Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserie-utgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre.

Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune.
Norsk Kulturråd
Bergen kommune

Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante menings-utvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser


Raptus Comics Festival Oslo Comics Expo Deichmanske Serietek

EUROPEISKE TEIKNESERIEFESTIVALAR - KORLEIS ER DEI? (19.09.12 )

Av: Serienetts redaksjon

Teksten oppdaterast jamnleg.

Serienett fekk ein førespurnad på Facebook frå ein lesar om kva som finnast av seriefestivalar i Europa, og kva for nokre som var verdt å reise på.

Der er mange festivalar som appellerer til forskjellige interesser så svaret kan vere subjektivt. Serienett vil difor prøve å presentere kva innhald desse festivalane har, kva opplevingar dei tilbyr, og om mogeleg, referat frå uavhengige festivalrapportar.

Eit slikt arbeid vil vere omfattande og vert difor ikkje gjort i ei vende eller av Serienett åleine. Den vil oppdaterast etterkvart. Først med linkar og deretter utfyllande informasjon.

Serienett har òg ein appell til publikum:
Opplys oss gjerne om festivalar som manglar på lista, og del med oss festivalrapportar de har kome over eller eigne erfaringar. Helst kortfatta og sakleg informasjon.

Det er verdt å merke seg at mange av desse europeiske festivalane er sett i byar og distrikt som òg har mykje rik kultur og historie eller andre opplevingar å by på, og at det gjerne kan vere like utslagsgivande for om ein vel å reise dit som kva sjølve festivalen har å by på. Men vår liste er i hovudsak om festivalane.

Lista er sett opp månadsvis, men ein bør merke seg at nokon av festivalane er på byrjinga eller slutten av ein månad og difor kan skifte litt fram og tilbake frå år til år.

JANUAR

Frankrike, Angoulème
Jan. 31 -Feb. 3, 2013
www.bdangouleme.com
Ingen festival er vel meir berømt enn den franske Angoulème-festivalen i slutten av januar.

FEBRUAR

(ingen opplysningar)

MARS

Italia, Bologna
Mars 1-4, 2012
http://www.bilbolbul.net/2013/en/index.html
BilBolBul, Festival Internazionale di Fumetto

Sveits, Lucerne
Mars 16-24, 2013
www.fumetto.ch
Fumetto, International Comics Festival of Lucerne – er ein festival i den tyskspråklege delen av Sveits.

APRIL

Frankrike (Korsika), Bastia
April 4-7, 2013
http://www.una-volta.org/bd-de-bastia-1-fr.html

BD à Bastia (XXeme)

MAI

UK, Bristol
Mai 11-12, 2013
Bristol Comics and Small Press Expo

http://www.spexpo.co.uk/

Bristol er ein allsidig festival som femnar om spel, anime, cosplay, small press og internasjonale gjestar.

Kroatia, Makarska
Mai 21-27, 2012
http://www.mafest.com/

Mafest er ein Kroatisk teikneseriefestival i den vakre kystbyen Makarska. Ifølge nettsida var årets festival den siste. Vi kjem attende med oppdateringar viss dette endrar seg. Under er nokre festivalrapportar frå Arild Wærness.

http://www.serienett.no/article/1350/tilfeldig-gjest-pa-tegneseriefestival
http://www.serienett.no/article/1358/mer-fra-mafest

JUNI

Norge, Oslo
Juni xx-xx- 2013
Oslo Comics Expo (OCX)
http://www.ocx.no

OCX
(oppdaterast)

Tyskland, Erlangen
Juni 19-22 2014
www.comic-salon.de
Denne tyske festivalen vert kun avvikla kvart andre år.

JULI

Praha, Tsjekkia
Juli, xx-xx-2013
Advík
http://www.advik.cz

Denne festivalen har fokus på japansk kultur generelt og anime og manga spesielt.

