Serix-panelet beståande av Arild Wærness og Knut Robert Knutsen har lest gjennom alle årets julehefter, og peika seg ut seks favorittar.
Stort sett følger panelet dei same prioriteringane som Serienett sine anmeldingar har gjort, med vektlegging på norskproduserte titlar og Disneys ender, men med ein eigen episode dedikert til kva panelet meiner er årets desiderte høgdepunkt.
Første episoden (S7E1) – Moderne norske
Juleheftebandittane Arild og Knut tek for seg Rutetid, Nemi, Storefri og Pondus. Ikkje fleire, for to av titlane er reservert til fjerde episoden.
Andre episoden (S7E2) – Disneys jul
Ivrige Arild og korrekte Knut diskuterer Disney-julehefter (med mange artige sidespor): Jul på 80-tallet, Carl Barks Jul, Donald Duck Julehistorier, Donald Duck & Co, Walt Disneys Julehefte pluss nokre nye Donald-publikasjonar som ikkje er ein del av den offisielle julemenyen. Og endå er det nokre igjen til fjerde episoden!
Tredje episoden (S7E3) – Norske klassikarar
Ivrige Arild og litt meir sobre Knut diskuterer dei gamle, norske travarane: Tuss og Troll, Vangsgutane, 91 Stomperud, Jens von Bustenskjold, og Smørbukk. Stomperud kjem seg nok heimatt tel jul med Petra i år også, men kva skjedde med Sterk-Olas frieri?
Fjerde episoden (S7E4) –Top of the Crop
Matterhorn i teikneseriebunken! Ivrige Arild og kritiske Knut utpeiker årets aller beste: Jeg Donald Duck, Lunch, Ingeniør Knut Berg, Norsk Donald, Flåklypa og Dunce. Med heiderleg omtale til Fiinbeck og Fia.