MØRKE VISJONER ( 2.11.12 )
Enno ein (nesten) stum krim av Max Estes.

Som teksten på baksida av boka seier, dette handlar om ein ung gut som går inn i ein gamal bokhandel og finner ei teikneserie-bok der han leser om seg sjølv (og så skjer mykje skummelt).
Gimmicken er velkjend og velbrukt, særskild i skrekk-seriar. Ein kjedereaksjon vert sett i gong som fører guten på flukt frå politiet og inn i verre og verre kniper.
Som sagt, velbrukt, og denne typen historier fungerer bra så lenge ein får lesaren med heile vegen og er forsiktig med å bygge opp historia sakte og grundig slik at dei usannsynlege elementa ikkje vert for sterke tidleg og lar lesaren sleppe av kroken.
For meg så er det nettopp det som skjer. Guten hamnar i konfrontasjon med ein mystisk mann om ein magisk amulett og nokon ropar på politiet og så løper guten. Der fell heile historia saman for meg, der er så mange kamelar å svelge i den scena at det seier stopp.
Elles, så med Det krokete sporet, så synast det som om Estes sin stil hadde lausna opp og han hadde fått meir fokus på historia. Fargane var klarare, strekane hadde meir liv i seg. Men her vert stilen stram, dyster og for fokusert på design igjen istadenfor historieforteljing.
Nattsyn er estetisk tiltalande i periodar, men for uklar på så mange måtar. Det største spørsmålet eg sit att med er «kvifor skal eg bry meg om denne hovudpersonen?».
Nattsyn
Max Estes
ISBN: 978-82-02-39042-6
72 sider
199 kroner
Cappelen Damm

KRAKATOA! <- Eldre | Nyere -> RIKT PROGRAM I PRAHA





Enig med anmelder: historien har noen svakheter underveis som svekker byggverket. Dessverre. Som design og grafisk fortelling fungerer den imidlertid veldig godt, og uhyggen, tempoet og desperasjonen er svært godt skildret. Man rives med i en nokså usannsynlig historie, men på samme måte som superheltserier er usannsynlige, så er det et krav at man må bry seg om hovedpersonene, ellers blir det bare en grafisk øvelse.
— Arild 2. November 2012, 12:29 #