Fantasy-krigen neste?

TNT kjem med det dei har lova, Egmont er ikkje heilt ferdig med fantasy, No Comprendo Press har store planar, og Ominipax prøver seg. Vi ser på bokhausten for teikneseriar.

Forsideillustrasjon av Michelle Hvidsten.
Etter ein ide av Trond Sätre.

Nordisk manga (viss dei framleis kallar det for det) dominerer nyheitslista for hausten 2025, saman med eit dusin nyinnpakkingar av Donald Duck. Men nokre teikn til variasjon er det, ikkje minst grunna storsatsing frå No Comprendo Press og enkelte stikk frå Omnipax og større norske forlag.

August
Nå etter Norway Cup skal Noor Eckhoff vere ute med si andre bok Over Streken. Denne kjem frå Strand, som i midten av august følger opp med Storefri temabok nr 2, Fagforstyrrelsen.  Også frå same forlaget kjem ein interessant sak som Pøbel, ein biografi om gruppa Tungtvann. Denne er laga av John S. Jamtli, som har tatt ein pause frå krigsheltar.

Barneserien Supermegagigasjefen av Kristoffer Kjølberg kjem ut på Egmont, etter eit par månaders forseinking. Annika Linn Verdal Homme, teiknaren av «Bilde av en brennende Tesla» (2023), gir ut si første auteurbok, Lava (Aschehoug) i midten av månaden. Gyldendal kjem med femte bindet av Millas dagbøker – Fra snøfall til meteorregn av Chamblain og Neyret. Frå same forlaget kjem nok ei bok i serien om Hundemannen – Mitt liv som katt av Dav Pilkey. Elin Lindell blei nominert til Urhunden 2024 for årets beste svenske teikneserie. Nå kjem den på norsk med tittelen Verdens verste søster (Omnipax). Andersens Forlag er ferdige med På fire bein, men startar med ei annan polsk teikneserie for små barn, Mika og hyleren av Agata Loth-Ignaciuk og Berenika Kolomycka.

Mette Hellenes kjem med ei ny Kebbelife-bok frå No Comprendo Press, Hvordan vinne venner: Jakten på tusenlappene. Outland er ute med ein litt spesiell spin-off denne månaden, ei One Piece kokebok! Sanjis pirat-kokebok er signert Monkey D. Luffys kjøkkensjef. Outland kjem også med ei vanleg One Piece-bok denne månaden, og annan manga, sjå under «Elles».

Det Norske Samlaget gir ut ei sakprosabok som ser på litterære linjer i Donald Ducks univers, Litteratur i Andeby av Alf Kjetil Walgermo.

Det blir kniving mellom TNT og Egmont om merksemd for nordisk manga dei nærmaste månadane: I august kjem Mørkalven 4 – Drømmen (TNT) av Helen Kaldheim, Supernova av Peder Hornseth Nygaard (TNT), Jasper ødelegger alt (Egmont) av Linn Catherin Hansen, Forbi stjernenes port 2- Velkommen til Mana Maitri (TNT) av Kristensen og Syftestad, og Odin Helgheims oppfølgar til Ragnarok, Drageviking 1 (TNT). I tillegg kjem importert fantasy som Rema 2 – Vannets rike (Fontini) av Amy Kim Kibuishi og Hooky – Alliansen (Bonnier) av Míriam Bonastre Tur.

Elles: One piece 13 – Ikke vær redd! av Eiichiro Oda, Dragon ball super 13 av Akira Toriyama og Toyotarō (begge frå Outland), Billy Kronologisk bok 31, Norsk Donald bok 16: Kunnskapsreisen og Donald Duck & Co – De klassiske årgangene 1985 del I (alle tre frå Egmont).

September

Egmont har ein fantasytittel til i haust, Trollungen av Gert-Olav Stene, men elles er nok TNT mest på hogget, med Dragens øye: Beseiret (finale) av Cha Sandmæl, Mia Myhr og søstrene av Skår av Sara Hjardar, Zoias kjerne: Skyverdenen – bok 1 av Tessa Nelissen, og Arkin – Monsteret av H.L. Phoenix,. Også andre forlag held fram med sine etablerte fantasyseriar: Spøkelsesvenn – Fullmåne av Michell Tolo (Aschehoug) og Krypto – Frysninger av Hans Jørgen Sandnes m/studio (Gyldendal). Og dessutan to bind på ein gong av ein importert fantasy, Portalen vol 1-2 (Fontini) av Daniel Lieske.

Saknar du variasjon? Vel, gled deg, for i september kjem også ein ny teikneserieroman av Knut Nærum og Karstein Volle, Svanger (Cappelen Damm), Kjersti Synneva Moens myldrebok Bløte folk (Aschehoug) og Nulteliv 3 (No Comprendo Press) av Espen Friberg og Fredrik Larsen. Øyvind Torseter held fram med å køyre sitt eige løp, og kjem med ein oppfølgjar til teikneserien som var eit slags gjennombrot for han, Hullet²  (Cappelen Damm).

TegneHanne gir ut ei ny bok på Kagge, moglegvis ein prosa/teikneserie-hybrid, Det går bra. Strand svarar med ei nypublisering av Blod, svette og tress-is i pocketformat. Denne boka laga Hanne om si tid som sjukepleiar. Frå same forlag kjem Pondus 24-7 av Frode Øverli og Lunch (19) – Så tar vi det bare derfra av Børge Lund.  Og apropos striper så har Torbjørn Lien lukkast med å fundraise ei heil Kollektivet-samlebok i år, Hver gang vi rølpes (bind 15, Lienstreker). Den kjem også i september.

Überpress gir ut første bind av oppfølgaren til antologiserien Rakkan, Kibō (les meir her). Forlaget sin faste antologi lever også vidare med Overtrykk 2025, som kjem same månaden. Dessutan kjem det eit nytt Sprint-album Minner om fremtiden (Egmont) av Guerrive, Abitan og Schwartz.

Elles: Silhuett av en stemme 5 av Yoshitoki Oima, Pokémon-eventyrene – Del 5 : Ruby & Sapphire av Hidenori Kusaka og Satoshi Yamamoto (begge frå Outland), Donald Duck & Co – De klassiske årgangene 1985 del II og Norge rundt med Donald: Vikingkonge (begge frå Egmont).

Oktober

Og då er TNT tom for nye bøker tidlegare kjent som nordisk manga, men to trumfkort har dei igjen. Dei gir ut Frida 2 av Frode Øverli, og denne gongen blir det ein rein teikneserie, ikkje ein prosa/teikneserie-hybrid. Noko som også er forklaringa på kvifor det har vore ein påfallande mangel på nye Pondus-striper i bladet Pondus i år. Dei har også tatt over Askeladdene og piken med svovelstikkene av Therese G. Eide. Den er forsinka med eit år, etter at den eigentleg skulle ha kome ut på Egmont i september 2024.

Ein snakkis i haust kan bli Lebensborn (Omnipax) av Isabelle Maroger ein fransk teikneserieroman om Heinrich Himmlers barnefødselsprosjekt. Og ei viss interesse er det sikkert knyta til Flu Hartbergs nye teikneserieroman Oslolovers (No Comprendo Press) om kunststudenten Ove sitt møte med Oslo på 90-talet. Same forlaget prøver for tredje gongen å få ut Anders N. Kvammens reiseskildring Nordkapp–Lindesnes. Den skulle eigentleg vere ute sist haust, deretter i vår. Vidare ventar nok dessutan mange spent på Nora Dåsnes si nye bok, Bare si ja!, (Aschehoug) som blir den tredje om Tuva og Linnéa. Hardråde held fram med bind  2 – Stiklestad (Strand) av Jan Ove Ekeberg og Nils Axle Kanten.

Ove tek aktklassen på alvor i denne sniktitten på Oslolovers av Flu Hartberg.

Eit interessant prosjekt frå same forlag er ei kunstbok om Krüger & Krogh, Kunsten bak serien, som er planlagt å vere ute denne månaden, men her tek forlaget visse førehald.

Marta Breen har skrive ei ny teikneseriebok om feminisme i historisk kontekst, denne gongen ikkje teikna av Jenny Jordahl, men i staden av Sunniva Fluge Hole. Den heiter Født fri (Cappelen Damm), og tek for seg religionane sin innverknad på kvinnerettar.

For barn kjem Lucy klarer alt: Sirkuset (Det Norske Samlaget) av Ida Neverdahl, som rett nok ser ut til å vere ei bildebok. Fontini kjem med niande bindet av ein velprøvd barneserie, Barnevaktklubben – Den nye jenta av Gabriela Epstein. Qlturrebus gir ut åttande bindet av Motstandsbarna, Kjemp eller dø av Vincent Dugomier og Benoît Ers.

I månadsskiftet kjem to Asterix-relaterte album, Idefix – Drama i manesjen! av diverse teiknarar som prøver å vere Albert Uderzo, og Asterix i Lusitania av Fabcaro og Didier Conrad, begge frå Egmont. Litt forvirrande er det at Idefix, som alltid har blitt seld samen med julehefta, kjem utanom den pakka i år, medan det nye Asterix-albumet som vanleg blir tilbydd saman med juleheftepakka.

Dessutan: Disney ikoner bok 2: Donald Duck – Helt episk, Donald Halloweenpocket (begge frå Egmont)

November

Denne månaden er som vanleg dominert av julehefta. Å gå gjennom alle desse vil vere repeterande og føreseieleg, men her følger eit utval av hefte som er verdt å merke seg, enten fordi dei er nye, eller fordi dei markerer eit skifte:

Motstandsnissene av Aleksander Kirkwood Brown og Arild Midthun
Ingeniør Knut Berg Jula 2025 av Øystein Runde (Fonna)
The Urban Legend Julen 2025 (endeleg tittel ikkje fastsett) av Josef Yohannes og Steve Baker (eigenpublikasjon)
Ella ringer julen inn av Regine Toften Holst (Überpress)
91 Stomperud Julen 2025 av Magne Taraldsen og Leif Isaksen
Don Rosas Jul av Don Rosa
Kollektivet Julehefte av Torbjørn Lien (utvida samlehefte)
Kapteinen & Ungene av Rudolph Dirks
Jul med Billy & Vennene av Mort Walker m/studio og Gordon Bess
Fiinbeck og Fia Julen 2025 av George McManus? (antatt tittel, TNT)
Blondie Julen 2025 av ? Young (antatt tittel, TNT)
Hårek Jula 2025 av ? Browne (antatt tittel, TNT)
Zits Julen 2025 av Jerry Scott og Jim Borgman (antatt tittel, TNT)

Alle utgjeve av Egmont der ikkje anna er presisert

Les også: Nye nissar og tapte klassikarar

Dessutan: Billy Kronologisk bok 32, Norsk Donald bok 17: Gøy på landet , Donald Duck & Co – De klassiske årgangene 1985 del III, Norge rundt med Donald: Fjols til fjells og Donald Julepocket (ikkje ein del av juleheftepakka) – Alle frå Egmont. Og Überpress sin andre (nå tredje) antologi, Bergen 24 timers tegneseriemaraton, kjem ut denne månaden etter ein planlagt økt på Blekk i Bergen 11. oktober.

Denne lista omfattar ikkje periodika, herunder Donald Pocket og Donald Fantasy. Med førehald om endringar. Takk til forlaga, samt Norli, Ark og Biblioteksentralen for informasjon.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *