VEKAS FANGST VEKE 25 (20.06.12 )
Vi halar inn nokon skikkelege ruggar av nokon teikneserier og går langt over kvoten.
Ein del tjukke teikneserier denne veka. Berre ei kort oppsummering av kvar enkelt.
SPRINT

Det nye Sprint albumet er endeleg kome. Eg har tidlegare vore inne på det her:
http://www.serienett.no/article/1352/sprint-inn-i-framtida
Ikkje stort å leggje til, utan at den norske teksten er bra og historia spanande utover det teikningane lovar. Vel verdt å få med seg no når det endeleig har kome.
Sprint 59: På Skyggesiden av Z
Yoann (teikn.) Fabien Vehlmann (forf.)
ISBN 978-82-849-4696-6
52 Sider
Kr 59,50
Egmont Serieforlaget
WUMO
Såvidt eg skjøner så er det Wumo-boka som kom i harde permar i november 2011 til 200 kroner som no er komen i softcover til halve prisen. Kjend frå mellom anna M, så er dette ei solid samling , groteske, ekle og hysterisk morosame Wumo teikningar, 1-2 på kvar side.
WuMo: Absolutt Galskap
Av Wulff og Morgenthaler
ISBN 978-82-02-39355-7
100 sider
Kroner 99,-
Cappelen Damm
FANTOMET

Fantomet historien er av Pellarin og Spadari, og handlar om uetisk gruvedrift som trugar miljøet i Bengals junglar. Ein ganske grei, tradisjonell actionhistorie.
I tillegg er det her eit heilt Thorgal album: Jotnenes land. Thorgal har mista hukommelsen og Kriss av Valnor har lurt han til å vere med ho og bygge ein suksessrik plyndrarhær. Men så kjem nokon som kan fortelje Thorgal (eller ”Shaigan” som Kriss kallar han) kven han eigentleg er. Stort spenn i denne og mykje god action.
Opptrykka av Ray Moores Fantom i fortsetter i ”Mysteriet med Sjøguden” (skjønt teikningane liknar meir på hans assistent og etterfølgar Wilson McCoy, utan Moores karakteristiske drybrush teknikk.) , i tillegg ein del flotte sundagssider av Sy Barry om Alexander den Stores Diamantbeger.
Bernard Prince har andre delen av ”En dødelig felle” .. med Dany på teikningar. Greg som vanleg på Manus. Mykje god action som vanleg. Elles er det vel litt smak og behag om ein føretrekker Hermann, Dany eller Vance på denne serien.
Fantomet 13/14
Falco Pellerin(forf.) Cèsar Spadari (teikn) + diverse
132 Sider
Kroner 49,50
Egmont Serieforlaget
THOR

Her vert det henta fram fleire av Marvels Kosmiske Vesen (Den Ukjente – her: the Stranger – Samleren – her: The Collector – og Ego – den levande planeten) for å gi Thor noko å bryne seg på. Thor hamnar midt i ein konflikt mellom desse vesena sentrert kring Ego’s ukjente tvillingbror, Alter Ego. Det er mykje filosofering og forklaring heller enn action her, og ein saknar den intense og actionfylte idèstormen som ein fekk i den mykje kortare opphavlege Ego-historien til Lee og Kirby. Flotte teikningar, men i ein slags malt fargeleggjingsteknikk som virkar unødig mørk og grumsete her.
I tillegg må eg berre påpeike at med handtekstingsfonter så skal ein ikkje ha stor ”i” med Serif (kryssbjelkar oppe og nede), inne i eit ord. Kun som stor bokstav først i avsnitt eller som det engelske pronomenet ”I”.
Kosmisk historie, treig, snakkesalig og dekomprimert historieforteljing og mørke teikningar, men allikevel bra viss ein likar denne moderne Marvel-stilen.
MSA4: The Astonishing Thor
Robert Rodi (forf.) Mike Choi (teikn.)
132 Sider
kr 99,-
Schibsted Forlag
ALLIANSEN

Med eit filmspesial forventar ein seg kanskje at dette er ein serieadapsjon av plottet til filmen, eller at historiane inni er knytt til filmen. Det er dei ikkje. Der er info-sider om karakterane frå filmen med fotos og slikt (litt grumsete trykk, men elles OK) og nokre oppgåver.
Hovudhistorien er eit møte mellom Thor og Captain America av Roger Langridge og Chris Samnee, og er ein oppfølgjar til deira kritikarroste miniserie ”Mighty Thor” som framleis ikkje er komen på norsk. Ein veldig god korthistorie her, både for nostalgikarar og yngre lesarar.
Den andre historien er med Iron Man og Black Widow, av Paul Tobin og Ronan De Oliver. Etter alt å døme er den frå ein av Marvel Advnetures titlane (meir tilgjengelege Marvel-titlar for yngre lesarar). Teiknestilen er klassisk Ron Frenz/Pat Oliffe-type nøytral men dynamisk og historia godt fortalt.
Eit godt introduksjonshefte for ungar som vil ha ein mjuk start i å verte kjend med Avengers, historiane er elles gode for alle aldrar. Men som filmspesial så burde redaksjonen ha prøvd hardare for å finne meir relevant materiale.
Avengers Filmspesial
Roger Longridge (forf.) Chris Samnee (teikn) + diverse
68 Sider
kr 59,50
Schibsted Forlag
UNGDOM I TRØBBEL

Zep sine heilsider er nok kjende frå Kollektivet. Ikkje alle stripene har ein felles hovudperson, men felles for mange av dei er ein bråkåt, musikkinteressert ungdom. Mange gode, usensurerte striper her om sex, alkohol, sex, musikk, sex og forhold. Greit album å ta seg tid med, det er lett for at gagsene ikkje heilt kjem til sin rett viss ein les alt på ein gong.
Om Damer Sex Og Rock
Zep
52 Sider
Kroner 59,50
Schibsted Forlag
I tillegg skal visst Donald 25, som kjem fredag, ha ein Arild Midthun historie.

FANTOMET NETTOPP NÅ <- Eldre | Nyere -> DE SOM OVERLEVER





Igjen, en fin oppsummering av ukens blader. Det jeg syntes var litt kjipt med Zep albumet var at det var trykket på litt kjipt papir. Ellers et morsomt album som omveksling.
— Jonas Olsson 21. June 2012, 08:41 #
Har nett kjøpt “Thor – the Mighty Avenger” av Roger Langridge og Chris Samnee på Outland. Og eg skyr Marvelsaus som pesta… Dette er ei kjempefin rad forteljingar. Full av “sense of wonder” i møtet mellom jenta Jane frå museet og den noko forvirra hjelmpryda karen frå Åsgard.
Typisk nok vart den stoppa av forlaget, den var vel for ulik det bombastiske som prega hovudserien. Det ser heller ikkje ut som om den kjem på norsk, men dette hadde vore eit mykje betre val enn dette kjedelege vaset som kom no i veka.
Schibsted har opsjon på norske Marvel-utgjevingar, men treffer sjeldan blink, dessverre.
— Arild 21. June 2012, 11:56 #
Thor: The Mighty Avenger er ikkje berre stoppa av forlaget. Roger Langridge har i ljos av seinare tiders opprop om boikott av Marvel over Kirby-saka sagt at han foretrekker å jobbe med serier utan desse etiske problemstillingane. (Dvs. Han vil ikkje jobbe for Marvel lenger). Elles har han jo laga ein del anna flott og er no manusforfattar på den nye Popeye serien.
— Knut Robert Knutsen 21. June 2012, 12:08 #
Elles kan det nemnast at Olaf Solstrand har ei kort oppsummering av innhaldet i vekas Donald her:
http://www.andebyonline.com/forum/3506/8/
Donaldhistorie av Tormod Løkling og Arild Midthun
— Knut Robert Knutsen 21. June 2012, 18:13 #
Har du forsøkt deg på “The Other” i Marvel Spesial samleutgave (fortsatt i salg der ute), Arild? Kanskje verd å spandere under hundrelappen på tre hundre sider i farger med nettspinneren på randen av stupet. Tre forfattere bidrar på dette eposet, av disse er Peter David en stor favoritt som har gjort sine saker meget bra hos Marvel.
For meg vil alltid Spider-Man fungere best i sin jordnære rolle på evig jakt etter nok kronasje og nye oppdrag i sin sivile rolle, og som en sosial velgjører. Like fullt, deler av “The Other” er svært velgjort (og meningsfylt).
— Jostein Hansen 22. June 2012, 12:51 #