Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

VEKTARANE - FØR DEI VART KJENDE ( 9.06.12 )

Vi setter oss på tribuna og ser på medan DC Comics tergar ein slagbjørn.

Av: Knut Robert Knutsen

(Merk: Dette er ei anmelding av ein serie som er utgjeve i USA denne veka, ikkje noko som er kome på norsk eller som der er informasjon om at kjem til å kome på norsk.)

26 år etter at Alan Moore og Dave Gibbons laga den bestseljande og kritikarroste serien ”Watchmen” (Norsk: ”Vektere”) kjem der endeleg ein oppfølgjar: ”Before Watchmen”, i 35 hefte, fordelt over 7 miniseriar og ein epilog. Alle seriane er laga av nokre av DC Comics og USAs beste kommersielle serieteiknarar og forfattarar.

Det som sikkert er skåret i gleda for mange er at forfattaren av den opphavlege serien, Alan Moore, ikkje er blid. For han har mest lyst til at DC Comics berre skal slutte å trykke opp att serien slik at han kan bruke ein straffeklausul mot dei for at dei ikkje har halde løftet sitt om å halde den tilgjengeleg. Slik kan han nemleg få opphavsrettane attende til seg og teiknaren Dave Gibbons. Som berre sukkar oppgitt fordi han har jobba i 25 år med å få Moore med på ein oppfølgjar dei kunne gjere saman. No har han langt om lenge gitt opp og sagt OK til forlaget. ”Berre lag noko utan meg.”

Førstemann ut er forfattaren Darwyn Cooke som er kjend for slike flotte superheltverk som ”Justice League: New Frontier” (som og er komen som teiknefilm) og hans kompromisslause adapsjonar av Donald Westlakes Hardkokte ”Parker”-bøker skrivne under pseudonymet Richard Stark.

Hans bidrag er første nummeret i ein 6-delars miniserie kalla ”Minutemen” (eit gamalt ord for ein type militsmenn, og namnet på superheltgruppa i ”Watchmen”).

Han byrjar bladet med ei serie augeblikksbilete der den same halvsirkel-forma går att, med ei forteljarstemme over som kjem med filosofiske tankar om livet. Ei klar både biletleg og tekstleg referanse til stilen i den opphavelege ”Watchmen”-serien (sjølv om han har lagt seg på eit anna layout-format. Men på teksten så sviktar den litt, den har ikkje det same elegante og brutale språket som til dømes Rorschach si forteljarstemme i originalen.

Men det er Cooke klar over, for han ender sekvensen med at karakteren Hollis Mason (Nite Owl) sit ved skrivemaskina si, ser skuffa på det han har skrive og seier til hunden sin: ”I guess we’ll just have to stick to being ourselves, huh?” (”Eg tenkjer vi får berre vere oss sjølve, ka?”)

Ei klar melding til lesaren altså, om at klart dei (alle som er med på prosjektet) kunne prøve å imitere Moore, men det hadde ikkje blitt noko bra. Så dei kjem til å gjere seriane på sine eigne måtar og med sine eigne stilar.

Det er nok ikkje tilfeldig at serien startar med karakteren Hollis Mason for i ”Watchmen” vert det referert til ei utleverande bok han skreiv om alle superheltane. Det er den han held på å skrive ”no”, og det gir Cooke høve til å introdusere alle dei sentrale karakterane raskt og på spanande og detaljert måte utan å måtte bry seg om eit fyldig hovudplot i historien.

Darwyn Cooke gjer unna mykje ryddearbeid altså for å gjere det lett for oss å akseptere den nye versjonen av dette superheltuniverset. Og han levnar ingen tvil om at dette er ei klassisk tilnærming til superheltar. Der Moore og Gibbons såg på superheltane med eit kjølig, distansert og til tider kynisk blikk, er Cookes tilnærming intens, intim og personleg engasjert. Karakterar som verka utilnærmelege i originalen er her mykje lettare å verte engasjert i.

Den kjølige distansen var sjølvsagt perfekt for det Moore og Gibbons ønska å seie i ”Watchmen”. Alan Moore har mellom anna sagt, i forhold til det at han meiner at det er dumt å lage ein slik ”forløpar” til ”Vekterne”, at karakterane ikkje hadde fleire historier i seg enn den han gav dei i originalen.

Dei versjonane Darwyn Cooke gir oss derimot, synast som ganske gode, vanlege superheltar som ein kan lage så mange historier som helst om.

Denne serien, og sikkert dei som kjem etter er dermed definitivt noko heilt anna enn ”Watchmen” både på godt og vondt.

Godt fordi trass i kvalitetane til ”Watchmen” så er det mange som har gått lei av det mørke synet på superheltar som boka drog med seg og gjorde populært og nesten altomfemnande. Godt fordi dette er interessante karakterer som det faktisk kan løne seg å kome nærare innpå. Og godt fordi der er lite poeng i å tråkke opp same spora som originalen.

Og vondt fordi det trass alt er slik at både Moore og Gibbons er særs gode serieskaparar og det hadde vore flott å sjå dei saman igjen. Anten det var med ein ny ”Watchmen” eller med noko heilt nytt.

Så superheltlesarar : løp og kjøp, dette er flotte klassiske superheltseriar av eit av bransjens topptalent. Og resten av seriane er sikkert verdt å sjå på og. (Eventuelt for dei som ikkje bur i ein storby nær ein spesialbutikk for teikneseriar, så kjem sikkert samlebøkene om ca eit halvt år).

Og Alan Moore fans: Løp og kjøp, slik at de kan bruke heftene i magiske ritual der de lyser forbannelser over forlagssjefane til DC Comics for måten dei har behandla Alan Moore på.

Before Watchmen – Minutemen 1
Darwyn Cooke
32 sider
3.99 US Dollar
DC Comics

divider
  1. Noen ganger bør du la være å løpe å kjøpe. Dette er en av dem. Uansett hvor bra denne serien er, så er det fullstendig respektløst å kjøpe den. Det er respektløst mot Alan Moore og alle andre serieskapere som ønsker kontroll over sine egne verk. Hva om noen fant et smutthull i kontrakten til Bill Watterson og bestemte seg for å lage en ny Calvin and Hobbes? Hvis du er tilhenger av de som faktisk lager serier og ikke de som gir de ut, så kjøper du ikke denne serien.


    Henry Bronken    10. June 2012, 11:09    #
  2. Forslag til radbrekking av Wattersons verk, gratis til de som har lyst å gå den leia:

    “Before Hobbes” – Om livet til Tommy/Calvin før tøytigeren dukket opp.

    “Evil Stripes” – Om tøytigerens liv som skummel bakgårdstiger, før Tommy fant ham.

    “Eternal Friendship” – Hele konseptet snus på hodet. Tommy er drept på grunn av en halsbrekkende utforkjøring med lekebilen, og vi følger Tigerns liv uten sin menneskevenn, som han nå kun har kontakt med igjennom sin egen fantasi.

    “Calvin Mayhem” – Tommy har fått evner som gjør at alle katastrofene han har lekt faktisk utspiller seg i virkeligheten. Fly styrter, tog sporer av, aliens invaderer jorden, osv – alt mens vår venn leker uskyldig i sandkassen bak huset.

    Ai, mulighetene er så mange… :D


    Lien    10. June 2012, 13:19    #
  3. Det mykje omtalte “Smuttholet” i Moore og Gibbons sin kontrakt var ein klausul som er ganske vanleg i bokbransjen, der utgivaren forpliktar seg til å halde boka i trykk og på lager slik at den er tilgjengeleg for sal og forfattarane er istand til å fortsetje å motta royalties.

    Alan Moore hadde høve til å få kontrakten gjennomlese av ein advokat og få den forklart for seg, men lot vere fordi han sjølv meinte at han forstod kontrakten til fulle.

    Straffa for forlaget,her DC Comics, viss dei ikkje levde opp til sin del av avtalen, var stipulert til å vere at alle rettigheitene til boka, her Watchmen, ville overførast til forfattarane (det vil seie serieskaparane Alan Moore og David Gibbons).

    Alan Moore hevdar at han forventa at sala av Watchmen ville avta etter ei stund, at DC Comics ikkje ville ta kostnadane ved å trykke opp fleire opplag etter ei stund og risikere å brenne inne med eit stort lager av desse bøkene. Og at dei difor ville la boka gå ut av trykk og falle attende til Moore og Gibbons.

