Pyton og Pondus

Pondus er ein institusjon også i Sverige, men det begynte med Pyton. Eller var det med Stomperud? Førre helg var norsk-svenske relasjonar eit av tema på Stockholm Internationella Seriefestival (SIS).

Arild Wærnss og Knut Robert Knutsen var i Stockholm ikkje berre for å snakke om teikneserien «Fantomens Masker», men om norsk-svenske relasjonar generelt i teikneseriar. Med seg på scenen søndag 26. mai hadde dei den svenske Pondus-redaktøren/omsetjaren Jonas Svensson og serieskapar Jonas Darnell.

Den planlagde presentasjonen var lenger enn det blei tid til å framføre på scenen, men ein naturleg stad å begynne var med 91:an Karlsson (nå berre kjent som 91:an) og hans norske avleggar, Nr. 91. Stomperud.  Karlsson gjekk inn i den svenske hæren i 1932. Ein begynte å teikne Stomperud på lisens i Norge i 1937, og figurane i dei to seriane liknar framleis mykje på kvarandre, men lever heilt uavhengige liv.

Stomperud liknar 91:an Karlsson (avbilda) av utsjånad, men Petra er ganske ulik Elvira (avbilda)

Stomperud er ein traust serie, kunne Wærness fortelje det svenske publikummet som kjenner hans svenske motstykke betre.- Den er lun, du blir underhaldt, men får ikkje akkurat vondt av latter. Darnell hadde på si side merka seg Jens von Busteskjold, ein bygdehumorserie som har visse likskapar med tilsvarande svenske seriar som Kronblom og Åsa-Nisse.

Så kom Fantomet for fullt til Norge på 60-talet, og ein lenger periode med import frå Sverige var etablert. Materiale som ikkje var signert Lee Falk, var ofte produsert av svenskane. Deretter kom ei lang rekke med svenske barneseriar som Bamse – Verdens Sterkeste Bjørn, Pellefant og Bobo. Norge importerte mykje frå, og eksporterte lite til, Sverige

Martin Kellerman tok dei gledene han kunne få som redaktør av Pyton.

Det store tidsskiftet kom med Pyton. Bladet varte til 1998 i Sverige, og hadde nok innflytelse til å skape kontroversar, med i alle fall ein offentleg debatt som Svensson hugsar, i TV4. Martin Kellerman var redaktør or den svenske utgåva. Det var ein jobb han ga inntrykk av å hate, noko han også skildra i sin eigen serie, Rocky.

Kanskje folk trudde at dei som skreiv og teikna i Pyton var sånn i verkelegheita, føreslår Knutsen, men det var jo ikkje tilfelle. Unntatt med Walters (Pervo-Kris), legger han til. Mange teiknarar fekk avreagert i bladet, meiner Svensson. Ein av dei var kanskje Jonas Darnell, som skapte Herman Hedning, og hevdar at han fekk «opplæring i jævelskap» frå Pyton. Herman Hedning var ein eksportartikkel som gjekk andre vegen; den hadde eige blad i Norge frå 1998 til 2009.

Norske seriar får ikkje berre plass i Pondus. Hjalmar går i Knasen, og Radio Gaga går i 91:an.

Så kom Pondus, som har hatt eige blad i Sverige sidan 2001. Pondus er populær i Sverige, men i Norge er den ei folkerørsle, meiner Darnell. Samstundes hevder Svensson at Pondus eigentleg ikkje er norsk, i den nyaste svenske samleboka av serien. Grunnlaget for denne kontroversielle påstanden er at Pondus har null interesse for vintersport.

Men det er lenger frå Stockholm til vestlandet enn til Nordmarka og Holmenkollen, som kjent.  

Uansett så sluttar ikkje det norske eksporteventyret til Sverige med Pondus sjølv, ikkje med bladet Pondus ei gong. Lista over norske stripeseriar som er omsett til svensk veks ennå, og i nyare tid inkluderer den Hjemmefronten, TegneHanne, M og Noor.

Forsidebilde: F.v. Jonas Svensson, Knut Robert Knutsen, Jonas Darnell og Arild Wærness på scenen under SIS. Fotografi av Trond Sätre

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *