VEKAS FANGST (14.06.12 )
Eit veldig kjapt blikk på vekas nye teikneserier. Ikkje blunk.

Vi er no komne til veke 24, og der er ein del bra seriar denne veka, så eg tar liksågodt og kikar på det eg har fått tak i.
LUNCH 3: Team Spirit
Vi er komne til tredje album i Børge Lunds Lunch-serie. Det startar med ein knakande morosam ny 9-sider om teambygging og fisketur. Litt mykje Kjell-dominert kanskje, men gode gags. Vidare ein del striper, eit humoristisk midtside oppslag om ”typer” møtedeltakarar, eit tilbakeblikk på seriens første striper og så ein ny 5-sider som òg er ganske god, men her er det samspelet mellom karakterane som gjer utslaget.
Sterkaste Lunch-albumet så langt og kjekt med såpass mykje nytt materiale, over halvparten av sidene.
Egmont Serieforlaget/ 32 sider/ kroner 49,50.
M NR. 6
Mads Eriksen leverer vel mest gamalt M-stoff her, det er 1 eller 2 striper eg er usikker på men elles har vel dette vore i bladet før. Ingen av sekvensane er frå øvste hylle, men morosame likevel. Dilbert har kome til her, bra Dilbert-materiale men for meg litt malplassert i denne miksen. WUMO-stripene denne gongen er skikkeleg rå, nokre bra Aragonès-sider òg. Svenskekvoten, Lindström, Biller og Wanloo, leverer nokre flotte højdare. McCoys sine einrutarar hadde veldig trøtte poeng denne gongen, synast eg. Om Karine Haalands striper kan eg berre seie at eg kjenner meg veldig gamal for det var ein gong at eg hadde ledd godt av desse poenga, men det er ikkje lenger ein serie for meg.
Veldig middels denne gongen, altså, redda av gode striper frå våre danske og svenske naboar.
Schibsted Forlag/44 sider/ kroner 37, 50
KAPTEIN SABELTANN Nr 4.
Ikkje eit blad eg les til vanleg, eg går utifrå at målgruppa er anten veldig ung eller ungar som er mest Sabeltann-fans og ikkje så opphengt i serier og lesing enno. Der er to historier, den første av T.Skrivestad og to italienske teiknarar er ein 7-siders gag-historie der Kaptein Sabeltann sender Langemann i land for å hente ein skatt og Pelle og Pysa klønar det til. Litt monstermoro og mykje slapstick. Ein god del svake punkt i teikningane her, synast eg, men ikkje så mykje at nmålgruppa vil leggje merke til det. Den seinare 5-sideren (eit opptrykk frå 2008) av Dag Kolstad (forfattar) og Asbjørn Tønnesen (teiknar) er betre både på karakterar og teikningar, men historia er tynnare. Elles ein del oppgåver og lesarteikningar og ein flott midtsideposter. .
Kun for veldig unge barn (eg ville sjølv sagt under 7, men max 10) som er ihuga Kaptein Sabeltann fans, men for dei så vil dette nok vere eit flott blad.
Egmont Serieforlaget/ 36 sider/ kroner 49, 90.
TEX WILLER 463 – Sabotørene
Dette er andre del av ein tre-parter av Mauro Boselli og Leomacs. Eg har snakka litt meir om den i oversikta over Tex-historier som kjem i år, her:
http://www.serienett.no/article/1360/gulskjorte-i-yellowstone
Etter no å ha fått lese den skikkeleg, så er denne andre delen presentert med ein veldig truverdig og røff tidskoloritt, meir ”Unforgiven” enn ”Bonanza”. Actionscenene er intense og fascinerande og til og med birollane er designa og presentert med flid og omtanke. Tex Willer og Kit Carson er her mykje røffare og lenger over i gråsonene enn vanleg.
Beste Tex på lenge.
Egmont Serieforlaget/ 116 sider/ kroner 39, 50.
BILLY nr 12 med Bilag
Her er der ikkje stort å seie, utanom å liste opp seriane:
Billy, Tommy og Tigern, Tundra, Pusur, Tonys, Dustin, Sumpen, Betty, Zits.
Dette er gode serier, og der er ikkje noko å utsetje på dei. Billy-stripa er faktisk mykje betre enn sist eg las heftet (som no er ganske lenge sidan) sjølv om eg kjenner att mange av dei løpande gagsene. Chris Browne er framleis ikkje like bra på Hårek som Dik, men han òg er i god form her, spesielt med ei veldig morosam spåkone-heilside. Betty er eit kjekt gjensyn, og i Zits er Jeremy veldig rotete, forvirra og tenåring.
Billy har vel lenge vore eit meir sedat hefte med familieorienterte striper, ingenting gale med det, sjølv om smaken min går meir mot det litt uforutsigbare.
Der er med eit bilag over 5 forskjellige seriar som her ”pøvespelar” om ein plass i bladet, og redaksjonen ønskjer innspel. Det er den klassiske og brilliante Hekse-hilda av Russel Myers, i god form som vanleg.
Den nederlandske serien Elsje handlar om ei sprø og vilter lita jente, flott teikna og plassert ein stad mellom Trulte og Lille Sprint på sjangertreet.
Game over er ein spin-off av Kid Paddle og er ein sprø, rølpete humorserie som føregår inne i eit videospel.
Dei to siste er ”Hurtigmat” og ”Tegn på at du bør bytte…” – einrutarar av Marius Henriksen, kjend frå Eon, som etter mi meining er det svakaste av alternativa. (Sjølv er eg veldig svak for Elsje-serien og synast den ville passa utmaerka i bladet).
Eit veldig godt Billyblad, med litt for heilefamilien.
Egmont Serieforlaget/ 52 sider/ kroner 39, 50.
NEMI NR. 6
Bladet byrjar bra, med Grim-striper. Nemi-serien har fått ein ny giv dei siste åra, om det skuldast Nemis nye kjæraste Grim og den endringa i seriens tematikk karakteren medfører eller om Grim berre er eit symptom på ein auka entusiasme ho Lise Myhre, det veit eg ikkje. Uansett, mykje bra her.
Der er og ein del gode tilbakeblikkstriper seinare i heftet, mellom anna overhøyrer Nemi at vår alles venn Patrick innrømmer at Wrestling er ein sport medan fotball ikkje er det.
Masse gode biserier, mellom anna: Jan Stenmark viser fotoalbumet, Bizarro i toppform med Bride of Frankenstein og Superhelter i Ville Vesten, Drefvelin framviser sitt behov for intens terapi, Perry Bible Fellowship er uforutsigbart og uutgrundeleg som vanleg. Og Astrid Hansens Sjofel dukkar opp i ein litt uventa gjesteopptreden.
Men det beste ved heftet, eller det eg har venta mest på, er avslutninga av innstikks-føljetongen ”Anyas Spøkelse”: Anya konfronterer endeleg både det ustyrlege spøkelset og dei dårlege sidene ved seg sjølv og vi får ein trist og tilfredsstillande ending på denne flotte historia.
Kanskje lurt å samle den i bok?
Egmont Serieforlaget/ 44+32 sider/ kroner 49, 50
RESTEN
Utanom desse seriene kom det denne veka ut :
Fantomet: Gullalderen
Tom og Jerry Aktivitetshefte
Donald Duck Junior
Og på fredag kjem Pondus og Donald. Viss der er nokon som har ris eller ros til desse andre seriane som ikkje er omtalt, eller anbefalingar, så kom gjerne med det i kommentarfeltet saman med kommentarar om dei omtalte seriane.

SERIETREFF TIL HARSTAD <- Eldre | Nyere -> KRUSEDULL ER TILBAKE





Meget bra gjennomgang! Når det gjelder M tror jeg det var lengesiden det var noen nye striper i bladet. Tror ikke det var noen nye i nummer 6 heller…. vet ikke hva som skjer med M bladet og Mads Eriksen for tiden. Har han gitt opp bladet sitt eller…det kommer jo null nytt fra Mads? Trodde han kjempet seg tilbake? Noen som vet?
— Jonas Olsson 15. June 2012, 10:04 #
Mads har vore open på at han har slitt, og at han framleis sliter er vel ikkje merkeleg, men eg trur ikkje det vert sagt så mykje om det. Og eg veit ikkje om vi eigentleg trenger å få fortalt så mykje meir. Det hadde sjølvsagt vore greit å vite om det er “nye” eller “gamle” striper viss M er einaste grunnen til at ein kjøper.
Eg synast det er bra at han har såpass med gode biserier som Wumo etc. slik at ein har nokre solide nye ting trass alt. Men eg trur det han verkeleg trenger er å settast i par med ein annan god “A-liste” serie.
No er der jo komne to gode nye serier, Lina Neidestams Zelda og Jorunn Hant-Haugse sin Reform 94 som dei enno ikkje har plassert i eit blad. Begge desse verkar som dei kunne ha vore solide vitamininnsprøytingar for eit blad som M.
— Knut Robert Knutsen 15. June 2012, 11:19 #
Fortalte Mads noe nytt om sitt arbeid på OCX?
— Lien 15. June 2012, 12:37 #
Jorunn H-H er ein av dei hottaste serieskaparene i Noreg i dag – vakne opp, forlag! Gje jenta plass i blada dykkar! Kvifor skal alt ta så forbaska lang tid?
— Arild 16. June 2012, 00:08 #
Jorun har fast plass i Eon…
— Frank Flæsland 16. June 2012, 05:50 #
Kanskje eg burde begynne å kjøpe Eon….
— Arild 16. June 2012, 18:38 #
Humor er så individuelt, jeg syntes alle seriene i Billy-bilaget var gørre. Redaksjonen fortjener uansett ros for å ta leserne med på råd. Uten at det pleier å gå i min favør: jeg sørger ennå over at Alice røk ut etter kort tid. En trøst at både Zits, Betty og Tundra har greid å klore seg fast.
Serien Nemi ble merkbart bedre både i utførelse og innhold etter Lise Myhres barselspermisjon. (Grunnlag for et forskningsprosjekt?:-D) Helt enig i at Egmont gjerne kunne utgitt Anyas spøkelse i bokform. Bibliotek-potensiale!
Vi trenger ikke å få vite HVORFOR Mads knapt leverer noe nytt, men M-redaksjonen burde for skams skyld beklage, og informere om hvorvidt det er utsikter for mer nytt stoff med det første. Hvis redaksjonen ingenting vet, er det også informasjon som burde gått ut. Trofaste abonnenter holdes for narr når det går ÅR med så å si bare repriser av hovedserien – uten et pip fra redaksjonelt hold. Jeg klandrer ikke Mads, det er utgiver og redaktør som står ansvarlig overfor leserne. Nå har de i alt for lang tid forholdt seg tause og gitt ut et narreprodukt.
— Bodil Revhaug 18. June 2012, 05:42 #
Helt enig med BR i hennes siste avsnitt om M, dette er ikke bra.
— Arild 18. June 2012, 08:08 #
Ja, jeg er også enig med BR og Arild. Trenger ikke en diskusjon om HVORFOR. Men det er utrolig kjipt og frustrerende å glede seg til neste nummer av M bare for å møtes av “Klassikere” en komplettist lest 100-tals ganger tidligere. Og ikke et lyd fra redaksjonen…..skjønner vel at en kommentar ikke er et genitrekk kommersielt…..men hva med oss trogne lesere?
Og når det er sagt levner jo f.ø. de omslagene, som kun er en oppblåst rute fra serien, mye å ønske.
— Jonas Olsson 18. June 2012, 13:12 #
Eneste råd som trolig virker: slutt å kjøpe M umiddelbart. Det sender en beskjed der den merkes: rett i pungen.
— Arild 18. June 2012, 16:44 #
Du har rett, Arild. Nå sier jeg opp abonnementet. Skulle gjort det for lenge siden.
— Bodil Revhaug 19. June 2012, 03:11 #
Er selvsagt ikke ute etter noen diskusjon omkring Mads og hans grunner for å ikke levere stoff. Der vet man jo allerede nok. Men jeg bare lurer på om det kom fram noe nytt fra den kanten under OCX. Han og Børge ble jo intervjuet sammen, og det ville vært rart om temaet ikke kom på banen.
Lager han serier for tiden? Hva tenker han selv om tørken sin, og hvilken planer har han fremover? Sa han noe av dette, eller var det kun snakk om arbeid han allerede har gjort?
Uavhengig av forlagets avgjørelser er jo slike ting svært interessante å vite for oss andre som ikke var der, siden vi imo snakker om en av de aller beste stripetegneren vi har hatt her i landet.
— Lien 19. June 2012, 10:14 #
Jeg etterlyser samme info – hva er poenget med å intervjue ME på OCX hvis dette ikke blir luftet? Og jeg er enig med Lien: ME er en av de beste stripetegnerne i Norge. Men han leverer ikke lenger. Er dette et “not”-tema i et intervju?
— Arild 20. June 2012, 03:11 #