DEN UTRULEGE EDDERKOPPEN I 3D (13.07.12 )
Vi startar på nytt: resirkulering eller renessanse?

Enkel oppsummering av Spider-Man: Peter Parker voks opp hos tanta og onkelen etter at foreldra døydde. Han er ein keitete, genial tenåring utan vener som vert bitt av ein (opphavleg radioaktiv, no genmanipulert) edderkopp og får superkrefter. Til å begynne med brukar han evnene på ein tankelaus og egoistisk måte, til ei tragedie skjer som han sjølv lett kunne ha hindra ved å stogge ein tjuv tidlegare, ein tjuv han ikkje brydde seg med. Etter dette vel han å bruke evnene sine til å stoppe kriminelle og superskurkar.
Til å begynne med så verkar det kanskje overflødig å lage ein ny film om korleis Spider-Man vart til berre 10 år etter Tobey Maguire spelte Spider-Man for første gong. Men denne filmen lukkast med det utan å trakke opp dei same stiane som forgjengaren.
For først å få Teikneserie-geek delen ut av vegen: Der Raimi’s versjon plussa på med slike ting som ”biologiske” vev-spinnarar og ikkje gav oss skikkeleg innsikt i Peter Parkers geni, går regissør Marc Webb attende til teikneserien og viser oss ein Peter Parker som faktisk finn opp ting som han nyttar i arbeidet som Spider-Man (som mekaniske vevskytarar). Der Gwen Stacy først vart hoppa over i Raimi sine filmar (og avspist med ei tam birolle i Spider-Man 3) er ho her brakt attende som Peter Parkers første verkelege romanse. Dei endringane Marc Webb sjølv gjer i høve til teikneserien er enkle oppdateringar i forhold til tidsperioden (mykje har endra seg på dei 50 åra som har gått sidan desse historiene først vart fortald.).
Sjølv om historia er ein original vri på Spider-Man, så er dei fleste elementa slike som går attende til bestemte klassiske Spider-Man historiar av Stan Lee, Steve Ditko, John Romita Sr., Jim Mooney og Gil Kane. For gamle seriefans er der mange gjenkjennelege augeblikk i denne filmen. Likevel er filmen frisk, spanande og engasjerande og lett tilgjengeleg for dei som ikkje er kjende med teikneserien.
Den beste måten å sjå på filmen er ikkje som ein rein Actionfilm, eller Superheltfilm, men som ein romantisk film. Den keitete tenåringsromansen mellom Peter Parker (Andrew Garfield) og Gwen Stacy (Emma Stone) er både truverdig og engasjerande og eit sentralt punkt i filmen. Gwen Stacy framstår òg meir som ein likeverdig karakter og utfordrande romantisk interesse for Spider-Man enn Mary Jane gjorde i dei andre 3 filmane.
Skurken her, reptilforskaren Curt Connors, som òg vert Peter Parkers venn og læremeister, er ein interessant og nyansert karakter som spelt av Rhys Ifans. Hans ”monsterpersona” – ”Firfirsla” er kanskje litt meir av eit Hulk-aktig CGI-monster enn forventa eller ønska (teikneserieversjonen er paradoksalt nok meir lik ein mann i firfirsle-kostyme, noko som ville ha gitt oss Rhys Ifans i den versjonen òg, eit lite sakn for meg) men allikevel ein formidabel motstander.
Effektane her er enno betre enn i dei føregåande Spider-Man filmane. Dei mange, mange vevsvingar-scenene i filmen er svimlande og gjer fabelaktig nytte av 3D-formatet. Stuntene og måten Edderkoppen (sorry, ”Spider-Man”) bevegar seg på er mykje spenstigare enn tidlegare.
I tillegg er denne filmen mykje meir fokusert på karakterbygging, og heile miljøet rundt Spider-Man framtrer som meir nyansert og interessant enn tidlegare. Flash Thompson, til dømes, framstår meir som den sympatiske og plaga personen som han etterkvart utvikla seg til i teikneseriane. Og Onkel Ben og Tante May er eit hakk vekke frå dei idealiserte gamle besteforeldrefigurane dei har vore tidlegare.
