Fiske i 100 (før eller sidan)

Lars Fiske har også tidlegare eksperimentert med den sjølvbiografiske forma. I «Ta imot» eskalerer dette ytterlegare, i drøymelandskap og pastisjar.

Av Trond Sätre med takk til Knut Robert Knutsen.

Kor mange gonger kan Lars Fiske fortelje historia om seg sjølv og sine nærmaste? Førre gongen var påskotet skisseboka hans, som blei utgangspunktet for «Mitt liv som teikning» (2020).

Skilnaden er at «Ta imot» (ei omskriving av «time out»?) er eit mest mogeleg visuelt kunstarisk verk. Samstundes er boka (eller skal eg seie albumet?) ein reell biografi, det er berre ein biografi som verkeleg utnyttar Lars Fiskes mangfaldigheit som teiknar, og mannens grensesprengande uttrykk.  «Ta imot» ei studie av er ei engasjerande og poetisk reise inn i minner om barndomen og draumar om framtida. Kvar kjem Lars Fiske frå, og kvar kjem han til å ende opp?


Vi får livshistoria til Fiske, i grove trekk, med sparsame men meiningsfulle detaljar om menneska rundt han. Framfor alt får vi innblikk forhold til teikneseriar og illustrasjon, frå 1966 til 2024 og fram til eit hypotetisk 2066. Rettare sagt, etter 1996 er det slutt på den kronologiske mimringa, og han spolar fram til dette hypotetiske 2066. Fiske vil då i så fall vere 100 år.

Samspelet mellom tekstboksar og dialog, ofte med same geometriske form, opprettar ein dialog mellom Fiske som forteljar i 2024 og «karakterane» i hans erindringar, inkludert han sjølv, som skapar ei mediterande kjensle av å vere lausriven frå tidsdimensjonen. Dette vert heilt tydeleg i siste rute, der den 100-årige Fiske, iført ei romdrakt lik dei som blei brukt i «Tintin – Tur Retur Månen», ligger på golvet i barndomsheimen medan ein gut som liknar barneversjonen av Fiske observerer han gjennom vindauget.

«Ta imot» er ein biografi over Fiske sin identitet, meir enn livet hans. Hans kjensle av seg sjølv. Medvete om kropp. Om sinn. Det er òg ein biografi over hans kunstnariske utvikling i møte med illustratørar og serieskaparar, og ikkje minst sjølve teikneseriane. Spennet mellom intime og potensielt pinlege personlege avsløringar og aktverdig distanse til dei serieskaparane og illustratørane han beundrar, er eit interessant trekk ved historia. Fiske lever seg som «karakter» inn i deira strek, deira uttrykk, deira streben etter individualitet og personleg uttrykk, utan å ville gå for nært i deira fotspor på deira personlege stil. 

Boka består av 15 korte segment (pluss noter), og kvar av dei fortel om eit aspekt av livet hans, formidla enten gjennom pastisjbevisst bruk av teikneseriane sine verkemiddel, eller med teikneseriereferansar. Eller begge delar. Å analysere kvar einaste etter tur er neppe den mest fruktbare metoden, men la meg framheve ei handfull. Sjølv let eg meg nok gripe mest av segmenta med store, dynamiske og ekstraordinært stiliserte grafiske framstillingar. Einkvan nokolunde kompetent teikneserieskapar kan fortelje noko interessant om livet sitt, men Fiske bør og vil bruke det som er unikt for han. «Vinkelgips» og Morsmål» er kostelege gjensyn med ein veldig høgspent Fiske. Ei pikant forteljing om forhuda hans, «Formose» er ein lett dristig imitasjon av antikk pornografisk kunst. Medan «Figurverk» bruker litt vel mykje plass på eit heller enkelt og minimalistisk fortald poeng, og liknar på noko som Jason kunne fortald like bra. Ei av dei innleiande segmenta, «Ego», minner om Tim Ng Tvedts formateksperiment, der det er redusert til eit par teineseriehanskar som leiker seg . Skilnaden er sjølvsagt at Fiskes eksperiment har ein klårare kontekst enn Ng Tvedt.

.
Det aller beste segmentet er likevel eit som fortel både med mykje tekst og mykje ruter. I «Den klare linjen», ein kompakt, planmessig og veldig stilsikker Hergé-biografi, sporar Fiske sin eigen strek heile vegen attende til den japanske meisteren Katsushika Hokusai. Hokusai sa at han kjende han vart betre i sin stil år for år, og kvar ville han ikkje vere når han vart 100? Dermed har Fiske funne sitt sluttpoeng. Kor vil eg vere når han er 100, spør Fiske seg.

«Ta Imot» er eit uvanleg verk som viser tydeleg kor meisterleg Fiske beherskar mediet. Det har ei overraskande kompleks rytme, som får historia til å danse. Det er ei utilslørt direkte forteljing om eigentleg veldig enkle, vanlege og daglegdagse ting , noko som ofte kan verte prosaisk og uinteressant, men her vert det hypnotisk, fascinerande og vakkert. 


Ta imot
Av Lars Fiske
68 sider
348 kr.
No Comprendo Press

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *