Skrik i skunkmuseet

Munch er tema for hovudhistoria i vekas Donald Duck & Co. Munchmuseet markerte det med ein eigen «Donald-dag».

Alle fotografi av Trond Sätre

I sentrum sto manusforfattar Aleksander Kirkwood Brown og den faste Donald-teiknaren Arild Midthun, sjølv om det strengt tatt ikkje er sistnemnte som har teikna historia; den er signert Diego Bernardo. I «Flyktig kunst» frå DD&C 3/24 får Donald jobb som nattevakt på Andeby Kunstmuseum, der figurar frå tre Munch-parodiar (kunstnarens «dukifiserte» namn er «Eggvard Skunk») rømmer frå måleria sine.

-Nokre av bileta [til Munch] er ganske skumle, så eg tenkte at dette måtte bli ei spøkelseshistorie, forklarte Aleksander. Til dette nytta han ein figur han hadde dikta opp tidlegare, Gysfrid Skriik. Gysfrid er ein spøkelsesmålar som fangar spøkelse inne i lerret ved hjelp av magiske pensel og måling. Ho dukka først opp i ei historie som Aleksander skreiv til halloween-nummeret av DD&C i fjor.

Aleksander Kirkwood Brown gjenfortel «Flyktig kunst». i Festsalen,

Forfattaren gjenfortalde «Flyktig kunst» på festsalen i Munchmuseet., ord for ord og bilde for bilde. Men deretter overlèt han podiet til showmannen i den norske Disney-staben. For sjølv om Arild Midthun altså ikkje teikna nettopp denne historia, kan du ikkje ha eit ordentleg Donald-arrangement utan han (sjå forsidebilete). Arild fortalde om opphavet til måleriet «Skrik», og spekulasjonane rundt den raudlege himmelen, om Fibonacci-tallrekka og korleis den blei brukt i komposisjonen av måleriet, og om fargekontrastane.

Men framfor alt fortalde han ungane korleis dei kan teikne Donald Duck. På dette familiearrangementet hadde publikum fått utdelt teikneplater ved inngongen, så dei kunne følgje Arild sine instruksar i eit lite teiknekurs. Her fekk ein mellom anna lære (ein gong for alle?) kven som er Ole, kven som er Dole, og kven som er Doffen. Det går visstnok alfabetisk etter fargen på luvene deira: Blå, grøn og raud. Vi fekk også ei viktig påminning om at Donald og nemnte nevøar faktisk har den same storleiken på hovuda. Det er nebbet som får Donald sitt hovud til å sjå større ut.

Arild Midthun leia også ungane i ein teiknerunde før opptredenen i festsalen. Her er han i foajeen på Munchmuseet.

-Kor lenge er det sidan de har opplevd at så mange barn er så stille?, spurde han dei vaksne publikummarane på eit tidspunkt, og tillèt seg dermed å indirekte skryte litt av sine formidlingsevner. Eller kanskje poenget hans berre var å minne foreldre og besteforeldre om kor engasjerande dette med teikning er.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *