Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

SERIEYNSKJE FOR 2009 (10.01.09 )

Serienett held fram med serieynskje for 2009. Her kjem ynskja frå Olaf Moriarty Solstrand.

Av: Olaf Moriarty Solstrand

Det er mykje det går an å ønskje seg frå teikneserienoreg. Her er mi ønskjeliste for 2009, på snedig vis presentert som ei topp-fem-liste i omvendt kronologisk rekkefølgje (litt som på Letterman):

5. Bill Watterson til OCX eller Raptus. Den einaste grunnen til at denne kjem såpass lågt på lista er at dette sannsynlegvis er eit fullstendig urealistisk ønskje. Andre ønskjer: teikneserieguru Scott McCloud, eller kven som helst som er svære innanfor webcomics (Tycho og Gabe, Scott Kurtz … Det er mange å ta av).

4. Fleire teikneseriekurs, over heile landet. Basert på det eg har lest om SPARK, verker det som eit fantastisk tiltak. Men eg sit i Tromsø, og Serieteket er 160 mil unna. Dersom nokon arrangerer noko liknande her oppe, møter eg opp.

3. ”Understanding Comics” på norsk. Scott McClouds Understanding Comics er meir enn ein teikneserie, og det er meir enn ei teoribok om teikneseriar. Det er ei av dei beste bøkene som nokon gong er skrive om teikneseriar. Det er den eine boka alle universitetsoppgåver om teikneseriar har i kjeldelista, og boka er skrive slik at alle kan forstå ho … og sannsynlegvis nyte ho. Førsteutgåva kom i 1993. Boka blei utgitt på dansk i 1994. Når skal norske forlag klare å kaste seg rundt og gi ut denne bibelen på norsk?

2. At norske forlag byrjar å produsere ting for ei litt fattigare målgruppe. Det er fint med prestisje- og luksusutgåver, men når eg kjøper teikneserieromanar kjøper eg dei på engelsk. Eg kunne gjerne tenkja meg å kjøpe dette frå norske forlag, men eg har ikkje moglegheit til å betale tre-fire hundre kroner pr bok. Hadde Egmont og Schibsted byrja å gi ut dei same bøkene i billigformat – paperback, kanskje svart-kvitt – skulle eg med glede kjøpe det hos dei, men når valet står mellom å kjøpe Bone til 549,- kroner pr tre bøker på Univers.no eller å kjøpe samlinga av heile serien med alle ni bøkene på Outland til 400,-, kjøper eg sistnemnte, sjølv om firehundrekronersboka er i svart-kvitt, paperback, har mindre format og noko dårlegare papir. Den dagen Serieverket byrjar å tilby paperbackbøker til 150 kroner stykket, melder eg meg inn i klubben igjen. OK, No Comprendo gjer ein glimrande jobb på dette området, men eg vil veldig gjerne sjå mange fleire titlar på min ende av prisskalaen.

1. Ein grobunn for at norske teikneserieskaparar skal kunne starte med selfpublishing, både trykt og digitalt. Ikkje misforstå meg – eg synest at Egmont og Schibsted gjer ein veldig god jobb, og at mindre forlag som Jippi, No Comprendo og Laksevåg gjer ein på nokre områder enno betre jobb. Men det er ikkje alle seriar som slipp gjennom redaktørfilteret i Egmont og Schibsted, og hos mindre forlag er det ofte tilfelle at ein jobbe tilnærma lik gratis – noko som fungerer heilt greitt på hobbystadiet, men ønskjer ein å verkeleg vie seg til teikneseriane, sjølv på deltid, fungerer det ikkje i lengda. Selfpublishing burde vera eit godt alternativ – det verker iallfall i teorien som om ein burde kunne få meir pengar når ein får færre å dele dei med. Men i praksis verker det ikkje som om den norske marknaden er stor nok. Det finst mange som legg ut seriane sine på nettet, og det finst mange som trykker opp seriane sine i eigne hefter som dei sel gjennom spesialbutikkar og på Raptus, men dei få som tener pengar på dette tener frykteleg lite, gjerne uavhengig av kvaliteten på serien. Eg ønskjer meg eit samfunn der det er realistisk at eit menneske som legger ned nok arbeid i det og som lager gode nok seriar kan leggja ut sin eigen teikneserie på nettet, komplementere dette med å trykke opp serien i paperback ein gong i året og kanskje selje T-skjorter ved sidan av, og få ei såpass høg forteneste frå annonse- og produktsal at dei kan drive med dette på fulltid. Det verker veldig urealistisk at noko sånt skal kunne skje i 2009 … men det går an å håpe, gjer det ikkje?

