Ein draum med mange dimensjonar

Adobe Express IMG 1259

Etter å ha bearbeida ein draum rundt 15 år har kunstnar Rodrigo Cortez oppfylt ein annan draum – Å utgi si eiga teikneseriebok.  

Boka heiter ganske enkelt «Drømmen», og blir gitt ut av Überpress denne seinhausten. Lansering og bokbad fann stad fredag kveld på aktivitetssenteret Lokalt (også kjent som Bærekraftige Liv Løvstakken) sentralt på Danmarksplass utanfor Bergen sentrum. Hovudpersonen måtte dessverre melde avbod i siste liten, men var med via skjerm, og gjennomførte bokbadet med Überpress -redaktør Are Edvardsen som ordstyrar. Oppmøte og stemning var uansett bra.

Rodrigo Cortez er fødd i Chile, men busett og aktiv som kunstnar i Bergen. Han gjennomførte intervjuet på plettfritt norsk.

«Drømmen» er ein teikneserieroman basert på bokstaveleg tala det, ein draum. Den starta soim ein draum Rodrigo ville lage teikneserie av, og han brukte lang tid på dei innleiande skissene.

Hovudpersonane er Art Garmush, ein karakter som Rodrigo beskriver som «meg, men ikkje meg» og Pintura, som er spansk for måleri.

Drommen 01

– Eg følte at den handla om meg, men såg den også utanfrå. Den hadde mange dimensjonar, fortalde Rodrigo. Eg brukte også familiebilete som referanse. Mange vil kjenne seg igjen, la han til, og eit par stykke i salen nikka.

Nokre av sidene er 14-15 år gamle, men det var først for fem år sidan at han kontakta Überpress om å få gitt den ut som teikneserie. Det var spanande å legge på tekst, men kunstnaren vil også at historia skal kunne fungere dramaturgisk utan tekst. Han vil at «Drømmen» skal vere ei historie som gror på deg, som du kan komme til ny refleksjon over etter å ha lest den

Arbeidsprosessen har vore intens til tider, særleg i sommar, kunne han fortelje, og Are la til at dei hadde ei stram deadline for å oppfylle avtalen med Kulturrådet (som er ein av stønadsytarane til prosjektet).

Grunna omstenda kunne Rodrigo sjølvsagt ikkje signere boka som planlagt, men salet var likevel bra nok til at Are kunne avslutte bokbadet med ei loddtrekning  mellom kjøparane av boka, der premien var ein av Rodrigos originalar frå boka.  

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *