FYRVERKERI OG PENGEBINGER ( 8.05.12 )
Vi tar eit kjapt blikk på denne vekas Donald.
Den 13-siders hovudhistorien i dette bladet er nok ein produksjon av det norske Donald-teamet. Denne gongen Knut Nærum og Arild Midthun. Tidlegare i år introduserte dei konseptet ”Hakkespettenes Tidsreiser”, som dette er ein episode av.
I denne episoden tek dei utgangspunkt i den verkelege historiske personen Wan-Hu, ein kinesisk fyrverkeriekspert i 1500-talets Kina som prøvde å reise til månen i ein stol driven av rakettar. Som vanleg er teikningane nydelege, handlinga dynamisk, den visuelle researchen uklanderleg og gagsene ganske effektive.
Men ved nærare gjennomlesing sviktar manuset. Motivasjonane til karakterane er vage og synast ofte å kome frå ingenstads, og der er inga dramatisk kurve for Donald, nevøane eller Wan Hu og dei andre dei møter på i fortida. Ting skjer slik dei sikkert ville ha gjort viss ikkje Hakkespettane hadde sendt dei attende, og der er ei kjenslemessig avstand til handlinga. Gagsene bygger ikkje opp rundt historiens tematiske kjerne, dei verker i staden å vere historias einaste raison d’etre. Den er av den typen Donald historier ein kan humre av medan ein les den, men som vert fort gløymd.
I kontrast kan ein sjå på den andre hovudhistoria i bladet, 10-sideren ”Den Store Bingen i Daudbilbakken.” Av Carl Barks. Dette er den første historia med Skrues pengebinge, som vert grundig introdusert, og tematisk er dette ei studie i paranoia. Skrues ekstreme frykt for tjuvar vert bygd opp gjennom ein straum av visuelle og verbale gags, Skrues handlingar viser kor ekstrem denne paranoiaen er, til den grad at dei alle vert fanga i den, og til slutt er det Skrues ekstreme tiltak som fører pengane hans rett i hendene på B-Gjengen. Ei ypperleg karakterstudie på 10 sider, vel verdt prisen på bladet åleine.
I tillegg er der ei fornøyeleg lita ”O’Henry” type historie om Magica fra Tryll av Doug Gray og Carlos Mota og ei B-Gjeng historie av Stefan Petrucha og Euclides (fortsatt neste veke), som tek eit interessant konsept – B-gjengen skal begå eit ran ein stad der det haldast eit kostymeball kor alle skal kle seg ut som B-gjengen – og spinner ein intrikat vev av gode gags rundt dei.
Elles ein del einsidarar og korte historiar som eg ikkje ynskjer å bruke tid på.
Alt i alt eit bra Donald-blad, og sjølv så skal eg passe på å få med meg slutten på B-gjeng historia i neste nummer.
Donald Duck & Co nr 18 – 2012
Knut Nærum, Arild Midthun, Carl Barks + diverse
52 Sider
Kr 36,90
Egmont Serieforlaget

NORSKE TEGNESERIER I FOKUS PÅ 5. MAI <- Eldre | Nyere -> DOBBEL-SPROING TIL BØRGE LUND





Deler din sans for B-gjeng-historien. Med Verdens styggeste diamant som et vittig element. Helt enig i at denne røverhistorien har bedre manus enn tidsreisen til Kina. Tidsreisehistorien er ikke dårlig, som du skriver, skorter det verken på handling eller dramatikk. Men alt skjer post for sedvanlige post gjennom en løype som faste Donald-lesere kjenner ut og inn. Ingen overraskelser eller originale vendinger. Jeg bifaller Barks-konseptet med verdenshistoriske innslag. Men når historiske fakta blir sentrale i en så oppskriftsmessig fortelling, virker det litt for tydelig pedagogisk. Type preg av skolefjernsyn. Midthuns tegninger er imidlertid en nytelse.
— Bodil Revhaug 10. May 2012, 22:14 #
Jeg har fått denne boka nå, “Gullskipet” er en fantastisk historie, takk til Egmont for å ha innlemmet Verhagen i Hall of Fame!
— Bodil Revhaug 17. May 2012, 18:35 #