Fantasy (som vanleg), Nicolai Astrup, rallare, bødlar og vikingar er blant elementa som er verdt å merke seg av nyheitene i årets teikneseriehaust.
Ingen bokhaust(-eller vår) utan eit lass med fantasyseriar tilhøyrande det nå formelt avskaffa “nordisk manga”-begrepet. To titlar når sine finalar i haust, og to nye debuterer. Gyldendal har to nye fantasy-titlar planlagt (i tillegg til den pågåande Krypto), men dei siste meldingane går ut på at desse er utsett til 2027.
For den som ønsker seg meir variasjon kan det vere ein trøyst at det kjem ekstra mange norskproduserte historiske romanar og biografiar i teikneserieformat denne hausten. Dessutan kjem det eit par norske barneseriar i tillegg til dei importerte. Vikingar er nok ein gong eit populært tema, både frå norsk og japansk synsvinkel
På datoen 10. august er all informasjon i denne artikkelen henta frå forlaga, nettbokhandlarane og biblioteksentralen. Med førehald om endringar og tillegg. Lista dekker ikkje periodika, inkludert Donald Pocket, Donald Pocket ekstrabøker, og Tex Willer ekstrabøker.


AUGUST
ÜberPress gir ut ein oppfølgar til Miso (2020) – Piri & Chip av Victoria H. Hamre. I samband med dette gir dei også ut et nytt opplag av Miso. TNT gir ut Mia Myhr og trusselen fra tjernet av Sara Hjardar, som er finalen i serien. Enemy invasion: Bare et spill av Steffen Sørum, Mikael Noguchi og Håvard S. Johansen kjem ut på Vigmostad & Bjørke, utsett frå i vår. Den moderne manga-klassikaren Vinland Saga av Makoto Yukimura (vol 1) kjem for første gongen på norsk, utgjeve av Outland forlag.
Elles:
Drageviking 3 av Odin Helgheim (TNT)
Hjertestopper 6 (finale) av Alice Oseman (Gyldendal)
Saga (3) og den hemmelige kilden av Jérôme Pélissier og Ariel Landy (Fontini)
Heksehatt-atelieret 4, One Piece 19, Dragon Ball Super 19, Minecraft 2 (Outland)
Idefix og druiden av diverse (Egmont)
Donuts – Hull i hodet! av Neill Cameron (Fontini)


SEPTEMBER
To nye fantasy-titlar for barn og ungdom denne månaden: Sangfuglenes stillhet av Mia Thrane Hansen frå TNT, Lykkens helligdom av Miriam R. Kløvning frå Egmont, For status på Gyldendals Alva og himmelvikingene og Trollbundet, sjå innleiinga på artikkelen.
Überpress er ute med to antologiar, Overtrykk 2026 og Kibo 2, i tillegg til Drømmen av Rodrigo Cortez (bidragsytar til Overtrykk i 2024). Strand gir ut ein antologi med Krüger & Krogh (5) – I nasjonens tjeneste av Ronald Kabíček, Endre Skandfer, og Bjarte Agdestein.
Haustens store snakkis på teikneseriefronten blir truleg Astrup, ein teikna kunstnarbiografi av av Ragnar Hovland og Steffen Kverneland frå Samlaget. Jippi gir ut Glass, betong og stein av debutant Erland Mo Andreassen. Og Nordkapp-Lindesnes av Anders N. Kvammen kjem ut på No Comrpendo Press denne månaden. Boka har vore utsett fleire gonger, men ettersom slepptidspunktet er tidleg i sesongen, er det nok større sjansen for at det slår til denne gongen.


Dessutan:
Lunch (20) – Neste uke ser roligere ut (av Børge Lund (Strand)
Pondus (25) – 25 rett hjem av Frode Øverli (Strand)
Krypto (9) – Viridis av Hans Jørgen Sandnes (Gyldendal)
[Nickelodeons] Avatar (7) – Tre fortellinger om Team Avatar av Faith Erin Hicks og Peter Wartman (Bonnier)
Frieren 4, Minecraft 3, Pokemon-eventyrene 25 (Outland)


OKTOBER
Strand kjem med teikneserieromanane Slusk bok 1 – Blod, svette og frihet , ei rallarforteljing av Haakon Isachsen og Bjørnar Meisler, og flyktninghistoria Samir av Aimée de Jongh. Same forlaget gir også ut den første Pappa-boka av Marius Henriksen, Tobarnsfare. Tanken er at den skal vere tilgjengeleg som farsdagsgåve. Og av stripesamlingar kjem det også ei jubileumsbok med Billy – 75 års latskap av Mort og Brian Walker på Egmont
Arkin – Lysets vokter av H.L Phoenix er den andre episke fantasy-serien som blir avslutta i haust. Finalen heiter Fallet og kjem sjølvsagt ut på TNT. Den erfarne og særprega illustratøren Adele Jaunn kjem med ein ny barneserie på Strand, Lars & Gunn – Arven etter Harriet Hårmagre.


Dessutan:
Alene (16) – Fangen fra Antesalem av Vehlmann og Gazzotti (Qbus)
Motstandsbarna (10) – Krigen er ikke over av Dugomier og Ers (Qbus)
Esters univers (3) – Campingsommer av Oda Valle (Aschehoug)
Supernova (2) – Monster av Peder Hornseth Nygaard (TNT)
Hardråde (3) – Djevelrytteren av Jan Ove Ekeberg og Nils Axle Kanten (Strand)
Illustrert Kommentarfelt 2 av Trond J. Stavås (Tusj og Tøys)
Forelska (6) – Skjulte løgner av BéKa og Maya (Fontini)
Lucky Luke (86) – Dakota 1880 av Appollo og Brüno (Egmont)
Mantikorens kongerike 4 av Hiwar Nehli (Outland)
Donuts (2)- Tett i nøtta av Neill Cameron (Fontini)
Vinland saga 2, Heksehatt-atelieret 5, One Piece 20, Dragon Ball Super 20 (Outland)
Don Rosas beste (Egmont)


NOVEMBER
Strand har endå ein historiske teikneserieroman ute denne hausten, etter Slusk og Hardråde 3: Samson – Forlat oss vår skyld, som er Ida Larmos lenge beboda biografi om skarprettaren Samson Isberg. Vinnaren av Egmonts juleheftekonkurranse frå 2024, Jul uten gjester av Sam Klein, kjem også denne månaden, men det ser ut til å vere ei bok i standen for eit hefte. Jippi har ein publikasjon til planlagt for hausten; Ute på vidden av Andrew Page kjem denne månaden.
Av vanlege julehefte er det stort sett dei same som kvart år, James, men nokre tidlegare titlar får ein ny sjanse. Dette gjelder Lucky Luke, Mikke & Langbein og Tommy & Tigern (alle på Egmont). TNT overtar Jul på utedassen. Størst nyheitsinteresse har kanskje Jul med barndommens helter, som blir eit julehefte med klasisske spenningsseriar frå Egmont.
Dessutan
Anleggsplassen (5) – Gravalvorlig business av Trond J. Stavås og Bjørnar K. Meisler (Bjørgu)
Bergen 24t 2026 av diverse (Überpress)
Frieren 5, Minecraft 4, Pokemon-eventyrene 26, Mitt helteakademia 10 (Outland)
Ikkje fastsett publikasjonstid:
TNT kjem med paperbackutgåver av Dragens øye 1 og 2 av Cha Sandmæl og Ragnarok 1 og 2 av Odin Helgheim.