    I samtidige intervju synast han å vere særs tilfreds med dette.

    Moore gambla difor på at DC Comics, trass i denne straffeklausulen, ikkje ville leve opp til sine kontraktsmessige forpliktelsar.

    Så klagemålet til Alan Moore er at DC Comics ikkje braut kontrakten og at han difor ikkje fekk eit juridisk grunnlag til å kreve rettigheitene attende.

    DC Comics har heile tida betalt Alan Moore og Dave Gibbons dei avtalte royalties på boka, som i åras løp har solgt ganske mykje og gitt begge serieskaparane store inntekter.

    Det einaste feilskjæret var at DC Comics tidleg i Wathmens suksess laga ein del spin-off produkt til sal, slik som posters og buttons etc. Det vart ein kortvarig strid om dette var lisensprodukt som Moore og Gibbons skulle ha prosenter av, eller promosjonsmateriale som falt utanfor. Men denne situasjonen vart løyst.

    DC Comics har i alle dei 26 åra etter den første Watchmen-serien vart utgitt hatt fulle juridiske rettar til å lage nye serier og produkt med desse karakterane, så lenge dei avtalte royalties vart betalt og den originale serien framleis var tilgjengeleg for sal.

    Allikevel, utav respekt for serien, og basert på eit ynskje om å jobbe med Moore att (Gibbons har ved fleire tilfelle sidan jobba for DC Comics) så lot dei vere. Samstundes som dei heile tida har prøvd å forhandle fram ei løysing på konflikten som ville få Moore og Gibbons med på eventuelle oppfølgarar og/eller jubileumsutgåver av boka og diverse. Dette er dokumentert i mange intervju og artiklar gjennom åra.

    Visstnok skal DC Comics til og med ein gong ha tilbode Alan Moore å uansett føre alle rettane til serien over på han, mot at han skreiv ein annan Watchmen eller Watchmen-liknande serie for dei, som han og ville verte kompensert for.

    Sjølvsagt står det Moore heilt fritt å ikkje gå inn på slike avtaler, uansett kor mykje Dave Gibbons skulle vere interessert i det.

    Det bør anførast at Dave Gibbons, som er like mykje ansvarleg for Watchmen som Alan Moore, har sagt at det er heilt greit for han at dei lagar denne serien og at han ynskjer dei lukke til.

    Der er altså ingen juridiske fiksfakserier eller forsøk på svindel frå forlaget si side i denne situasjonen, og det er kun ein av dei to skaparane som er misnøgd.

    Dette er soleis ikkje eit “Creator Rights issue”.

    Heile denne konflikten bunnar i at Alan Moore er sinna på DC Comics fordi dei er ueinige med han om ein del ting som ingen lenger bryr seg om.

    Denne “boikotten” er basert på grunnlaust føleri og ein djuptgåande forakt for tanken om at meiningane til Dave Gibbons, som 50/50 medskapar av denne serien, bør takast omsyn til.

    Ved å boikotte Before Watchmen, så er den “klare beskjeden” ein sender at ein ikkje vedkjenner at Dave Gibbons, som medskapar av Watchmen, har nokon som helst “skaparrettar” eller rett til å uttale seg og at det ikkje teller om eit forlag opptrer redeleg og etterlever kontrakten på ein måte som er til gjensidig økonomisk fordel.


    Knut Robert Knutsen    10. June 2012, 13:27    #
  4. Dette dreier seg ikke om gyldigheten av en kontrakt som Alan Moore burde ha lest nøyere. Dette dreier seg om hvordan forlag bør behandle sine serieskapere. Når det gjelder “redeligheten” til DC Comics så kommenteres dette i detalj av Moore selv her: http://www.seraphemera.org/seraphemera_books/AlanMoore_Page1.html

    Fra samme intervju vedrørende potensielle lesere:

    ” As for the readers, I have to say that if you are a reader that just wanted your favorite characters on tap forever, and never cared about the creators, then actually you’re probably not the kind of reader that I was looking for.  I have a huge respect for my audience.  On the occasions when I meet them, they seem, I like to think, to be intelligent and scrupulous people.  If people do want to go out and buy these Watchmen prequels, they would be doing me an enormous favor if they would just stop buying my other books.  When I think of my audience, I like to have good thoughts and think about how lucky I am to have one that is as intelligent as mine and as moral as mine. ”


    Henry Bronken    11. June 2012, 00:12    #
  5. Dette er Alan Moores synspunkt, greit det. Eg berre finner dei ikkje truverdige.

