KATTEPERSPEKTIV ( 3.05.11 )
Max Estes er nominert til Sproing-prisen for Den Krokete Kniv. Oppfølgaren Den Krokete Kanalen har klare likskapstrekk.
Den amerikanske illustratøren vakte ei viss merksemd med sin særs stiliserte krim då denne utkom på Jippi Forlag. Kanskje ikkje så mykje for sjølve historien som for måten den var fortald på: Utan dialog, men desto meir uttrykksfull i form og bilete.
Den Krokete Kanelen er ein thriller lagt til Amsterdam, der tre menn (så vidt eg kan se er det berre tre) er på leiting etter den same nøkkelen som kan opne ein ukjend skatt. Heile denne dramatiske og til dels makabre affæren ser ut til å vare berre eit par timar, og blir overvaka av omstreifande kattar. Kattane går igjen i forteljinga. Kanskje ligg det ein slags symbolikk i dette. Eller kanskje Estes berre synst at kattar er med på å skape den rette stemninga. Akkurat som Den Krokete Kniv er Den Krokete Kanalen fortald berre med bilete og rørsler som til gjengjeld har ein dynamisk og kreativ form. Forteljarstilen er filmatisk, men endå meir uroleg og eksperimentell enn det meste du finn innan film. Nærbilete og skiftande perspektiv gir ei nesten paranoid kjensle. Og igjen bruker Estes konsekvent nyanser av blått for å understreke stemninga.

I det heile teke er det mykje i denne serien som er likt med Den Krokete Kniv. Sjølv plottet er i grunntrekka det same (tvilsame menn leitar etter ein mystisk skatt, og går gjerne over lik). At tittelen også er nesten heilt lik, verkar ein smule kokett. Eg hadde gjerne sett at Estes ga seg i kast med eit nytt tema, men det estetiske er og blir viktigast. Og estetisk er Estes ein meisterleg forteljar.
Den Krokete Kanalen av Max Estes
ISBN 978-82-92226-32-2
68 sider
130 kroner
Jippi Forlag

SAMMA GAMLA...? <- Eldre | Nyere -> CIVIL WAR SAMLET