Den beste Spider-Man filmen hittil, med ei gjenkjenneleg historie om ungdommeleg angst og kjærleik som hjartet og nerven i filmen. Sjå den, men ikkje berre for spesialeffektane, den har så mykje meir å tilby.
Amazing Spider-Man 3D
Medverkande: Andrew Garfield, Emma Stone, Rhys Ifans, Dennis Leary, Martin Sheen og Sally Field.
Produsert: Columbia Pictures, USA 2012
Manus : James Vanderbilt med Alvin Sargent og Steve Kloves
Regi: Marc Webb
Lengde: 2t 11 minutt
Aldersgrense 11 år.

LUCY DEN UOPPNÅELEGE <- Eldre | Nyere -> FANTOMET NETTOPP NÅ





Jojo, men hadde det ikke vært mulig å ta opp tråden fra der film 3 (gamle) sluttet, og fått samme stemningen? Det er ikke første gang vi skifter skuespilere. Å sitte å se historien bak igjen høres ikke bra ut!
— IpComics 13. July 2012, 17:43 #
Dei har vald ut heilt forskjellige element av bakhistorien denne gongen, ei ny vinkling på Peter Parker, ei ny dame, trekt inn foreldra hans og slikt, så det opplevast ikkje som om ein vert fortald same historia oppatt. Slik sett så er det ein heilt grei måte å køyre ein “reboot” på.
Det er klart, eg var veldig skeptisk til ein slik reboot sjølv og, i den grad at eg ikkje gadd å bry meg så mykje om den før den dukka opp på kinoen.
Men eg vart positivt overraska. Det trur eg andre vil bli òg.
— Knut Robert Knutsen 13. July 2012, 18:43 #
Ja, og dette er kanskje noe vi må finne oss i hver gang en figur “relanseres”. Bales siste Batman er like om hjørnet, og spm. er da om NESTE trilogi skal innledes med mordet på foreldrene. Det blir også spennende å se om Warner greier å relansere Superman uten å komme inn på Krypton-sprengningen/Lara/Jor-El nok en gang.
— Arild 13. July 2012, 18:43 #
Filmen er sikkert god nok, det er ikke det. Og det er jo greit at de fant på ny vinkler med en ny “reboot”! MEN, alle vet jo hva som skjedde, og hvem dama som Spideren ønsket seg er, slikt kan ikke forandres, da er det historieforfalskning og det holder ikke.
Nei, frys tiden, gå videre og ha det morro med gammel gjeng og nye eventyr bør være mottoet. Histoein bak finner vi i bladene og trenger ikke en time film for det.
— IpComics 14. July 2012, 15:12 #
Men dei historiane dei ville fortelje går ikkje an å fortelje basert på kor Spider-Man 3 slutta.
Sam Raimi klarte å brenne igjennom omlag 25-30 år med personleg utvikling i Spider-Mans liv.
Viss ein skulle ha lagd ein Spider-Man 4 så ville ein ha hatt ein gift Peter Parker som er Naturfaglærar på High-School. Eller ikkje langt ifrå.
Det hadde kanskje fungert viss det var dei same som spelte, men med nye skodespelarar så vert det litt “TV-film” preg av slikt.
Og det er eigentleg forsvinnande lite (kanskje 10 minutt totalt) av filmen som går inn på ting vi har sett noko liknande (ikkje det same) av før.
Eg skal ikkje bruke for mykje tid på å overtale deg til å sjå filmen viss du ikkje har lyst, men viss du trur at du ville ha blitt utsatt for ein time med bakhistorie som du har sett i den forrige filmserien, så stemmer det ikkje. Ikkje er det same dama han er ute etter heller.
— Knut Robert Knutsen 14. July 2012, 15:40 #
Selvsagt skal jeg se filmen, men …! Nå husket ikke jeg hvor gammel Peter var i film 3?? Poenget er at man stopper der, og fryser tiden. Skulle tro det er rom for mye morro i ungdomsårene til en edderkoppmann?? Bladene kjørte tiår opp og i mente med en PP i samme alder, på evig jakt etter MJ!!
At en ung PP nå er ute etter en annen dame enn Mj virker unaturlig.
