ÅÅÅ, HJALMAR... ( 1.11.12 )
Hjalmar skifter bleier slik som berre heltar kan.

Serien Hjalmar har no fått sitt første album (som vi eigentleg har venta på sidan det vart kjend at Nils Axle Kanten hadde vunne Pondusprisen 2012).
Denne djupt lidande trebarnspappaen har her fått eit par lengre historier å boltre seg på, ein om å få ungane klare om morgonen og ein om å ta ungane med seg på hyttetur. Runda ut med ein del tidlege striper og ein to-siders artikkel der Magnus Ormaasen tek føre seg slike manne-mann heltar som James Bond, Lars Monsen og MacGyver (fortreffeleg karikert av Kanten) og konkluderer med at småbarnspappaer som Hjalmar er dei største heltane av dei alle.
Heile pakka er eit godt tilbod til Hjalmar-fans. Eg må innrømme at sjølv får eg ikkje så mykje ut av desse barne- og familieseriane men rett skal vere rett, mange elskar dei.
Hjalmar – Norges Tøffeste Tøffel!
Nils Axle Kanten
ISBN: 978-82-429-4852-6
36 Sider
59,90 kroner
Egmont Serieforlaget

HURRA FOR HEGE! <- Eldre | Nyere -> KRAKATOA!





Snill småbarnsfamiliehumor ligger utenfor sidenlinja av mitt (relativt brede) interessefelt også, men Hjalmar er ikke dårlig innenfor sin sjanger, og til og med jeg humret av enkelte striper her. Synes Ormaasens artikkel var god.
— Bodil Revhaug 3. November 2012, 19:45 #