Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

SPRINT INN I FRAMTIDA II: HALLOJ PÅ BØLJAN BLÅ ( 2.06.12 )

Vi tar enno ein kikk inn framtida for å sjå kva den har å by på av Sprint-historier.

Av: Knut Robert Knutsen

Som nemnt i forrige ”Episode” der eg diskuterte ”Månebase Z” skal eg ikkje her anmelde seriehefte på norsk, men hefte i Sprint-serien som enno ikkje er komne ut på Norsk og kanskje ikkje gjer det på ei god stund, men som er verdt å sjå fram til.

No er turen komen til det som er Bind 11 i den tyske versjonen av ”Spesialserien”, der ein del av historiane er nytolkingar av Sprint i forhold til innhald og/eller teiknestil.

”Panik im Atlantik” – ”Panikk på Atlanteren”

Utgangspunktet for historia er at vår alles helt (og pikkolo) , Sprint, vert overført frå hotel Moustique av den nye sjefen for å fylle ein plass på ”Havets Dronning II” (Königin der Meere i den tyske versjonen som eg las) som skal ut på Atlanterhavscruise med masse rikfolk ombord. Sprints kompis, journalisten Kvikk, dukkar opp som paparazzi på jakte etter bilete av den nye kjærasten til ei skodespelarinne som er gjest ombord og ender opp som blindpassasjer.

Lewis Trondheim er elles kjend for sine vakre, litt sære og ofte veldig vaksne serier, både som teiknar og forfattar. Her er han kun forfattar og konstruerer ei spenstig cruiseskip-farse der Kvikk får vise sin evner som sjarmør kryssa med ei spenningshistorie/mysterium om eit andre cruiseskip som forsvann på havet under utprovinga av eit kraftfelt som skal skydde skip mot isfjell (det eksentriske geniet Greven av Champignac er sjølvsagt involvert) .

Teiknaren Fabrice Parme leverer ein uvant Sprint. Dette er ein teiknestil langt frå Jije, Franquin eller andre klassiske teiknarar, og meir påverka av ein vagt geometrisk teiknestil tilsynelatande inspirert av diverse Amerikanske animasjonsdesign frå 1960-talet. Heile settinga (og ”produksjondesignet” kan ein vel kalle det) er og lagt opp til ein veldig stilrein og geometrisk 60-tals-stil.

Etter ei rekke med interessante scener der vi vert kjende med karakterane og konseptet inntrer katastrofa, og skipet hamnar i ei boble på havets botn. Ikkje langt frå der det andre skipet har låge i ei veke.

Trondheim utviser ein særeigen eleganse der han kryssar farse-elementa med ”katastrofe-genren”, med anslag som peiker an på usannsynlege kandidatar som ”Towering Inferno” og klarar å utvise ei ny vinkling på både Titanic og ”S.O.S. Poseidon”. Historia er ei vill blanding av humor, spenning og genre-parodi som samstundes klarar å vere forbausande original, noko som ikkje er så enkelt med denne typen parodier. Under det heile ligger ei forfriskande kynisk grunntone som gir verkeleg bitt til det ”sivilisasjonens forfall” som denne ekstreme situasjonen forårsakar ombord.

Dette er eit hefte som var veldig interessant for meg som (veldig) sporadisk Sprint-lesar, og eg vil håpe at den er interessant for både Sprint-fans og andre som kanskje vil forelske seg meir i dei delane av heftet som skiller dei frå tradisjonell Sprint. Underhaldande, intenst og morosamt var det iallefall.

Neste episode: Operasjon Flaggermus

Spirou + Fantasio Spezial 11: Panik im Atlantik
Lewis Trondheim (tekst)+Fabrice Parme (tekn.)
ISBN 978-3-551-77699-0
72 sider
12 Euro
Carlsen Comics

divider
  1. Huff da, jeg likte ikke denne historien heller. Kanskje det er en grunn til at det ikke har kommet ut på norsk?

    Det er verdt å påpeke at den finnes på dansk, som sikkert er lettere å lese for mange enn tysk eller fransk.

    Vi er veldig langt fra “vanlige” Sprint i denne rotete fortellingen, som blander barnerettet tegnefilmhumor med, som du sier, et ganske kynisk syn på menneskeheten. Besetningen på dette cruiseskipet er omtrent like udugelige, feige og selvopptatte som kapteinen på Costa Concordia.

    Det blir mye science fiction-tull med strålepistoler og bobler og sånn, der det er veldig viktig akkurat hvordan de tilfeldigvis virker i denne historien. Ikke særlig interessant, etter min mening.


    GH    4. June 2012, 12:37    #
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)