DEN GAMLE MANNEN OG DØDEN (15.09.12 )
Vi ser på krim.
Jonas A. Larsen teiknar her ein adapsjon av ei krimnovelle av den ganske så kjende forfattaren og politietterforskaren Jørn Lier Horst. Novella har mellom anna stått på trykk tidlegare i «Påskekrim 2010» frå Juritzen forlag. Novella er solid oppbygd og velfortald krim etter den skandinaviske modellen, der det som motiverer lovbrotet er meir viktig enn rettsmedisinsk trylleri.
Jonas Larsen er etterkvart blitt ein kompetent historieforteljar, og det er ingenting å utsetje på korleis historia er brutt opp i ruter og sjølve flyten i historie. Mitt ankepunkt her er at dette er ein historie fri for action og sentrert rundt kjensler, sinnsstemningar og refleksjon og at dette formeleg tiggar om ei framstilling som går utover teiknarens noverande evner. .
Ein teiknar med betre evner innan å teikne subtile andletsuttrykk eller naturalistisk kroppsspråk kunne ha fått mykje meir ut av denne historia. Det vil ikkje seie at den er dårleg, for all del, det er ein ganske kompetent adapsjon. Men teiknaren sliter med å tilføre novella noko eige.
Landets Eldste Mann er Død
Av: Jørn Lier Holst (manus) og Jonas A. Larsen (teikn.)
ISBN 978-82-93184-08-9
36 Sider
79 Kroner
LiV Forlag

KRUSEDULL FOR ANDRE GANG <- Eldre | Nyere -> BYTINGAR IBLANT OSS