Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

ORIGINALE SIDER (21.08.12 )

Vi ser på nokre veldig spesielle teikneseriebøker.

Av: Knut Robert Knutsen

La meg starte med å seie at eg her skal snakke om nokre veldig dyre spesialutgåver av seriane ”Daredevil: Born Again” og ”Viggo” (1970-årgangen). Eg kjem ikkje til å bruke noko tid på å fortelje kvifor desse seriane er bra som leseopplevingar av den enkle grunn at viss ein ikkje allereie er fullstendig overtydd om at David Mazzuchelli eller Franquin er geniale serieteiknarar, så kjem ein aldri i verda til å bruke ein tusenlapp eller der ikring for ei av desse bøkene.

Som seriesamlar og amatør serieskapar har eg i mange år samla på originalteikningar til teikneseriar. Etter at desse er fotografert/scanna inn til fargelegging og trykk, plar dei fleste teiknarar å selje originalane som ei attraktiv bi-inntekt. Som lesar er det noko særeige med å kunne sjå teknikkane, penselstroka og pennesplittskraveringane på nært hald. Som amatørteiknar sjølv så er det både instruktivt og inspirerande å sjå korleis profesjonelle serieskaparar oppnår dei effektane dei gjer, og ein ser tydeleg kva verkty dei har brukt.

Diverre er originalane til mange av dei beste teiknarane både vanskelege å få tak i og dyre som fy. (Dette er sjølvsagt bra for dei teiknarane som kan få ein god pris for sin kunst. ) I tillegg er der enkelte som ikkje er så glade i å kvitte seg med originalane sine.

Då er det for samlarar som meg spesielt kjekt å sjå at der no vert utgitt kunstbøker der originalteikningar vert reprodusert i full storleik og fulle fargar, slik at kvart einaste spor av blyantstrekar, tusjsøl, korrektur og teknikk kjem til sin rett. Dei fleste av desse bøkene gjengir seriesidene i eit originalt A3-format, nokon er faktisk oppe i A2 storleik (som den absolutt nydelege Wally Wood boka som gjengir klassiske EC historier i formatet 15×23 tommer og den kommande Will Eisner Spirit boka.)

DAREDEVIL: Born Again
Forlaget IDW Publishing i USA har halde på med slike utgåver i eit par år no og vunne prisar for dei. Frå Dave Stevens og John Romita Sr til Sergio Aragones og ei enorm Wally Wood book Portfolioar eller bøker med teiknarane Berni Wrightson, Neal Adams, Joe Kubert, Jack Davis og Will Eisner er på veg.

Den tjukkaste og mest forseggjorte av desse til no er ei komplett samling av David Mazzuchellis originalteikningar til den klassiske Daredevil: Born Again som han gjorde med Frank Miller som forfattar. Dette kjem komplett frå Mazzuchellis eige arkiv, og inkluderer nokre av dei mange gjennomsiktige overlegga med illustrasjonar som skulle reproduserast på fargelaga, diverse Daredevil illustrasjonar han laga i 2007 (i ein annan stil) og demonstrasjonar av korleis overlegga vart sjåande ut på trykk.

Det som verkeleg imponerar er dei mange teknikkane nytta her for effekt. Pen og raster er vel forventa, i tillegg kjem Duotone boards, utstrakt bruk av svart og grå fargestift (voksstift) White-out påført i tjukke lag, i tynne strekar eller med tørr pensel. Røffe penselstrøk med for vått, fortynna blekk, skarpe kutt med x-acto kniv eller barberblad. Alt underlagt forteljinga og nytta for å skape stemingar, for å gjere ting riktig istadenfor å gjere det enkelt.

Dei som har fulgd Mazzuchellis karriere veit at han tilnærmar seg kvart nye prosjekt som ein kameleon, at han heile tida pressar seg sjølv for å gjere noko nytt. Den stilen han har her, til dømes, er såpass solid at den kunne sikre han ei livslang karriere som toppbetalt superhelt-teiknar. Men likevel hadde han ein trong til å gå ein annan veg. Denne anden av eksperimentering, av å utfordre sine eigne grenser gjennomsyrar teikningane i boka. Og så slåande som den fargelagde standardversjonen framleis er, så er denne versjonen som ein høgspentkabel i ryggmargen for dei som interesserer seg for originalteikningane.

