Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

BYTINGAR IBLANT OSS (15.09.12 )

Er du klar for “a second opinion” rundt Kim Holm og Pickman’s Model? Då skal du óg sjå på kva Knut R. Knutsen skriv om adapsjonen: Skrekkens paradoks er at jo meir monstera liknar på oss, jo djupare sit angsten.

Av: Knut Robert Knutsen

NB: Denne serien er på engelsk

Kim Holm har slitt med å lage ein adapsjon av H.P. Lovecraft i nokre år no, og ein kan ikkje seie anna om Pickman’s model enn at den er særs vellukka.

Serieskaparar og folk som jobbar med horrorgenren i film og TV elskar Lovecraft og det er freistande å gå rett mot monster og tentaklar. Men det som er verkeleg skremmande hos Lovecraft er denne andre, avskyelege og forkrøpla verda som heile tida ligger under eit tynt lag med normalitet eller akkurat der i augekroken kvar gong du snur på hovudet.

Holm gir oss ei stigande uhygge i monotone, rolege rammer til han har oss låst fast og tett i følgje, deretter leder han oss ut i eit grovare, villare landskap til det eksploderer i skrekk. Men vi får aldri sjå noko monster. Monsteret eksisterer aldri nokon annan stad enn i våre tankar. Som er den verste staden å ha det.

Holms rolege stil er enkel og nøytral, hans «skrekk»-stil har trekk av dei eksplosive ungdomssyndane til teiknarar som Bill Sienkiewicz, Steve Bissette og Rick Veitch. Uredd, emosjonell og presis. Stilen hans har aldri vore meir apropos til materialet enn her. Ein kan trygt kalle dette hans meisterverk. Så langt.

Pickman’s Model
H.P. Lovecraft (tekst) Kim Holm (teikningar)
ISBN 978-1616302696
114 Sider
100 kroner
www.freecomics.no

divider
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)