AUGUST

UK, Oxford
August 18-19
Caption Small-Press Convention
http://caption.org/

SEPTEMBER

Norge, Bergen
September xx-xx, 2013
RAPTUS
www.raptus.no

(oppdaterast)

Event:

Danmark, Fredriksberg
September 22, 2012

Tegn og Fortæl – Tegneseriedag på Frederiksberg Bibliotek
http://dansketegneserieskabere.dk/site/2012/09/hands-onoff-tegneseriedag-pa-frederiksberg-hovedbibliotek/
Dette er ein eingongs-hending bygd rundt lanseringa av «Tegn og Fortæl» av Peter Madsen og Thierry Capezzone og vert berre tatt med fordi den ligger så tett opp til oppstarten av lista og det er Danmark, og soleis nært nok for mange.

UK, Wales
September 23, 2012

http://www.walescomiccon.com/

Mest ei salsmesse og eit signeringsshow med nokre få serieskaparar og ein del skodespelarar frå diverse fantasy/sci-fi genre-show.

Serbia, Beograd
September 27-30
Salon Stripa – International Comics Festival

http://www.skc.org.rs/2012-02-19-16-19-01/international-comics-festival-medunarodni-salon-stripa.html

Festival med mange serbiske og ein del internasjonale talent, ein del interessante foredrag (på rimeleg høgt nivå) og visning av teikneserierelaterte serbiske filmar.

Tyskland, Hamburg
Comics Festival Hamburg
September 27-30, 2012
http://www.comicfestivalhamburg.de/

Ei forlagsmesse og Small Press marknad med diverse utstillingar. Nokre interessante akademiske føredrag om seriar, men hovudattraksjonen må vere dei mange satellitt-utstillingane som er referert til på nettsida. Mykje flott der.

OKTOBER

Polen, Lodz
Oktober 5-7, 2012
http://komiksfestiwal.com/en/

Programmet for årets festival er ikkje klart. Det er ein teikneserie og spel-festival og det er uvisst kva nivå den legger seg på.

Danmark, Horsens
Oktober 6-7
http://www.facebook.com/pages/Danske-Tegneserieskabere/163610933775031
Art Bubble
http://dansketegneserieskabere.dk/site/2012/04/art-bubble-6-7-oktober-2012/

Årets tema for den Danske festivalen Art-bubble er «Star and Stripes». Meir info skal vere på Facebook sida deira (om eg finner den)

Frankrike, Saint Malo
Oktober 26-28, 2012
http://www.quaidesbulles.com/

Quai des Bulles er ein særs omfangsrik festival med ein god del kjende franske namn og interessante utstillingar.

Tsjekkia, Praha
Oktober 27-November 3, 2012
Komiksfest
http://komiksfest.cz/english

Komiksfest presenterer seg som ein ung og uavhengig festival som ynskjer å presentere seg til eit vidare publikum som eit ungt og dynamisk medium. Det tar plass i mange lokaler i byen med diverse multimedia-, film- og teater- og utstillingsprosjekt.

NOVEMBER

Italia, Lucca
Nov 1-4, 2012
www.luccacomicsandgames.com
Lucca Comics and Games Festival tar for seg spel, animasjon, musikk, cosplaye etc. i tillegg til teikneserier. Diverse utstillingar etc. startar allereie 20. oktober, mellom anna ein med arbeidet til Enrique Breccia.
Der er lagt opp til foredrag og debattar men kun for italienskspråklege.
.
UK, London
Nov. 3, 2012
http://www.comicafestival.com/

Comica — London International Comics Festival arrangerer visstnok ganske mange forskjellige events gjennom året. Eg såg ikkje nokon dato for ein «stor» festival men 3. november finner ein eit symposium kalla «Transitions, New Directions in Comics Studies» som virker overmåte interessant.

Dei har òg diverse små opplegg gjennom året som kan vere interessant å få med seg viss ein er i landet.

Meir info etterkvart.