For ei oversikt over dei utgåvene som allereie er utgitt av Idw, gå her:
https://shop.idwpublishing.com/art/artisteditions.html

GASTON 1970
Forlaget Marsu Productions har i eit par år no dedikert seg til å utgi spesialutgåver av verk av Franquin. Inkludert er skisser, promoteringsmateriale og alt som finnast kan (på fransk sjølvsagt).

Så langt har dei utgitt ein 5-6 Sprint-album (Spirou), 10 Viggo-album (Gaston) og Sorte Sider (Idees Noires). Alle er utgitt i A3 format og fulle farger, slik at ein kan gjengi Franquins originalteikningar slik at ”det er som å stå ved meisterens teiknebord”. Det vil seie utan at teikningane er redusert og utan at blyanstrekar som ikkje er viska vekk, blåblyant-korrigeringar og anna vert skjult. Av 100 sider er omlag halvparten slike originalsider og resten er diverse promomateriale, fargestudier, skisser etc. Det er verdt å merke seg at der ein ikkje har klart å få tak i originalteikningane er dei erstatta med svart-kvitt kopiar. Det er lett å sjå forskjellen, Franquins arbeid innheld mange små men tidkrevande detaljar som er nesten usynlege i desse kopiane, sjølv i det store formatet.

Det ein oppdagar når ein studerer desse teikningane er mellom anna at Franquin var like mykje ein meister med både pennesplitt og pensel. Der alt figurarbeid og hovuddelane av teikninga i enkelte striper openbart er gjort med pennesplitt, med pensel reservert for spesielle effektar, så er rolla reversert i enkelte andre. I alle tilfella er strekane raske, presise og fulle av liv.

Noko av det mest interessante ein ser her er at Franquin konsekvent, når han teikna svart hår, brukte kniv (x-acto kniv eller barberblad) for å skjere tynne kvite linjer for å bryte opp den svarte massen. Tynne kvite linjer som knapt vil vere merkbare på trykk men som hevar estetikken i teikninga av håret. Den same teknikken vert brukt mange stader i skuggar.

Det å kunne sjå, å kunne beundre, studere og finlese desse detaljane kan gi ein ei betre forståing av nett kor stor ein virtuoso og kor nitid ein perfeksjonist Franquin var i sitt arbeid.

For ei oversikt over dei Franquin albuma som hittil er utgitt i denne ”Version Originale” serien, sjå her:
http://www.franquin-collector.com/albums

OPPSUMMERING
Eg har sjølv kjøpt dei fleste IDW-bøkene og eitt av Viggo-albumene så langt, og synast dei er verdt prisen, sjølv om dei er ganske dyre, men det er klart at det er veldig få¨som kjenner eit presserande behov for akkurat denne typen spesialutgåver.

Denne anmeldinga er for desse få.

David Mazzuchelli’s ”Daredevil : Born Again” Artist’s Edition
Frank Miller (tekst) David Mazzuchelli (teikningar)
ISBN 978-161377-238-6
200 sider
125 US Dollar
IDW Publising/ Marvel Comics

Gaston 1970 Version Originale
Franquin
ISBN 978-2-35426-056-9
108 sider
119 Euro
Marsu Productions

divider
  1. Ja, jeg har sett litt på noen av disse bøkene, og om man er fan av tegneren er de knasende bra. Mangelen av enkelte Franquin-sider (og bruken av svært underlegne svart-hvitt-kopier av tusjstrekene i disse tilfellene) trekker derimot helheten betraktelig ned. Så vidt jeg forstår finnes de fleste av de manglende sidene i private samlinger man ikke har hatt tilgang til.

    En annen uheldig sak er at på en del av sidene har nederlandske snakkebobler og lydeffekter blitt klistret direkte oppå originalen, og man har ikke fjernet dem for disse faksimilene (muligens lar det seg heller ikke gjøre uten å skade originalsidene). Kontrasten mellom Franquins teksting og oversetterens er ganske stor.

    Likevel, dette gjelder bare et fåtall sider, og ellers er gjengivelsen svært autentisk.


    GH    22. August 2012, 13:12    #
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)