Huset Aukrust er først og fremst eit litt over gjennomsnittet morosamt museum, men har med åra lagt til ekstratilbod. Serienett besøkte Alvdals stoltheit tidleg i sommarsesongen.
I 1988 donerte Kari og Kjell Aukrust 250 teikningar, akvareller og måleri til Alvdal. Dette var utgangspunktet for opninga av Aukrustsenteret i 1996. Hovudbygget er teikna av Sverre Fehn, og er i typisk Fehn-stil eit smalt og avlangt museumsbygg i skifer, furu og naturstein. Plassen har nå skifta namn til Huset Aukrust, men på vegskilta står det framleis «Aukrustsenteret».
I gongane på hovudbygget er det utstilt ei rekke med Aukrust sine originalar, teikningar og måleri, og nokre tredimensjonale gjenstandar; mellom anna ein modell av Il Tempo Gigante (men ikkje den i naturleg størrelse; den står på Caprino Filmsenter på Snarøya).
Flåklypa Tidende sin redaksjon har eige lokale i bygget. Her kan du få eit fotografi av deg sjølv på forsida av avisa med overskrifta «STORFINT BESØK I REDAKSJONEN». I bygget finst det også ein sjokolademaskin som visstnok kan lage spesialtilpassa mjølkesjokolade for berre ein tiar. Ein raskt test visar sjølvsagt at du får ein vanleg liten Freia «Eventyr» mjølkesjokolade uansett kva innstillingar du bruker, men Huset kan i alle fall skryte av å ha Norges morosamste sjokoladeautomat.
Aukrust bestemte at den delen av huset som vendar mot Tronfjell, Alvdals vakraste side, skal kallast framsida, medan den trafikkerte sida der ein finn inngongen skal kallast baksida. Det meste av sidebygg og vindauge er såleis på «framsida». Ute på plassen står eit «maleri» kreditert Solan Gundersen. Ser du rett fram på det, ser du Tronfjell som det er akkurat nå, og motivet heiter derfor «Tron til alle tider».
Teikneseriane sin plass i Huset Aukrust er ikkje så stor. Du får ikkje kjøpte julehefta i gåvebutikken, sjølv om det kan bli ei endring på det nå, når nye samelutgåver er planlagt. Men N’Albert har fått ein heidersplass, som ei erkjenning av kor viktig tida i Mannskapsbladet var for Kjell Aukrusts karriere som teiknar og humorist. Aukrusts einaste skulptur, som førestiller Albert, er utstilt her. Som kjent har Aukrust sin militære teikneseriehelt også gitt namn til prisen for godt journalistarbeid i leiraviser. Som ein kuriositet kan det også nemnast at museet har utstilt ein reproduksjon av ein teikneserie om Stiklestad som Aukrust i sin ungdom teikna på dopapir.
Bygget har vidare ein kafé, og eit auditorium, «Flåklypasalen», med kino kvar dag i høgsesongen juli til medio august (berre i helgene når det er utanom sesongen). Kinoen viser sjølvsagt «Flåklypa Grand Prix», og i tillegg «Solan, Ludvig og Gurin med reverompa», «Jul i Flåklypa» og ein dokumentar om Kjell Aukrust. For tida alternerer dei visst ikkje mellom «Jul» og dei andre Flåklypa-filmane frå Qvisten Animasjon. Det er eit noko pussig val, ikkje berre fordi denne filmen er utanfor sesongen, men også fordi den førebels siste Flåklypa-filmen, «Månelyst i Flåklypa» er så sterkt knyta til Huset Aukrust sitt tilbod.
På ein ås rett over museet finner du nemleg «Flåklypatoppen». Her kan du besøke Reodor Felgen si stue, og for ein ekstrabillett får du åtgang til ei tretrinns rakett, med eit lynkurs i romferd. Under vegleiing av Solan og Ludvig på videoskjerm gjennomgår du ei rekke mindre prøvar, mellom anna ein gravitasjonstest som består i å opphalde seg i ei stue der alt er opp ned. Til slutt har du nådd sjølve cockpiten, og gjennomfører ei lita månereise ved hjelp av ein simulator som er enkel etter temapark-standard, men sikkert litt meir forseggjort etter standardane til eit landsens familiemuseum. Men det er nok heller Flåklypatoppens gjenskaping av Flåklypa-interiør og Felgentech ein let seg forføre av.
Her skal det leggast til at attraksjonen inspirerte filmen, ikkje omvendt. Flåklypatoppen opna i 2014, «Månelyst i Flåklypa» kom i 2018. Dokkene frå Qvisten sine Flåklypa-filmar er for øvrig utstilt på museet, ettersom som dei nå er «pensjonerte». Til slutt blei det nok for tungvint for Qvisten å halde fram med stop-motion-animasjon. Den neste filmen, «Flåklypa jorda rundt på åtte dager», blir digitalanimert.
Forsidebilde: Solan og Ludvig forklarer korleis ein Felgen-patentert generator sørger for at publikumstoaletta lagar straum til Huset Aukrust.
Alle fotografi av Trond Sätre.
Ei korrigering er gjort i teksten etter skribenten blei informert om at Il Tempo Gigante ikkje lenger står i Hunderfossen.