser»?). På den andre sida har Edvardsen ein snerten strek, han er ein dyktig ordsmed og ideen med ein kvinneleg Oskeladd som er pliktoppfyllande og arbeidsam utgjer ein artig kontrast til originalen. Måten han bruker kappete-med-trollet-tematikken på, er heller ikkje så dum.


Eirin Askeline

To seriar er ganske direkte attforteljingar av kjente eventyr, berre mørkare. Levang/Vinter er nemnt, mens Tor E. Aasen og Gard R. Helsets «Kjerringa Mot Straumen» er ei attforteljing av originalen, ord for ord, faktisk, men med berre to detaljar i teikningane som endrar på slutten. Det er subtilt, og veldig effektivt. Levang/Vinters variant, “Gutten som kappåt med trollet”, fungerer ikkje på langt nær så bra, fordi endringa er litt meiningslaus («kva om eventyret om Oskeladden som kappåt med trollet skjedde akkurat som i Asbjørnsen & Moe, bortsett frå at Oskeladden var ein vondsinna jævel?»).


Gutten som kappåt med trollet

Ingvild Marie Methis «Skogdans» er ein føreseieleg sak med enkel symbolikk, mens Erlend Hjortland Sandøy bruker collage-stilen sin til å føredra om kroppsideal og eteforstyrringar. Han greier å rettferdiggjere eventyrkonteksten, men framføringa av bodskapen gjer ikkje inntrykk.

Det verkar underforstått at segn, i tillegg til reine folkeeventyr er lov til å bruke, og det hjelper på variasjonen. Resultatet er mellom anna Ingar Krabbestig Birkelands «Bytting». Her kjem det med poesien inn i bildet; historia er fortald på høgtideleg, lyrisk nynorsk. Kopla med dei melodramatiske illustrasjonane er «Bytting» ein historie som er meir stil enn innhald, men den lyriske krafta hjelper på interessa. Lyrisk sterk er også «Møte», ein subtil variasjon over segna om Nøkken. Alexander Slotten teiknar, mens Victoria Lindquist og Sigbjørn Hjelmbrekke kan ta æra for teksten. Den mindre lyriske Jenny Jordahl bruker Huldra i ein liten snutt om kvinneideal kontra realisme. Veldig enkel, faktisk den enklaste historia i antologien, men poenget er veldig godt når ein tenker litt nærmare over det. Tradisjonelt er jo Huldra kanskje vårt fremste kvinneideal, reint kroppsleg.


Bytting

Også innan segnas territorium befinner opningshistoria seg, «Pilt-Ola» av Sondre Haaland Bjelland. Denne historia åleine gjer at antologien scorar høgare på originalitet enn eg kunne har førestilt med på førehand. Her blandas historia om Pilt-Ola (ein verkeleg person på 1800-talet) si ferd over Sibir med legender om den russiske nøkken (vodjanoj). Historia må vere vanskeleg å skjønne for dei uinnvia, men den Hugo Pratt-inspirerte streken til Bjelland gir den ein frisk utsjånad. Å bruke ein illustrasjon frå denne serien på forsida av antologien tyder også på vilje til originalitet.


Pilt-Ola

Eg innser at eventyr er ein vanskeleg sjanger uansett i vår tid, av grunnar eg kom inn på innleiingsvis. «ÜberEventyr» måtte nesten bli ujamn. Heldigvis er her framleis mange ganske originale idear som veger opp for dei føreseielege. Men antologien har fleire gode idear enn den har gode historier.

ÜberEventyr
Av diverse. Redaktør: Are Edvardsen
ISBN 978-82-93254-17-1
84 sider
150 kr.
ÜberPress

divider
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)