Utstilling i fleire dimensjonar

Teikneseriar utviklar seg bare til det bedre, hevda kurator Karin Sunderø då ho opna «I Begynnelsen Var Tegningen» i Sandnes. Utstillinga vil presentere breidda i norske seriekunst.

«I Begynnelsen…»  er årets hovudutstilling på kulturhuset Kinokino i Sandnes, og har blitt til gjennom eit samarbeid mellom kommunen og det private Sunderø Art Gallery.

Skisse frå «Krüger & Krogh – Brennpunkt Oslo»

Søndag klokka 14 blei den opna med innleiing av Karin Sunderø og Tarald Aano frå Stavanger Aftenblad, begge to teikneseriefrelste livet gjennom.

Akvareller og video fra «De Siste Vitnene» av Lene Ask (endå ikkje utgjeve)

Denne lidenskapen har ikkje dabba av etter som eg er blitt eldre, fortalde Sunderø innleiingsvis. – Eg trur det har noko å gjere med fascinasjonen for både litteratur og den visuelle kunsten.

Skisser, ferdige teikningar og rariteter frå Børge Lunds desk

Ho framheva seriekunstnarar frå regionen, og at utstillinga har lagt vekt på breidde. Utsegnet om at teikneseriar bare utviklar seg til det betre, begrunner ho med den store breidda ho ser i norske teikneseriar, både teknisk og tematisk.

F.v. Ida Neverdahl, Børge Lund (i bakgrunnen), Jim Darbu, Lars Fiske (femte. f.v.), Sindre Goksøyr og Karin Sunderø.

Til stades vart også bidragsytarane, kunstnar Jim Darbu, Lars Fiske, Ida Neverdahl, Børge Lund og Sindre Goksøyr. I tillegg til desse er Lene Ask og Krüger & Krogh-teamet representerte på utstillinga, og kulturhuset prøvde å få også dei med på opninga, men alle hadde ikkje tid.

«Nemesis» heilfigur av Jim Darbu

Darbu er ikkje serieskapar, men Sunderø meiner at skulpturkunsten hans minner om ein slags tredimensjonale teikneseriar, noko som Darbu ikkje sa seg heilt ueinig i. I tillegg til Darbu er også ein faktisk serieskapar, Sindre Goksøyr, representert med både teikneseriar, plakatar og skulpturar (kong Harald opptrer i begge former på utstillinga), slik at ein kan snakke om ein gradvis overgang.

Fra midten og mot høgre: «Mario», «Sofa» og «Kongen din», alle av Sindre Goksøyr

For nokre av dei utstilte serieskaparane er det også snakk om å vise fram ei gradvis overgang frå skisse til ferdig side. Både Lars Fiske, Børge Lund og Krüger & Krogh-teamet har dette som fokus for sine utstillingar.

«Grosz»-sider av Lars Fiske

«I Begynnelsen…» er ei salgsutstilling; med bare eitt unntak er alle originalar, trykk og skulpturar til salgs. Utstillinga står heilt fram til 15. september.

Nico-byste (ikkje til salgs), produsert i Aust-Europa etter mål frå Børge Lund. Børge ønsker å få laga byster av fleire Lunch-figurar, om bare ressursane strakk til.
«Dying Whale» av Jim Darbu
«Nye Sokker» av Sindre Goksøyr

(Øvst: «Summer Lips» av Sindre Goksøyr)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.