DESEMBER

(ingen opplysningar)

divider
  1. Flott liste, med mye fristende. I første omgang kommer jeg på:
    London Super Comic Convention, 23.-24. februar 2013.
    London Super Comic Convention

    og selvsagt
    Copenhagen Comics, 1.-2. juni 2013. Jeg var på denne i 2010, og syntes at det var stort.
    Copenhagen Comics


    Øyvind B    19. September 2012, 16:07    #
  2. Og så har vi selvsagt
    Bokmässan i Gøteborg, 27.-30. september 2012 Her var jeg fast gjest i mange år før man startet med Raptus i Norge, og møtte mange store stjerner som Lee falk og Stan Lee.
    Bok och Bibliotek, Seriescenen


    Øyvind B    19. September 2012, 19:40    #
  3. Eg held på med å gå igjennom franske festivalar no (var ikkje klar over at der var så mange) og fann ut at der er ein eigen festival for teikneserieblogger og webcomix utanfor paris 29-30 September. Spesielt.


    Knut Robert Knutsen    20. September 2012, 23:18    #
  4. Eg har no kome opp i 34 festivalar og har framleis ca 20-30 å sortere igjennom frå Frankrike, Spania og Italia før eg kjem til Norden og Aust-Europa.

    Eg har byrja å setje det inn i eit skjema og tenkte at det kanskje var verdt å bruke enkle bokstavkodar for å gjere det enklare for folk å identifisere kva dei er ute etter.

    Til dømes: Er det Small Press Expo/ Breddefestival/ Mainstream/ Salsmesse/Fagretta etc.

    Inneheld det film, spel, utstillingar eller anna i tillegg. Er der faglege opplegg, er det akademisk eller for fans etc.

    Er det nokon som har forslag til ting som ein bør “merke” av på skjemaet som kan vere relevant? Det kan eventuelt endrast på i etterkant, men det er greiare om ein har hovudpoengene inne først. Eg har allereie notert meg at ein bør ha ei tallkode (1-9) for storleik.

    Til dømes ville kanskje ein festival med 10.000+ gjestar, utstillingar, small press expo, salsmesse og filmvisningar presenterast med koda 3UXSF.

    Nokon forslag? Viss eg har ei oversikt før eg ferdigstiller skjemaet så er det enklare å kode alt riktig frå starten.


    Knut Robert Knutsen    21. September 2012, 15:57    #
  5. Og så ein smakebit frå ein interessant festvial avvikla denne helga.

    http://www.bleedingcool.com/2012/09/23/an-hour-listening-to-alan-moore/


    Knut Robert Knutsen    23. September 2012, 19:54    #
  6. Nextcomics, Linz,østerike. I 2013 i mars,

    http://www.nextcomic.org/


    geir tore brenne    26. January 2013, 20:49    #
  7. Vienna comics, i østerrike, ser ut som de har seminar innimellom, neste gang i april. Nokså mainstream.

    http://www.viennacomix.com/


    geir tore brenne    26. January 2013, 20:56    #
  8. Oops. Eg hadde heilt gløymd denne tråden. Eg lagde ferdig i månadsskiftet september/oktober ei liste med ca 100 aktive europeiske teikneseriefestivalar og arrangement. Etter dato, i skjemaform og hotlinka. Eg trur ikkje desse to var på den endelege lista.

    Eg er ikkje sikker no på kvifor lista ikkje vart lagt ut, men eg trur det vart for tidkrevjande å kode den for vevside-format. Eller noko.

    Men sidan den ikkje kjem ut her så viss nokon ynskjer ein kopi så kan dei berre sende meg ein mail.

    Og viss det er nokon som veit korleis Wikipedia fungerer (der er eg litt grøn), så kan de gjerne legge den ut som ein wiki over teikneseriefestivalar på norsk wikipedia så kan ein heller crowdsource oppdateringar.


    Knut Robert Knutsen    26. January 2013, 22:05    #
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Trond Sätre (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
håkon strand (ROCKY NETTOPP NÅ – 100!!)
Jostein Hansen (TEGNESERIER SOM SAKPROSA)
IpComics (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Bjoulv (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Thomas Askjellerud (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Jostein Hansen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
Paul Andreas Jonassen (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)
arild (FANTOMET NETTOPP NÅ - DEN TOMME TRONEN)