KRAKATOA! ( 1.11.12 )
Lars og Steffen spriker så drøvelen synast.

Lars Fiske og Steffen Kverneland startar kalaset med å klage over at forrige Kanon (4) vart eit temanummer og at poenget jo var at dei skulle sleppe seg laus og ha litt av kvart med i Kanon-bøkene.
Så no tar dei att for det med å fylle opp Kanon 5 med mykje småplukk, sjølvbiografiske historier , personlege blødmer og tyleskap.
Mellom anna gir Fiske oss ei historie om korleis han utvikla sin stil og kven han vart inspirert av på vegen, samt om den gongen Charlton Heston filma i heimbygda. Dette er stilreint og engasjerande fortalt. Kverneland fortel oss om siviltenesten og den gangen han traff Chris Ware og vart råka av «bablande fanboy-syndromet» (den lidinga har eg vore ute for mange nok gonger til at eg kjende meg godt att i den). Rabulistisk og sjølvutleverande, dette er Kverneland på sitt beste.
Eg har tidlegare sagt at denne typen friske, personlege anekdotar for meg er sjølve livsnerven i Kanon-prosjektet og eg trur eg trygt kan seie at årets bok er eit nytt høgdepunkt. Ein kunne forvente at eit slikt prosjekt etterkvart skulle stagnere eller flate ut, men istaden så synast det som om dei får fleire strengar å spele på for kvar bok.
Munch-føljetongen fortsetjer med ein observasjon kring korleis Krakatoa-utbrotet påverka Munchs stil og ei historie om samanbrotet i venskapet med Strindberg. Ei ganske melankolsk historie som lesast som ei sluttnote. Eg er ikkje sikker på om dette er slutten, spørsmålet er då om Kanon 6 fortsetjer med ein annan sentral føljetong. Uansett ser eg fram til det.
Anbefalast på det varmaste.
Kanon 5
Av: Steffen Kverneland og Lars Fiske
ISBN: 978-82-8255-017-8
116 sider
260 kroner
No Comprendo Press

ÅÅÅ, HJALMAR... <- Eldre | Nyere -> MØRKE VISJONER





Flott melding! Interessant å sjå kor ulike syn KRK og Morten Harper har på denne boka. MH nemner nett dei tinga som du likar som mindre bra innslag.
— Arild 1. November 2012, 12:32 #
Hvem har anmeldt for NRK?
— Erle Marie Sørheim 1. November 2012, 12:42 #
Blandar du KRK og NRK no, Erle?
— Kyrre Matias Goksøyr 1. November 2012, 14:55 #
Jeg pleier også å digge de personlige anekdotene. Gleder meg til å lese denne.
— Bodil Revhaug 2. November 2012, 03:37 #
Kanon er min favorittutgivelse i Norge og Kanon 5 stod til forventningene. Likevel må jeg nok si at Kanon 4 fortsatt er min favoritt og jeg kommer nok aldri helt over at den ikke vant Sproingprisen. :)
Ellers så koster Kanon 5 260kr, ikke 335.
— Chris R 15. November 2012, 01:24 #
Du har rett. Sorry. Det er viktig å få med riktig pris, feil pris kan avskrekke lesarane.
— Knut Robert Knutsen 15. November 2012, 08:20 #
Takk for innspillet. Anmeldelsen er nå oppdatert med riktig pris.
— Kristian Hellesund 16. November 2012, 20:03 #