Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

LUCY DEN UOPPNÅELEGE (10.07.12 )

Eirik Andreas Vik og Fredrik Rysjedal minnest Raptusfestivalen 2011 på det mest passande viset – Med ein eigen teikneserie.

Av: Trond Sätre

Denne kuriøse, vesle saken med tittelen “When We Met Lucy Knisley” fann eg på OCX, der skaparane sjølv (naturlegvis) satt og selde den. I serien, som gir seg ut for å vere «nesten 20 % sant» og «90 % bullshit», bruker skaparane heile festivalen på å prøve å komme i kontakt med den søtaste av festivalgjestene: Lucy Knisley. Eg røper vel ikkje for mykje om eg seier at så langt kjem dei aldri – Mykje fordi vår eigen Kristian Hellesund, i skikkelsen til Filurkatten frå Alice i Eventyrland, stadig blander seg inn. Rikeleg med andre karikaturar dukkar også opp (mellom anna Arild Wærness som Lille Trille), og høgdepunkt frå festivalen blir belyst gjennom Vik & Rysjedals spesielle filter.

Det står ikkje kven som gjorde kva, men viss eg skal gjette så vil eg tru at Vik sto for det meste av sjølve teikningane. Dei er i hans stil, men litt enklare enn det han presterer i Arild, sjølvsagt. Tross alt er det jo tydeleg at dette bare er eit sideprosjekt, laga for moro skuld. Bakgrunnane er minimalistiske, ofte nesten ikkje-eksisterande, Til gjengjeld slår han seg verkeleg laus når det gjelder karikaturar, både av namngjevne hovudpersonar og statistar. Ikkje minst det utsøkte burleske figurgalleriet i scenane frå gallamiddagen.

Serien kunne knapt vore meir intern; I første rekke er dette bereikna på Raptus-kjenningar, i andre rekke på tilfeldige Raptus-gjester som fulgte litt med på fjorårets festival, og i tredje rekke…truleg ikkje på nokre andre. Men for dei som serien gjeld er dette ei herleg og lett forvrengt minnebok, og ei historie som følest forbausande autentisk. «Nesten 20 % sant»-anslaget var i grunnen ikkje å ta for hardt i.

www.facebook.com/whenwelucyknisley

When We Met Lucy Knisly
Av Eirik: Andreas Vik og Fredrik Rysjedal
Yes Comprendo [sic!]
60 kr.
44 sider

divider
  1. Eg vil seie meg ueinig i siste avsnitt her.

    Dette er for meg eit svært vellykka stykke sjølvfiksjon. Ein bør ha ein viss kjennskap til enkelte av figurane, det hjelper på å vite kven Hellesund og Wærness er, men eg trur det går fint an å ha glede av den heilt utan å ha vore på Raptus.

    Dei unge håpefulle vert meir enn godt nok presentert til at ein kan verte engasjert i jakta deira, og dei har gjort også dei andre personane til figurar, slik at dei nok vil fungere for fleire enn den indre krins.

    Også seg sjølve har dei gjort dette med, og framstår vel så mykje som typar som verkelege menneske. Nerdete gutar som drøymer om å møte og gjere eit slåande inntrykk på ei søt jente med same interesser som seg sjølve er eit godt etablert motiv som burde vere tilgjengeleg nok.

    Og slutten på denne saken er heilt fabelaktig. Dei har visst selt ut første trykket, og skal ha ein ny versjon med litt tilleggsstoff i klar til Raptus. Det er ein viss fare for at eg kjøper den også.


    Kyrre Matias Goksøyr    22. July 2012, 18:14    #
  2. Eg er samd med KMG her – dette er ei flott nerdeskildring som gir ein fabelaktig hyllest til teikneseriemiljøet generelt. Figurane og handlinga har eit naturleg driv som gjer det faktisk interessant for lesaren å følge med. Kor går det til slutt? Får dei møte Lucy? Kjøp bladet og sjå sjøl! No er det altså utseld, men ny utgåve er på veg. Ein fin teikneserie, som viser koss ein går fram for å laga “noko av lite”. Bra jobba.


    Arild    24. July 2012, 23:41    #
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)