
Serienett gir deg den aller første kikken på omslaget til fjerde boka i Mia Myhr-serien, «Mia Myhr og Søstrene av Skår».
TNT har brukt sitt første år på å understreke bredda i forlaget. Dei ga ut Trond J. Stavås’ humoristiske tolking av Gjest Baardsen, dei ga ut den første boka til Joseph S.S. Ampofo, og fekk eit pressescoop med avsløringa av finansmann Johan H. Andresen som forfattaren av Fritt i samband med lanseringa av den første Fritt-boka i april. Men det verkar uunngåeleg at publikum særleg forbinder dei med fantasy som tidlegare gjekk inn under imprint-omgrepet nordisk manga. Forlaget starta året med finalen av Ragnarok. Edelmot 3, som kom ut i vår, er framleis på bestseljarlistene. Og i august og september er det storinnrykk.
Sara Hjardar hoppa av frå Egmont til TNT i fjor haust, til liks med dei fleste nordisk manga-teiknarane. Ho står bak Mia Myhr, ein tittel som har kome med ny bok kvar haust sida 2022.
Underteikna har lest dei tre første binda i serien, men har ikkje fått noko synopsis av «Søstrene av Skår». Dette er i størst mogleg grad ei «blind» analyse av coveret:
(Klikk for å forstørre)
Nokre spoilerar for vol. 3, «Det råtne vannet» vil følgje.
Med unnatak av det første, som la meir vekt på stemning, er det alltid mykje som skjer på omslaget av ei Mia Myhr-bok, og det meste signaliserer fare. Så også denne gongen.
Øvst ser vi Mia som blir terrorisert av den korrumperte Hanna, jf. cliffhangeren på slutten av førre bok.. I midten ser ei lysande kule med tittelen og dei titulære Søstrene av Skår, som har kvar sin kaoskrystall. Faste lesarar skjøner straks at den eine er bestemora til Mia. Igjen i førre boka fekk vi eit tydeleg hint (sjå forsidebilde) om at bestemora har ei tvillingsyster eller i alle fall ei syster med liten aldersforskjell, så her fell bitane på plass.
Alt tyder på at vi får minst ein viktig bakgrunnshistorie i bind fire.
Omslaget bærer i det heile tatt med seg ganske konkrete lovnader om innhaldet, både i tittel og illustrasjonar.
Midt mellom systrene ser vi konturane av eit slags kråkeslott (ei passande nemning på ein bygning i Ravnareir), kanskje ein del av bakgrunnshistoria. Den generelt dystre kjensla blir ytterlagre forsterka av nedste delen. I en parallell til omslaget på bind 3, der botnen var omkransa av sjømonster og unaturleg fisk, er botnen denne gongen omkransa av skjeletter av det som ser ut til å ha vore sjømonster og andre unaturlege vesen.
Legge elles merke til ein mogeleg symbolikk i heilskapen: Viss du myser på illustrasjonen, kan det sjå ut som den dannar ei glødande hovudskalle.
For første gongen sidan bind 1 er Ekko fråverande frå omslaget på ei Mia Myhr-bok. Faste lesarar skjønner kvifor; etter bind 3 vil eitkvart hint om Ekkos vidare skjebne vere ein for stor spoiler.
Skjønt…i eit verste fall-scenario – Er det mogeleg at vi ser han likevel, nedst?
«Mia Myhr og Søstrene av Skår» kjem i september.







Jeg ville ønske man kunne låne denne bog på bibliotekerne rundt omkring i Danmark