    Viss folk var så intelligente og hadde så mykje skruplar som han snakkar om her, så ville dei ikkje ha lese teikneseriane til Alan Moore heller.

    Eg har lese fagpressen frå Comics Journal til Bleeding Cool i 20 år, og det er ikkje utan grunn at der er få serieskaparar som jobbar med han om att.

    For å tilfredsstille sitt eige ego så har han hindra forskjellige gjenopptrykk av serier som Captain Britain (med Alan Davis), 1963-prosjektet frå Image og jubileumsutgåver av Watchmen (samt trenert spin-offs i 26 år) imot ønskene til serieteiknarane som jobba saman med han. Og dette kjem frå serieskaparane sjølve.

    Ikkje la det vere noko tvil, når Alan Moore snakkar om “Creators Rights” så snakkar han kun om sine eigne rettar, ikkje rettane til dei som jobbar med han og ikkje rettane til folka som han brukar karakterane til.

    Når han brukte Peter Pan karakterer i ein pornografisk setting som grensa til barneporno så gav han totalt blaffen i at boka framleis er opphavsrettsskydda og at rettigheitshavaren er ein barneheim.

    Den kontrakten DC Comics gav Moore og Gibbons var jævla god. På ei tid då nesten alt av boksamlingar forsvann frå hyllene for alltid etter mindre enn eit år, så la dei inn ein klausul som tvang dei til å fortsetje å gjere den tilgjengeleg for ikkje å miste rettane. Og så sjokkerte dei Alan Moore ved faktisk å leve opp til sine eigne forpliktelsar. Det er det han klagar over.

    Enkelte av dei tinga han påstår i intervjuet du linkar til gjer at det er nesten pinleg å lese, for han viser total mangel på forståelse for kva dei kontraktpunkta han skildrer eigentleg går ut på.

    Alan Moore har hata DC Comics i 25 år på grunn av 2 ting: 1) det vart noko klabb fordi DC Comics klassifiserte nokre posters og buttons og diverse med Watchmen-bilete på som “markedsføring” heller enn “lisensprodukt” med det resultatet at Moore og Gibbons gjekk glipp av ein del pengar (ikkje mykje). Dette vart rydda opp i. 2) DC Comics innførte aldersgrensemerking på teikneseriane sine sjølv om Alan Moore protesterte.

    That’s it. Utanom det så hadde Alan Moore nokon av tidas beste kontraktar og vart behandla med enorm respekt.

    DC Comics kunne ha utgitt meir Watchmen-serier frå 1987 og utover. Dei venta i 25 år før dei gav opp å verte forlikte med Moore. Og det er etter 25 år med forsøk på mekling frå Dave Gibbons si side.

    Alan Moore er , eller har i alle høve vore, ein brilliant forfattar. Men han har og ein klar tendens til å overdrive om kor ille han har vorte behandla og ein tendens til å hate forlaga han har jobba med intenst og lenge over relativt småpirk som dei aller fleste serieskaparar vert utsett for heile tida. Han er enklare å såre og skuffe enn Siv Jensen i valkampsesongen.

    Setter du mangemillionæren Alan Moore ved sidan av dei dusinvis av andre tidlegare krtitikarroste og populære serieskaparane i USA av hans eigen generasjon som er avhengige av veldedige bidrag for å klare seg, så er det vanskeleg å sjå for seg at han er eit offer i den graden han vil ha det til.

    Den “rørsla” som vil boikotte Before Watchmen på grunn av at Moores “Creators Rights” har vorte krenka, aksjonerer på eit heilt falskt grunnlag.

    Folk kan gjerne boikotte Alan Moore, men viss ein oppfordrar andre til å gjere det, så må sanninga på bordet. Og sanninga er at dette er berre Alan Moore som har lagt forlaget for hat over småting, ikkje ein kamp for serieskaparar sine rettar.


    Knut Robert Knutsen    11. June 2012, 01:06    #
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)