Det ble som å begynne på¨nytt med Fantomet, uten Sala, men en annen dame! Og hvorfor ikke et annet kontinent?? Men da måtte vi gi serien/filmen et annet navn!!?
Tro mot det originale må man være!
— IpComics 14. July 2012, 20:40 #
Gwen Stacy var faktisk kjærasten til Peter Parker før MJ. Peter Parker var slitt mellom Gwen og MJ i nærare 6-7 år før … vel, du veit.
Det er ikkje meir “unaturleg” enn at Clark Kent i Smallville var forelska i Lana Lang før han vart forelska i Lois Lane.
“Mary Jane” i dei andre filmane er òg meir lik ei blanding av MJ og Gwen Stacy enn den “originale” Mary Jane.
Om noko så er denne nye filmen meir tru mot det originale.
— Knut Robert Knutsen 14. July 2012, 21:45 #
Mitt point er ikke hvem han var kjæreste med, men hvem han var forelsket i! Jeg tror nok at MJ var hans første i 191 (deromkring). Eller er jeg helt på jordet??
— IpComics 15. July 2012, 22:04 #
De fleste er forelsket i den de er kjæreste med, også Peter Parker, og Gwen Stacy var Peters kjæreste lenge før MJ.
— Tor 16. July 2012, 01:42 #
Tor, det er det dummeste jeg har hørt!
— IpComics 16. July 2012, 20:18 #
Gwen Stacy kom med i serien eit heilt år før Mary Jane, medan Ditko lagde serien, og var tydeleg interessert i Peter Parker. Peter hadde vore knytta til både Liz Allen og Betty Brant som “love interests” før, men ikkje noko som klikka. Når Mary Jane dukka opp så vart det litt sånn “Betty og Veronica” ei stund før det vart seriøst mellom Peter og Gwen. Det er først når Gwen er ute av biletet at det vert seriøst med Mary Jane, og då sporadisk med mange andre stopp på vegen i dei neste 20 åra.
At Peter var forelska i Gwen og at ho var hans første kjærleik er og har vore offisielt frå Marvel Comics si side.
— Knut Robert Knutsen 16. July 2012, 20:48 #
Da snakker du om det aller første bladet med serien i USA? Husker jeg feil? Vi får se.
— IpComics 16. July 2012, 21:27 #
Fra starten av var det to andre jenter Peter Parker var interessert i, Liz Allen og Betty Brant, men da disse var ute av bildet kom først Gwen Stacy (da PP begynte på universitetet og traff Harry Osborn ca. ASM 30). Mary Jane dukket først opp i ASM 42, etter at Tante May hadde forsøkt å få dem til å treffes en lang tid. Gwen hadde da vært interessert i PP en stund selv om han stort sett hadde vært lite oppmerksom. Flash Thompson var av og til på banen, men ble sendt til Vietnam i ASM 47.
Så ble det litt rivalisering mellom de to jentene, til Gwen og Peter ble sammen, mens MJ var med Harry en forholdsvis lang periode. Selvsagt med både tilbakeslag og tvil hos alle parter, i god såpeopera-stil.
Så vidt jeg husker var det noen andre Peter var ute med før MJ kom tilbake for fullt, men det kom mye senere i sagaen…
— Frank Flæsland 17. July 2012, 03:26 #
Ok, da er det klarlagt! Takk! Også Tor har fått vite at ikke all forelskelse fører til at man blir kjærester, heldigvis! ;)
— IpComics 17. July 2012, 09:08 #
Har nå fått sett filmen, selvsagt i 2D, og ble positivt overrasket. Dette er en bra film som alle bør se. Husk også at det som vanlig i marvelfilmene kommer en liten snutt etter rulletekstene.
— Øyvind B 18. July 2012, 09:00 #
IpComics har tydeligvis problemer med å lese og forstå innholdet i det han leser. Jeg har sagt at de fleste er forelsket i den de er kjæreste med, ikke at all forelskelse fører til at man blir kjæreste. Før han med det siste innlegget fikk gjort det klart at det er leseferdighetene det skorter på, hadde jeg i ntrykk av at hn han lever i et kjærlighetsløst samboerforhold eller noe slikt.
— Tor 18. July 2012, 09:53 #