Olaf Moriarty Solstrand skriv Donald Duck-manus for Egmont. Han er óg mannen bak nettserier.no

divider
  1. Ein skikkeleg samleboks på norsk med “Understanding Comics”, “Reinventing Comics” og “Making Comics” hadde vore fint.

    Elles så er det jo så gale no at ein snart må betale ein 50-lapp for eit vanleg hefte. For litt over 50-lappen kan eg få nyaste Jason bøkene frå England som her berre kjem ut i 200 kroners hardcover. Og i den 50-lappen er det inkludert porto.
    Dei gir jo ut store 200-siders Tex Willer bøker og 300-siders pocketbøker til under 100-lappen, det må kunne gå an å få andre serier på same måten.


    Knut Robert Knutsen    10. January 2009, 08:16    #
  2. Samleboks? Det går an, men eg kunne heller tenkja meg å sjå bøkene utgitt kvar for seg, ettersom dei retter seg mot ulike målgrupper. Reinventing er vel mest for dei av oss som er spesielt interesserte. Boka er kontroversiell og omstridt av ein grunn, mykje av det som står der er ikkje lenger like aktuelt (t.d. heile talen om micropayments som er interessant i teorien, men som no er prøvd ut i praksis og som ikkje eigentleg har fungert så godt), og boka er langt meir subjektiv enn dei to andre. Making Comics vil eg anbefale til alle som lager teikneseriar eller kunne tenkja seg å gjera det … men Understanding Comics anbefaler eg til ALLE. Den er eit must å lese for alle som har ei ørlita interesse for teikneseriar. Men sjølvsagt, ein lekker samleboks hadde ikkje vore å forakte så lenge ein hadde fått kjøpt bøkene enkeltvis. Og hadde ein kombinert ei slik utgiving med å trekke McCloud til Raptus eller OCX, DÅ snakkar vi.


    Olaf Moriarty Solstrand    10. January 2009, 12:42    #
  3. Når det gjelder seriekurs, er det dessverre lokalmiljøet som må trå til. Men om du greier å samle nok folk som er interesserte i et kurs, er det ingenting i veien for å få tak i kursholdere fra et annet sted.

    Det har lenge vært holdt kurs på ulike nivåer i Bergen, arrangert av Raptus/Tegneserieforeningen i Bergen med både lokale og innhentede lærere. En del av disse har vært prosjekter under festivalen (ikke alle har vært like godt besøkt), andre har vært holdt som helgekurs der også tilreisende har vært med.

    Det mest spesielle er vel “Tegneloftet” der ungdom har lært å lage tegneserier ukentlig stort sett hele skoleåret gjennom. Dette har nå vært i drift siden 2004!

    Når det gjelder prissetting, ser det ut til at forlagene nå begynner å bruke prisspennet fra rundt hundrelappen og oppover for en del utgivelser. F.eks. Dragonero og det nye heftet med Spiderman.

    Det er dessverre en del ekstrakostnader med egenpublisering av serier, hovedsaklig trykk og distribusjon.

    Siden vi har for få spesialbutikker for tegneserier til at det går an å basere seg på salg via disse. Da det i tillegg er meget vanskelig å selge hefter via nettet, vil distribusjon av seriene være den største flaskehalsen. Kanskje NTF kunne hjelpe med å ta inn “rubrikkannonser” for slike hefter i “Bobla”?

    For de som på tross av dette vil satse på egne serier vil jeg bare si: Sats på nærmiljøet. Kontakt venner og kjente og tilby gjerne provisjon om de selger for deg. Kontakt lokalavis og bibliotek i nærheten. Er det noen andre med serieinteresse i nærheten, forsøk å samarbeide med dem.

    Reis gjerne på festivaler og ta med det du jobber med, både ferdige og påbegynte serier (sett sidene i plastlommer, og ha gjerne med ekstra kopier). Snakk med erfarne tegnere og lytt til det de sier om seriene dine – og forsøk å gjøre noe med det når du kommer hjem.

    Bruk gjerne “Nettserier.no” til å vise frem seriene dine, dette vil gi bedre resultater enn om du bare her en egen hjemmeside som ingen eller få vil oppdage.


    Frank Flæsland    10. January 2009, 14:31    #
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)