Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

AKKURAT PASSE SALT (16.09.12 )

Vi ser på ÜberPRESS sin nye antologi.

Av: Knut Robert Knutsen

Etter den vel mottekne ÜberZombie kjem ÜberPRESS med ein ny skrekk-antologi, ÜberMaritimt. Denne gongen er det draugar, nøkkar og andre sjø-monster (og i fleire tilfelle Cthulhu) som står for skrekken.

Igjen er det slik at dei aller fleste historiene her ikkje trenger aldersmerking, og hadde passa godt inn i hefter som til dømes Nemi, men der er nokre få som kjem inn på emne som absolutt ikkje er for ungar. Nokre er rein skrekk og nokre rein humor.

Der er 14 bidrag og 16 bidragsytarar i dette heftet, og eg har ikkje tenkt å gå inn på dei alle. Det generelle nivået på teikningane er høgt, og plottene enkle med ein vri på slutten, men godt konstruert og fortalt.

Mine personlege favorittar er bidraga til Jorunn Hanto Haugse, Ida Neverdahl og Katarina Aasgard Strømsvåg som er lette i tonen, med originale vriar og fabelaktige teikningar. Det er korte historiar og eg vil ikkje «spoile» dei her ved å oppsummere dei.

Stig Bruksås si innleiiande historie, «foten, sanninga og havet» startar som eit lyrisk og bisart eksistensielt eventyr og leverer godt på slutten.

«Sjøpølse Blues» av Bendik Holm og Møh er den friskaste krimparodien eg har sett på ei stund, sjølv om den vandrar på godt nedtråkka stier.

«Geir Onimo» av Johan Grimstvedt, «Korallhav Initiasjon» av Ingar Krabbestig og «Englevinger» av Remi Strand er dei dystraste og mest action-prega. Det er her der er snakk om truslar på Chtulhu-nivå. Det er òg dei som eg føler sliter mest med å finne forma. Her er det action som berer det oppe, men det er då god action i det minste.

Dette er ein spanande action-/skrekk-antologi med mykje framragande humor innimellom. Den beste av sitt slag på lang tid og etter mi meining betre enn ÜberZombie. Dette er først og fremst lettbeint underhaldning, ikkje hjernetrim eller moralske allegoriar, men anbefalast likevel på det varmaste.

ÜberMaritimt
Are Edvardsen (redaktør), diverse serieskaparar
ISBN 978-82-93254-0-10
76 sider
100 Kroner
ÜberPRESS

divider
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)