DONALD FOR ALLE PENGA (20.09.12 )
Vi ser på den tredje Hall of Fame-boka til Arild Midthun.

Så er den komen, den årvisse samlinga av Arild Midthun sine Donald-historier. Dette er tredje boka, smugpublisert under Hall of Fame-banneret til glede for Arild Midthuns mange fans som ikkje har fått med seg historiene i vekebladet, eller som berre føretrekker dei i bokform.
(Midthun står nok ikkje tilbake for dei andre i serien sånn teiknemessig, men han er såpass fersk i Disney-faget at vi må vel innrømme at Hall of Fame-plasseringa er tatt litt på forskot?)
Redaksjonen gjer eit poeng av at alle serieskaparane i boka er norske, og startar med to spenstige historier av Olaf Moriarty Solstrand (”Den Gule Linje” og ”Skrue mot Skrue”) og avrundar med ei to-siders Magica fra Tryll krimgåte med manus av Gunnar Staalesen.
Men sjølve kjøttdelen av boka er historier av ”Det Norske ProDUCKsjonsteamet”, det vil seie historier som Arild Midthun har utarbeida i lag med forfattarane Tormod Løkling, Knut Nærum og Terje Nordberg.
Her er historier frå byrjinga av 2010 opp til ei historie som vart trykt i nr. 29/2012 (”Fuglefotografen”) så dette er rimeleg ferskt. Dei fem ”Tidsreise” historiene frå 2012 er derimot ikkje med her, dei kjem vel kanskje i neste bok.
For meg er høgdepunkta ein del opne og interessante 10-sidere av Terje Nordberg, ”Havfruemannen” om miljøproblem og havfruer, ”Selklippen” om ein selinvasjon på ei lita øy utfor kysten av Calisota og den før nevnde ”Fuglefotografen” som er ei av Donalds eksperthistorier. Nordberg leverer med litt meir nerve og er opptatt av å snike inn litt skarpe kantar i historiene, det lønner seg.
Historia frå julealbumet 2011, ”Juletoget”, er her, ein god actionhistorie med trekk av Barks sine julehistoriar, om enn ikkje like resonant kjenslemessig. Her finn ein òg den litt spesielle ”De Dødes By” om Cricket og ein tapt skatt i Pakistan.
Eg har vore litt misnøgd med nokre av desse historiene når eg las dei enkeltvis i vekebladet, litt mykje gimmicks og gags, litt for lite av den spesielle magien Barks gav sine historier, som gav dei så mykje hjarte og sjel. Men det er det ikkje så mange andre Disney-teiknarar og forfattarar som klarar å levere alltid.
Men lest no under eitt så ser ein at nivået på manusa er stigande og at Midthun har blitt skikkeleg varm i trøya på teikninga. Der er mykje uvand spenst i Dolly etterkvart, til dømes. I tillegg vert det veldig tydeleg at Midthun & Co. har funne ein særeigen Norsk ”modell” for Donald på same måten som dei Italienske teiknarane og forfattarane har sin ”modell”. Den norske Donald skiftar mellom ein litt ironisk distanse og ein kortsynt eller arrogant væremåte. Han har ikkje den same maniske energien eller det ekstremt melodramatiske sinnelaget som både Barks og italienarane elskar å dra nytte av. (Jada, Donald vert krakilsk, men på ein litt annan måte).
Den norske Donald er prega av det ein kallar den ”intellektuelle” humor, folk som kjem høgt opp og så detter langt ned, reversering og inkongruens, istadenfor den meir kroppslege slapstick og type-humoren som er meir rett-frå-levra.
Som ein fan av nettopp denne Italienske modellen har eg kanskje latt meg påverke for mykje av at den norske Donald ikkje er ”Italiensk”, og slik oversett at det norske Donald-teamet faktisk har produsert ganske mange solide historier med ein Donald (og andre karakterer) som har fått meir ”norske” sinnelag og omgjevnader. Det er ein Donald tilpassa norske forhold og unge norske lesarar som kanskje ikkje har så mykje ”bagasje” i form av ein annan type Donald.
Det slår meg at Arild Midthuns Donald kanskje er mykje betre enn eg før har tenkt, nettopp fordi han er så ”uvand” og så … norsk. Andre land har laga sine versjonar av desse karakterane tilpassa deira smak, kvifor ikkje ha ein veldig norsk Donald? Sjølv om han kanskje vert litt rundare i kantane enn vi er van med?
Det er ikkje meininga å trekkje dykk for langt med i denne tankerekkja, eg skal berre avrunde med at dette er ei samling av veldig gode Donald-historier som har fått meg til å re-evaluere korleis eg ser på den norske Donald-produksjonen. Eg trur mange andre òg vil ha glede av den.
Hall of Fame: Arild Midthun 3
Diverse (tekst) Arild Midthun (teikningar)
ISBN 978-82-429-4562-4
196 sider
338 Kroner
Egmont Serieforlaget

EUROPEISKE TEIKNESERIEFESTIVALAR - KORLEIS ER DEI? <- Eldre | Nyere -> DE NYE NORSKE





En ting jeg funderer på:
Hva er årsaken til at tekstene er anderledes i boken enn når de trykkes i bladet?
Se for eksempel historien hvor Dobald slår se opp fra pølsepusher til restaurantchef: Restaurantnavnene er ugjenkjennelige (i bladet endrer den første restauranten navn fra ‘den skitne spiseskje’ til ‘den skinnende spiseskje’ – herer Kafé Kolesterol i boken) og dialogen er endret (side 100-‘ham at omsetningen har vært treg’ side 7 i dd21/12-‘lille mann at gjester ikke komme’)
— Øystein N 23. September 2012, 11:04 #
Har alle disse historiene i blader alerede, så jeg kjøper nok ikke boken med det første. Men jeg har den første HoF boken med Arild Mitdhun historier.
— Mikkel Hagen 23. September 2012, 17:46 #