Men først altså livet

Lars Fiskes «Mitt liv som teikning» er ein sjølvbiografi  som eksisterer først og fremst fordi serieskaparen hadde tilgang på ein bestemt detalj.

Det er ikkje alle serieskaparar forunt å ha ein spennande livshistorie. Lars Fiske har ein spennande familiehistorie, men den har han alt fortalt. Han har også ein spennande livshistorie med Steffen Kverneland, men den har han og nemnte Steffen alt fortalt, så til dei grader.

Så kva gjenstår då? For Lars Fiske fortelje livshistoria si utan Steffen Kverneland, kanskje? Han har då eit liv utanom. Kverneland spelar då også ein heilt marginal rolle i boka, ikkje bare fordi dei historiane er fortalt betre før, men fordi «Mitt liv som tegning» ikkje handlar om anekdotane. Bare livspartneren, Anna Fiske, er tilgodesett med mykje merksemd, og sjølv ho blir nøkternt skildra, både hennar kunstariske identitet og hennar tyding i hovudpersonens liv.

Historia startar i 20-årsalderen, og ein detalj som denne anmeldaren merker seg er minnet eg sjølv har om debuten hans Bacon & Egg – I utgangspunktet ei typisk barnedetektivbok som i ettertid utmerkar seg på to områder: Den er eit tidleg døme på ei hybrid prosa-kapittelbok/teikneserie av det slaget som skulle bli vanleg så mange år seinare, og den etablerte Lars Fiskes uforlignelege, kubistiske teiknestil allereie då. Sjølv om ein den gongen framleis kunne spore inspirasjonen frå Hergé, har Fiske ikkje endra streken radikalt mykje sidan; den er bare blitt endå meir kubistisk.

Men perioden på Konstfack i Stockholm, med ein utvekslingstur til Los Angeles, er sjølvsagt også essensielle danningsår, og derfor kanskje den perioden som er mest grundig skildra, særleg med ny tekst og teikning.        

Den nye teksten og teikningane er imidlertid bare ei ramme.

Ein får ikkje nemlig inntrykk av at livshistoria hans var ei som Fiske meiner måtte forteljast i ny form, eller at prosjektet sto høgt på ønskelista hans. Nei, «Mit liv som teikning»  har blitt til fordi Fiske frå 1987 til 2009 førte skissebok, og det er denne han vil dele med verda. Skissene hans er enkle og grove, men blir stadig meir forseggjorte med åra. Vi som lesarar kan studere ei gradvis dragning frå det raske og vulgære, mot det vakre og stemningsfylte, i takt med at Lars går frå å vere kunststudent til familiemann. Dess nærmare vi kjem vår eiga tid, dess meir let han skissebøkene fortelje, heilt til det ikkje er fleire ord igjen, andre enn dei få han krota ned saman med skissene den gongen då. Og dei bærer langt.  

Til dette har han fått boka trykka i ekstra stort format, som blir ei dyd av nødvendigheit jo lenger ut i boka vi kjem.      

Kontrasten mellom Fiskes velkjente skarpe kantar, og dei meir organiske strekane han spontant fører inn i skissebøkene er slåande. Til dels det same er ordknappheita i skissene satt opp mot dei meir utfyllande og forklarande nye gjenfortellingane.    

Fiske prøver i for lita grad å fusjonere teikning og tekst i sitt nylaga materiale. Historia hans er illustrert prosa, og teikningane fortel lite som du ikkje kunne ha forstått bare ut frå teksten. Skissene har derimot fridom til å fortelje sjølv, og slik blir dei de berande elementet som gir serieskaparens teikna sjølvbiografi særpreget den treng.     

Mitt liv som tegning
Av Lars Fiske
112 sider
330 kr.
No Comprendo Press


Les også anmeldingane av:
Automobilfabrikken
Grosz
Slyngel De Luxe

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *