Mange er kalla

Kibo forside

Men kor mange er det plass til? Kibõ volum 2 satsar meir på humor enn på framhaldsseriar. Kanskje er det nødvendig for å famne tilstrekkeleg?

Kibõ held fram også i år. Det er bra. Vi trengte ein etterfølgjar til Rakkan, og vi treng ei norsk årbok (vel, minst ei slik bok i året) for manga-inspirert arbeid med norsk opphav og med grunnlag i norske tankemåtar. Litt bekymringsverdig er det likevel at årets utgåve har redusert sidetal i forhold til fjoråret. Og det skuldast ikkje mangel på innsendte bidrag; Bård Lilleøien gjer det klart i forordet

Av dei nye talenta som har passert det tronge nålauget, kan vi aller først merke oss Nia Li Gruner, og ikkje berre fordi ho kjem først i dette volumet. Gruner blei framheva på årets OCX som teiknaren av den neste serien til Maria Storm-skaparen Joseph S.S. Ampofo, i tillegg til at ho jobbar med sitt eige konsept. Bidraget hennar til denne boka, «Mulchi-chis første skoledag» er litt av eit konsept, det også. Eg kan ikkje bestemme meg for om Gruner i denne serien prøver å få plass til for mykje, eller om det berre er meint å vere ein humoristisk og kjærleg parodi på manga-klisjear. Rotete er det i alle fall, men komedien fungerer. Viktigast er det likevel Nia Li Gruner har ein litt mørk og skitten strek som gir den karakter. Eg kan lett sjå for meg korleis den kan passe til Joseph S.S.A. sitt manus, og ikkje minst til humoren hans. .      

Kibo Mulchi
Mulchi-chis første skoledag

I kontrast til dette står «Gamle trakter» (sjå forsidebilde) av Embla Aamodt. Den er kort, fåmælt, poengtert, med reine strekar og detaljerte bakgrunnar, og har grunnlaget sitt i norsk tradisjon. Meir enn det kan eg ikkje røpe, men det er ein behageleg pustepause mellom «Mulchi-chi» og tredje avsnittet av Bård Lilleøiens «Dumme sjøfugler».

Sistnemnte er likevel framleis min personlege favoritt i desse antologiane. I dette avsnittet har dei andre jentene låst inn Bambies skytevåpen, så i staden legger ho ut feller over heile skogen for å halde fram med sin nådelause hevn over dei dumme sjøfuglane. Resten av historia er rein Wile E. Coyote-slapstick, der humoren er avhengig av konstant eskalering, men kapittelet sluttar faktisk med eit viktig plottpoeng. Å kombinere slapstick med reell framdrift i handlinga er ein av Bård Lilleøiens spesialitetar.   

Kibo sjofugl
Dumme sjøfuler

Deretter følger kjenningane på rad og rekke. Punnchi held fram med den romantiske komedien «Eufori». Stilen, ein vestleg hybrid med hyppig bruk av chibi-figurar, er eigenarta og litt sjarmerande, men dei små anekdotane i årets Kibõ blir i overkant banale.

Då er det lettare å rettferdiggjere at Alfsdatter igjen har fått plass til sin «Mind the gap». Denne norsk mangas «The Office» er, i motsetning til serien omtalt ovanfor, ein romantisk komedie med eit plott, og med dristigare vitsar.. Streken er teknisk god, kanskje meir straumlinjeforma enn dei føregåande bidraga, men karikert nok til å styrke komediekjensla.

Kibo Gap
Mind the gap

Eg kan forresten legge til at kvar serie som held fram frå i fjor har eit lite synopsis – «Dette har skjedd» – Enten det trengs eller ikkje. Alfdatter (eventuelt redaktørane) har hatt det litt gøy med dette. Ho skriv: Dette har skjedd: Absolutt ingen ting som flytter plottet framover. Bare kaos i et hverdagskapittel.»

Japanskfødde Masa bidreg med endå ein epistel om erfaringane sine med kulturskilnader mellom Japan og Norge; i motsetnad til i volum 1 er det denne gongen snakk om ein ordentleg kulturskilnad og ikkje berre ei språkleg blødme, Dessutan er streken hennar mindre stram enn i førre volum, noko som kler både henne og serien betre.  

Kibo Ruinene
I ruinenes skygger

Men etter kvart tek ein seg i å sakne dei meir episke seriane frå i fjor, og inn kjem andre avsnittet av «I ruinenes skygger». Hovudpersonane vaknar opp i den titulære, mystiske ruinbyen, men blir snart oppdaga av forfølgjarane sine igjen. Serieskapar Autocorrect har nytta tida godt sidan i fjor, og utvikla teknikken sin. Kapittel to har meir skuggar og gråtonar, fleire detaljar og meir realistiske utsjåande karakterar. Alt dette er med på å forbetre serien.

Jofrid Sandgren, teiknar av før nemnte Maria Storm, er også tilbake frå volum 1, men med eit heilt anna konsept enn sist. «Ray Gun» er space opera-actionkomedie der den visuelle spensten fenga meg meir enn komikken sånn umedelbart, men det held i massevis. Til liks med Bård Lilleøien har ho ikkje prøvd å manga-tilpasse stilen for mykje, «Ray Gun» er ein balansert hybrid av vestleg og austleg, samanlikna med korleis ho (truleg med vilje) veksla mellom stilartane i sitt førre bidrag, «Isekaiception» .    

Kibo Ray Humin
Humin

I det heile tatt blei det denne gongen mykje refleksjon over kva humor som fungerer bra og kva humor som fungerer mindre bra, og ennå står den største utfordinga igjen. «Humin» av Eivind Eriksrud er ein stripeserie i yonkoma-format om to søsken som er må klare seg aleine heime (fordi mora er på flukt frå politiet, noko som var eit viktig poeng i dei tidlegaste stripene). Mange av vitsane dreier seg denne gongen om con-kultur, noko som gir rom for mykje visuell variasjon, men stripene har noko av same problemet som i volum 1 – Formatet gjer rutene for små, i alle fall for ei pocketbok, og stilen er ujamn.

Medreaktør og Fonoma-leiar Mark Egan måtte avstå plassen sin i år, men Sigrun D. Jonsdottir har fått seks sider (pluss profil) til sitt mangakurs «Rachels hjørne» (som også er ein fullgod serie i seg sjølv). Dette var nok rett prioritering, for eit meir typisk redaksjonelt innslag som dette forsterkar inntrykket av Fonoma som eit levande miljø for mangateiknarar.

Så snur vi boka. Så vidt.

Kibo Hulderkongen
Hulderkongen

I førre bind var det tre seriar som skulle lesast frå høgre mot venstre, i år er det berre ein. Dermed verkar denne ordninga litt mindre meiningsfylt nå, men Frida Skrømt er vel blitt van med å lage framhaldsserien sin, «Hulderkongen», på den måten.  Frida er sjølvlært, og det syns ennå, men ho har kome langt teknisk sidan starten i siste Rakkan. Ho er noko av ein tidsoptimist, og legger vekt på action medan historia stadig går langsamt framover.

Men ho er altså i mindretal i år. Alt i alt kunne eg ønske meg meir spenning og framhald i Kibõ. Kanskje er det nødvendig med eit fleirtal av lettare stykke og humor for å famne tilstrekkeleg over norsk manga? Å halde på interessa for ein samanhengande historie med berre 20 sider, maks, i året, er å krevje mykje. Slike historier får likevel plass andre stader på marknaden, og det i stadig større grad.   Kibõs misjon kan såleis vere å fungere som ein pulsmålar for eit format som framleis er i vekst.  



Kibo 2

Kibō volum 2
Av diverse
164 sider.
229 kr.
ÜberPress/Fonoma


Lexs meir om Kbiõ og Rakkan her

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *