NO STARTAR NM I DONALD 2010 (30.11.10 )
Nettstaden Andeby Online skal frå 30. november og fram mot jul arrangere NM i Donald for tredje gong. Målet er å finne den nordmannen som sit på størst kunnskap om Donald Duck og venene hans.
Du veit kanskje kva bilnummeret til Donald Duck er, eller kva den sprø oppfinnaren i Andeby heiter. Men veit du kor mange fly som trengs for å romme ein milliard flaskekapslar, eller kva ixium er, eller kva forlag det er som gir ut Donald i USA, eller i kva Donald Pocket-historie det oppstår ein vond plan basert på ein Dostojevskij-roman? Slike spørsmål kjem deltakarane i NM i Donald til å bryne seg på – heilt frivillig – kvar einaste dag fram mot jul.
– Kvar dag stillar vi fem nye spørsmål. Kvart spørsmål er tilgjengeleg på nettet i 24 timer, så det er mogleg å delta uansett kvar i Noreg ein oppheld seg. Den som har flest poeng 24. desember klokka 21.00, har vunne og kan med rette kalle seg noregsmeister i Donald, seier ansvarleg redaktør Olaf Moriarty Solstrand, som har jobba med teikneseriar sidan
2001.
Alle som ønskjer å prøve seg, kan delta ved å gå inn på nettstaden http://www.andebyonline.com frå og med 30. november. I tidlegare meisterskap har det vore god oppslutning, med ein rekord på over 120 deltakarar – eit tal vi har store planar om å slå i år.
– Alle som kan ein del Donald og er gode på å finne fram i samlinga si, har ein sjanse til å vinne. Spørsmåla er henta frå alle periodar av norsk Disney-produksjon, og i tillegg til å stille spørsmål frå teikneseriane er det òg nokre få spørsmål frå film og TV, så her burde det vera noko for ein kvar smak, seier Solstrand.
NM i Donald har blitt arrangert to gonger tidlegare. I 2005 gjekk Øyvind Braaten frå Sarpsborg av med sigeren, medan vinnar av 2006-meisterskapet og regjerande noregsmeister er Arnstein Overøye frå Kleppe. I tillegg til heider og ære får vinnaren ein eksklusiv pokal, og dei fem beste deltakarane får bokpremiar sponsa av Egmont Serieforlaget.
KLART FOR JULERAPTUS <- Eldre | Nyere -> NYILLUSTRERTE KLASSIKERE: DEN LILLE PRINSEN