Preacher er kanskje for idealistisk til å passe inn det Amerika vi har fått, trur Garth Ennis. Serienett fekk møte han på Lucca-festivalen tidleg i november.
Fleire av dei internasjonale gjestene på årets festival hadde vore i Lucca, og i alle fall i Italia før, men for Ennis var de første gongen. Han var i Lucca for å opne ei utstilling dedikert til teiknarane sine, men tok seg også tid til å snakke om laust og fast på ein pressekonferanse fredag den 3. november, klokka halv fem om ettermiddagen.
Om Preacher:
Karakteren Jesse Custer og serien har overlevd seg sjølv. Den begynte som ein idealistisk historie, ei amerikansk myte. Med tanke på korleis Amerika har utvikla seg, er den nå meir som ein mytisk western, meiner han. Dessutan er serien veldig 90-tals, og på den tida var verda ein mykje meir underhaldande plass enn den har blitt.
Han var rett nok underlagt ein viss sensur, men ikkje like mykje som t.d. Grant Morrisons The Invisbles på same forlag/imprint (DC/Vertigo). Då Ennis jobba med serien blei han sensurert oftare i bladet sine lesarsider enn i sjølve teikneserien. I sistnemnte tilfellet var nemleg oppfatninga den at han i større grad representerte forlaget.
Om kynisme:
Slik Ennis ser det, aksepterer han berre at det er ei valdeleg verd, og er ærleg om verknadene av vald. Han hadde vore meir idealistisk om han skreiv for barn og unge. Han veks opp i Nord-Irland på den tida då regionen var synonymt med ein ting, og sjølv om nabolaget hans ikkje var påverka av «The Troubles», utvikla deg seg i viss kynisme i han. Ateisten Garth veks opp med inntrykket av at ingen brydde seg nok til å løyse konflikten.
Når så mykje er sagt, er han ofte like skeptisk til folk med «saker» som til myndigheitene dei går imot.
Om superheltsjangeren:
Superheltar representerer kva du enn vil at dei skal representere, reflekterer Garth Ennis. Teikneserieforfattaren er kjent for sine dekonstruksjonar av sjangeren, dekonstruksjonar som har nådd ut til eit større publikum dei siste par åra med strøymesuksessar som The Boys og Gen V. Sjølv om Ennis er kjent for si kritikk av superheltar, følger han ikkje sjangeren så nøye. Men han er oppteke av kva som skal komme inn i staden, dersom superheltseriane mistar posisjonen sin. Ideelt sett burde dei bli erstatta av noko anna, men han ser ikkje teikn til det. Viss nokon kan vise til salstal som seier noko anna, vil han gjerne bli motbevisa, seier han til pressserommet og til bransjen generelt. Kva blir det neste, spør han, og meiner det ikkje retorisk.
Om adapsjonar:
Dette temaet var ikkje til å kome utanom. TV-adapsjonane hans, som også inkluderer «Preacher» (AMC, 2016-2019) er populære, men er det nokon av seriane hans som han ikkje vil sjå adapterte? Kanskje krigshistoriene; han hadde funne det fascinerande å sjå eit forsøk, men er redd for at dei ikkje fungerer, eller mister identiteten viss dei blir adapterte. Night Witches til dømes, eller Dreaming Eagles. Han kunne godt tenkt seg å sjå Hitman bli gjort til live-action, gjerne av James Gunn. Men han har slutta med å vente på telefon. Problemet med Hitman er det same som med Punisher: Våpen.
Om Punisher:
Frank Castle, påpeiker han, er nemleg eit produkt av 70-talets antiheltbølge, og ei personifisering av hevn som kvar forfattar er nøydd til å definere. Ennis si definisjon er basert på uttrykket «Beware the fury of a patient man» (vakt deg for raseriet til ein tolmodig mann), ei naturkatastrofe som hender når trykket blir for stort.
Om nye prosjekt:
Saman med teiknar Steve Epting er Ennis’ snart klar med, «Partisan», ein serie lagt til Ukraina i 1942. Hovudpersonen er ei mor som blir partisan og kjem i klinsj mellom russarar og tyskarar på den ukrainske austfronten. Andre verdskrigen blir også tema i eit nytt teikneseriealbum om RAF. Det blir episk i størrelse, om ikkje i natur, lover han. Endeleg ser det også ut til at han får skrive James Bond-serien han hadde planar om allereie for ti år sidan. Den blir basert på Ian Flemings romanar, der Bond er meir usympatisk, noko som passar Ennis betre. I filmane veit vi alle til korleis skurkane setter Bond i farlege situasjonar for plage, torturere, og ofte helst drepe han. I bøkene får Bond gjere dette mot andre, forklarer den populære manusforfattaren.
Øvst: Garth Ennis (i midten) på pressekonferanse under årets Lucca Comics & Games. Foto av Trond Sätre.