Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

NATTENS RIDDER ER GJENOPPSTANDEN ( 1.08.12 )

Christopher Nolan gir oss ein bittersøt slutt på sin Batman-triologi.

Av: Knut Robert Knutsen

La meg begynne med å seie at ”the Dark Knight Rises” på alle måtar er ein god film. Den er god på action, nydeleg filma og den går i djupna på karakterane involvert. Når det er sagt, så er den òg ein krevjande film, som sjølv om historia klarar seg fint åleine, er så bunden opp med dei to tidlegare filmane i serien tematisk at ein vert klar over at ein før eller seinare må setje seg ned og sjå alle 3 filmane på rad for å få det fulle utbyttet av dei.

Eg veit ikkje eigentleg kor mykje eg torer å seie om det før eg hamnar ut i spoiler-territorie.

La meg begynne med byrjinga. Skurken her er eit monster av ein mann ved namn Bane (det vil seie ”banemann”), ein mann fylt av eit steroide-liknande dop som gir han store krefter og ute av stand til å kjenne smerte. Omgitt av menn så trufaste at dei er viljuge til å døy for han. Trusselen? Å øydeleggje Gotham og alle som lever der, ved hjelp av ei atombombe.

Situasjonen, ein by i kaos.

Og Batman? Han er utslitt på kropp og sjel og har trukke seg attende.

Allereie frå vi først møter Bane, ser vi ein mann som ville ha vore ein formidabel motstandar til og med for den unge spreke Batman vi kjenner frå første filmen. Og Bane, i Tom Hardys skapnad, klarar å gjere Bane til ein like fascinerande, skremmande og kompleks karakter som Heath Ledgers Joker. Kanskje litt meir skremmande på nokon måtar, som ein vil merke når ein ser sjølve rolleprestasjonen.

Meir enn dei to tidlegare er dette ein ensemblefilm. Christian Bale tek her eit steg tilbake og lar andre skodespelarar som Tom Hardy (Bane), Anne Hathaway (Catwoman) og Joseph Gordon-Levitt (Politimannen John Blake) få utfalde seg i gnistrande rolletolkingar som paradoksalt nok lar Christian Bale nyansere si tolking av rollene som Bruce Wayne og Batman i større grad enn når han bar størstedelen av dei to forrige filmane på eigne skuldre.

På mange måtar er dette òg meir ein katastrofefilm enn rein action. Det er ein film som set spørsmålsteikn ved kor vi er som sivilisasjon.

Eg må òg innrømme at sidan eg først såg den så har eg vore særs ambivalent i mi kjenslemessige reaksjon på filmen. Enkelte val har blitt gjort som er tunge å fordøye, men som likevel synast naturlege. Etter kvart som filmen kvernar igjennom tankane mine så likar eg den meir og meir, men blandinga av trass, håp og tungsinn i filmen gjer at ein ikkje kjem ut av kinosalen opprømt og sprudlande slik som ein kanskje kunne gjere etter Spider-Man eller The Avengers.

Men i lengda så er dette, i motsetnad til dei andre superhelt-filmane ein film som ein ber med seg. Som gneg i ein og som ein må sjå omatt.

Viss de har høve til det, sjå dei to første Batman-filmane med Christian Bale før de går på kino for å sjå denne. Ha dei friskt i minnet, og de vil få ei filmoppleving av dei heilt sjeldne.

Ei bittersøt oppleving, der ein etter nesten 3 timars spenning (som ikkje kjennast som noko i nærleiken av 3 timar) berre vil at filmen skal fortsetje. Ein vil ikkje at filmen skal ende der den ender.

Batman: The Dark Knight Rises
Medverkande: Christian Bale, Gary Oldman, Tom Hardy, Joseph Gordon-Levitt, Anne Hathaway, Marion Cotillard, Morgan Freeman og Michael Caine.
Produsert: Warner Bros. Pictures, USA 2012
Manus : Christopher Nolan med David S. Goyer og Jonathan Nolan
Regi: Christoper Nolan
Lengde: 2t 44 minutt
Aldersgrense 15 år.

divider
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)