Kvar rute ein plakat

Pepar og Gulrot si verd balanserer til eikvar tid mellom det banale og det brilliante. Visuelt hellar den meir mot det brilliante.

«Pepar & Gulrot – Bok 1» er den første trykte norske utgåva av den populære nettserien «Pepper & Carrot» av franske David Revoy. Pepar er ein ung og godhjarta, men keitete hekselærling og Gulrot er den lojale, men eigenrådige hjelparkatten hennar. Utan at så mykje blir forklart, forstår vi etter kvart, gjennom ein serie med små episodar som har ein viss kontinuitet, at dei bur ei mellomaldersk fantasiverd der ting som heksekunst, fabelvesen og liknande er ganske vanleg.

Dette også Outland Forlags første publikasjon på nynorsk, fordi det allereie fanst ei nynorsk omsetjing på nettet. Denne blir framleis regelmessig oppdatert i forhold til originalen.

Serien følgar «show don’t tell»-prinsippet for å gi oss innsyn i korleis Pepar og Gulrots verd er konstruert.

Eg tek konklusjonen med det same, for eg ser ingen grunn til å prøve å bygge opp spenning rundt den. Denne boka er i høgaste grad anbefalt, av to grunnar, For det første David Revoys maleriske illustrasjonar, som er noko nær perfeksjon. Skjønnheit, djupn, fantasi, stemning, varheit, humor – Dei har alt. Å berre kalle dei «teikningar» gjer dei ikkje rettferd. Her finst det knapt ei einaste rute som ikkje kunne vore reprodusert som ein eigen fantasyplakat.

Å samanlikne ein teikneserie (særleg ein fantasyserie) med Hayao Miyazaki er klisjéprega, men eg ser sentrale likskapar, både i dei spektakulære landskapa, og måten serieskaparen gjerne let bileta tala åleine i periodar.

Pepar prøver å hjelpe eit esel som ønskar det var einhyrning. Men løysinga er kanskje enklare enn ho trur.

Ein kan alltids innvende at illustrasjonane er litt for glatte, for pene, slik ein kan innvende om mange vestlege manga-inspirertë teikneseriar for eit ålment publikum. Men går ein materialet nærmare etter i saumane ser ein at Revoy slett ikkje alltid er så konvensjonell eller dogmatisk i si tilnærming til fantasy-sjangeren. Han har som sagt fantasi, og følgjer den til si logiske konklusjon, også når det bryt med forventingane. I alle fall så lenge han framleis kan halde det familievennleg, då. Til naud kan eg vere med på at Gulrot er i overkant søt, sjølv samanlikna med resten av serien, og at han ser ut som om han blei designa for å selje kosedyr og dekorative hårklemmer á la Hello Kitty.

For det andre, presentasjonen. «Pepar & Gulrot – Bok 1» er eit praktbok, innbunde og i stort format, på over 200 sider til ein overkommeleg pris. Eg kan knapt sjå for meg at den kunne fungert i mindre format med tanke på Revoys strek og fargar. Sjølv innhaldslista er heilt spesiell. Kvart av de 29 kapitla har fått ein detaljert kreditering. Noko som burde vere unødvendig, ettersom David Revoy er både forfattar, teiknar og fargeleggar på alt. Men han insisterer på å kreditere alle betalesarar per kapittel, pluss inspirasjonskjelder. Skal ein tru Revoys nettbutikk er denne norske omnibus-utgåva dessutan ganske unik; dei franske og engelskspråklege bøkene samlar maks elleve kapittel om gongen.

Gulrot er eigentleg ikkje i stand til å bli ein gigant, men det gir meining i konteksten

Berre historieforteljinga er noko å eigentleg kritisere på her. Eller, ikkje så mykje kritisere som å drøfte. Pepar og Gulrot er ein serie som, anten det er bevisst eller berre eit resultat av serieskaparen si modningsprosess, liksom prøvar å lure deg. Til å begynne med fortonar den seg mest som ein typisk gagserie, berre betre teikna og med meir oppbygging. I eit veldig tidleg kapittel, t.d. går Pepar og Gulrot gjennom alle slags utrulege eventyr for å samle ingrediensar til…ein veldig god kaffi. Slike føreseielege subversjonar av fantasysjangeren har boka mange av. Kvar gong Pepar og Gulrot møter på ønskeoppfyllande vesen, kan du vere sikker på at dei spolerer sjansen sin, gjerne av ein latterleg triviell grunn.

På den andre sida er det mykje utvikling å spore. Soga er bygd rundt gags, men er ikkje til for gagsa. Dess meir ein leser, dess meir kontinuitet er har teikneserien. Ein bihistorie går ofte over fleire kapittel. Utover boka blir vi nærmare kjent med Pepar si verd generelt, og særskilt med karakterar som den shakespearske heksetrioen Pepar går i lære hos  (og som ho ofte er i konflikt med), og dei andre unge hekselærlingane.

Pepars sjefsgudmor er veldig nøye med å ikkje ta snarvegar, unntatt når det gjelder deponering av magisk avfall

I tråd med dette blir også poenga litt meir forseggjorte. Kvar gong eg trur eg har forstått serien, tek Revoy den i nye retningar; særleg i plott, men også i komedie. Difor kan eg ikkje gå for langt i å kome med eksempel, ettersom kvart kapittel endar med spoilerar av eit slag. Men eit døme er verdt å trekke fram.  Pepar har ikkje vener, så ho inviterer dei andre lærlingane ho blei kjent i ein trylledrikkskonkurranse til  bursdagsselskapet sitt. Dei kjem, men Pepar gjer ein stor tabbe. Det ser dårleg ut for hennar sosiale liv, men Gulrot får dei andre hjelparane med på ein plan for å distrahere jentene og sameine dei i eit felles mål. Det funkar. Men heilt til slutt er den ein ekstra liten og genuint morosam vri på denne situasjonen igjen.  

Ein sit til slutt igjen med ei veldig episk kjensle, ei som har fått vokse naturleg over 230 sider. Frå å vere ein vakkert illustrert, men banal fantasy-humorserie er «Pepar & Gulrot» blitt til ein ganske seriøs fantasyserie som framleis – og heldigvis – er noko for seg sjølv.  


Pepar & Gulrot – Bok 1
Av David Revoy
Omsett av Karl Ove Hufthammer og Arild Torvund Olsen
240 sider
299 kr.
Outland Forlag

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *